Diagnose
Livmorhalskreft
Livmorhalskreft (cancer cervix) på eit tidleg stadium gir ofte ingen symptom, og blir som regel oppdaga når det blir tatt rutinemessig celleprøve frå livmorhalsen. Hos mange blir sjukdommen oppdaga tidleg, og i slike tilfelle er det gode moglegheiter for å bli frisk. Livmorhalskreft heng ofte saman med infeksjon med HPV-viruset. Livmorhalskreft blir primært behandla med operasjon, strålebehandling eller cellegift.
Symptom
Mistanke om livmorhalskreft oppstår ved følgande symptom:
- Blødingsforstyrringar
- Bløding etter samleie
- Underlivssmerter og / eller blodig utflod
- Synlege suspekte forandringar på livmorhalsen
Legen tilviser deg først til utgreiing. Årsaka til dette er at du har eit eller fleire av symptoma, eller at det er utført undersøkingar som gir mistanke om at det kan vere ein kreftsjukdom.
Tilvising og vurdering
Når fastlegen har grunn til mistanke om kreft skal du bli tilvist direkte til eit pakkeforløp for kreft. Eit pakkeforløp er eit standardisert pasientforløp som beskriv organiseringa av utgreiing og behandling, kommunikasjon/dialog med deg og dine pårørande, samt ansvarsplassering og konkrete forløpstider.
Pasientinformasjon om pakkeforløp (helsedirektoratet.no)
Forløpskoordinatoren sørgjer for å setje opp timane du skal ha i utgreiinga.
Utredning
I løpet av dette tidsrommet blir det gjort undersøkingar av deg for å avklare om du har kreft eller ikkje.
Kva undersøkingar som blir gjort vil variere, og vere avhengig av kva undersøkingar som er utført før du kjem til vidare utgreiing. Det blir ofte tatt blodprøver og røntgenundersøkingar som ledd i utgreiinga. Svar på vevsprøve vil gje endeleg diagnose.
Når resultata frå undersøkingane og prøvene er klare, vil det som oftast kunne avklarast om du har kreft eller ikkje. Avgjerd om diagnose blir tatt. Har du ikkje kreft, blir pakkeforløpet avslutta.
Pasientinformasjon - Utgreiing ved mistanke om livmorhalskreft (helsedirektoratet.no).
Undersøkingar som kan vere ein del av di utgreiing
Les om
I enkelte tilfelle vil det også vere nødvendig å gjere ein PET-CT-undersøking, ei bildeundersøking med sporstoff.
I tillegg blir det gjort ei kartlegging av anna sjukdom som får betydning for gjennomføring av behandling. Det kan for eksempel vere undersøking av hjarte/lungefunksjon.
For nokre kvinnar vil undersøkingane avkrefte mistanke om kreft.
Pakkeforløp heim
Alle pasientar som får ein kreftdiagnose, blir inkludert i pakkeforløp heim for pasientar med kreft. Gjennom pakkeforløpet går vi gjennom dei individuelle behova dine for tenester og oppfølging utover sjølve kreftbehandlinga.
Behandling
Om du har kreft, planleggjast no kva behandling som er best for deg. Avgjerda om di behandling blir tatt i samråd med deg, vanlegvis basert på vurdering i eit tverrfagleg team-møte.
Samval inneber at du mottek informasjon om fordelar og ulemper ved dei ulike alternativa. Så kan du saman med helsepersonell sjå desse opp mot kvarandre, ut ifrå kva som er viktig for deg.
Her er tre spørsmål du kan stille din behandlar:
- Kva alternativ har eg?
- Kva fordelar og ulemper er moglege ved desse alternativa?
- Kor sannsynleg er det at eg vil oppleve nokre av desse?
For pasientar med livmorhalskreft vil som regel behandlinga vere operasjon, cellegift eller strålebehandling åleine eller i kombinasjon.
Kva slags behandling du skal ha, blir bestemt av kva stadium sjukdommen er i og kor stor svulsten er. I nokre få tilfelle blir det tilbydd operasjon, men som oftast får du tilbod om stråling og cellegift samtidig.
Cellegift blir gitt til nokre pasientar når svulsten er stor, og der vi trur han kan reduserast med cellegift - for så å bli fjerna ved operasjon.
Behandling med kirurgi
Kva type kirurgi som blir valt er avhengig av kva sjukdommens stadium, og om du har ønske om barn eller ikkje:
- Konisering
- Fjerning av livmor og livmorhalsen (enkel hysterektomi)
- Fjerning av livmor, livmorhalsen og støttevev omkring, samt øvre del av skjeden (radikal hysterektomi)
- Fertilitetsbevarande operasjon - fjerning av livmorhals med bevaring av livmor
- Fjerning av lymfeknutar i bekkenet
Livmorhalskreft som ikkje er i eit tidleg stadium behandlast med strålebehandling. Dette blir då som regel gitt i kombinasjon med cellegift. Når du får cellegift saman med strålebehandling, aukar effekten av strålebehandlinga. Strålebehandlinga blir vanlegvis gitt først som «vanleg utvendig stråling», deretter gir ein gjerne 4 dosar med innvendig stråling, brachyterapi.
Lindrande behandling
Ved langt komen kreft der sjukdommen ikkje kan lækjast finst det no ei rekkje moglegheiter til både livsforlengande behandling og god symptomførebyggjing og symptomlindring.
Mange pasientar kan leve bra i årevis med kreft som har spreidd seg, og mange døyr av heilt andre årsakar.
Kliniske studiar
4 kliniske studiar er opne for rekruttering. Saman med legen din kan du vurdere om ein klinisk studie er aktuell for deg.
- Bedre ernæring til pasienter med livmorhals-, lunge- eller tarmkreft
- Strålebehandling mot livmorhalskreft
- IMPRESS Norway
- Kreft: Sikkerhet og toleranse av pembrolizumab (MK-3475-158) for pasienter med fremskredne solide kreftsvulster
Oppfølging
Etter behandlinga er det vanleg å bli fulgt opp med kontrollar:
- Første 2 år: Kontroll kvar 3. månad
- Fra 3. til og med 5. år: Kontroll kvar 6. månad
- Etter 5 år: Kontroll årleg
Rehabilitering og meistring ved kreftsjukdom
Det finst ei rekkje tilbod som kan vere til hjelp for å kome tilbake til kvardagen under og etter kreftsjukdom. Derfor er det viktig å tenkje rehabilitering og meistring av sjukdommen heilt frå sjukdomsstart og begynnelsen av behandlinga. Målet er å kunne fungere og leve med eller etter kreftsjukdom, med so god livskvalitet som mogleg.
Kontakt
Glasblokkene
Gynekologisk avdeling
Oppmøtestad
Glasblokkene, Blokk 6
Glasblokkene
Haukelandsbakken 1
5021 Bergen