Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Induksjon (igangsetjing av fødsel)

Induksjon (igangsetjing av fødselen) blir alltid gjord på bakgrunn av ei grundig vurdering, og blir berre tilrådd når dette blir vurdert som den beste behandlinga for mor og/eller barn.

Utgangspunktet for all fødselshjelp er å leggje til rette for eit best mogleg utfall for mor og barn. At fødselen startar av seg sjølv rundt termin (mellom svangerskapsveke 37 og 42), er vanlegvis det som gir enklast fødselsforløp.

Av og til oppstår det tilstandar i svangerskapet som gjer det nødvendig å setje i gang fødselen før den startar av seg sjølv, for å unngå mogelege alvorlege komplikasjonar for mor og/eller barn.

Dei vanlegaste årsakene til dette er høgt blodtrykk/svangerskapsforgifting, diabetes/svangerskapsdiabetes, og langsam fostervekst (lite barn). Alder over 38 år (ved nokre fødeavdelingar er dette sett til 39 år) er også medverkande. I tillegg tilrår vi igangsetjing til alle som ikkje har fødd 11 dagar etter ultralydtermin (42 veker).

Kor lang tid tek det?

Det er vanskeleg å vite kor lang tid ein induksjon vil ta. Om fødselen din blir sett i gang, bør du innstille deg på at det kan ta tid før fødselen startar og du føder. For nokre kvinner kan det ta fleire dagar, medan for andre går det raskare. Faktorar som speler inn er mellom anna talet på svangerskapsveker ved tidspunktet for igangsetjing, om du har fødd tidlegare, allereie starta med rier, eller om fostervatnet har gått.

Tilvising og vurdering

Du må alltid ha tilvising frå fastlege eller jordmor i primærhelsetenesta for å bli vurdert ved fødeavdelinga om fødselen bør setjast i gang. Ved akutte situasjonar kan du kontakte fødeavdelinga direkte. Om mogleg – ring alltid til fødeavdelinga før du dreg.

Før

Trivselskontroll veke 41

Alle gravide får tilbod om trivselskontroll på svangerskapspoliklinikken. Denne blir utført 4–7 dagar etter ultralydtermin dersom du elles er utan risiko, og tidlegare dersom du har noko høgare risiko (høg BMI, tidlegare lite barn, IVF eller liknande).

Jordmor på helsestasjonen tilviser til denne kontrollen. Trivselskontrollen kan avtalast til første yrkedag som er praktisk å gjennomføre, for kvinna og sjukehuset.

Ved nokre fødeavdelingar kan trivselskontroll utførast noko seinare (41+0 til 41+3 dagar).

Trivselskontrollen er ein utvida svangerskapskontroll. Hugs å ta med deg «Helsekort for gravide» og andre papir du har fått av jordmor/lege til kontrollar. Dette er viktig for at vi skal få ei oversikt over korleis svangerskapet har vore. Dei undersøkingane vi gjer på kontrollen, blir ført på helsekortet.

I tillegg til dei vanlege undersøkingane som blir gjorde på ein svangerskapskontroll gjer vi følgjande undersøkingar:

  • Ultralydundersøking for å sjå på storleiken på fosteret, fosterrørsler og mengda av fostervatn.

På nokre sjukehus blir det også utført:

  • CTG-registrering der ein registrerer hjartelyd, samantrekkingane til livmora og fosterrørsla. Registreringa tek omtrent 30 minutt.
  • Vaginalundersøking for å vurdere lengda, fastleiken og opninga til livmorhalsen

Dei aller fleste dreg heim etter den første terminkontrollen med ny avtale/time til andre terminkontroll – overtidskontroll. For dei fleste vil fødselen starte av seg sjølv før overtidskontrollen.  

Overtidskontroll (> 42 veker)

Om du ikkje føder innan svangerskapsveke 42, vil jordmor/lege som følgjer deg i svangerskapet informere deg om når og kvar du skal til overtidsvurdering.

 

På overtidskontrollen blir det utført vaginalundersøking for å vurdere lengda, fastleiken og opninga til livmorhalsen. Det kan også bli utført CTG.

Kva metode som blir vald for å setje i gang fødselen din, avheng av resultata frå undersøkingane.

 

Under

Ulike metodar for induksjon av fødsel

Under graviditeten er livmorhalsen fast og fleire centimeter lang. Etter kvart som du nærmar deg fødselen, vil livmorhalsen bli mjukare og kortare, og han byrjar å opne seg.

Det er ulike metodar som kan brukast for å setje i gang ein fødsel. Kva metode som er best for deg blir avgjord av lege eller jordmor. Modningsgrada av livmorhalsen er med på å bestemme kva induksjonsmetode som blir brukt. Lege og jordmor vurderer modningsgrada av livmorhalsen (Bishop skår) før og under induksjonen for å avgjere framgang.

Umoden livmorhals/mormunn. Illustrasjon
Illustrasjonen viser ein umoden livmorhals. Livmorhalsen er fast, lang, og lukka. Slik er det vanlegvis før fødselen startar.

 

Moden livmorhals/mormunn. Illustrasjon
Illustrasjonen viser ein moden livmorhals der hovudet til fosteret står og pressar mot livmorhalsen som er flata ut og har byrja å opne seg.

Er livmorhalsen umoden, er formålet med dei første tiltaka å modne denne. Om livmorhalsen er moden, vel vi tiltak for å få i gang rier.

Eit ballongkateter er eit gummikateter med ein ballong i enden.

Kva skjer under behandlinga?

Legen fører kateteret inn i livmora gjennom skjede og livmorhals. Du må liggje med beina i beinbehaldarar medan kateteret blir sett på plass. Når kateteret er på plass, blir ballongen/ballongane fylte med sterilt saltvatn slik at den/dei utvidar seg og trykkjer på livmorhalsen. Denne er ikkje til hinder for vanleg aktivitet som rørsle, dusj og toalettbesøk. Det er vanleg at det kjem utflod blanda med litt friskt blod frå skjeden etter at kateteret er sett på plass.

Korleis verkar kateteret?

Irritasjon og trykk frå ballongen mot livmorhalsen fører til at prostaglandsin blir frigjort. Prostaglandin er med på å modne livmorhalsen.

Kateter med sterilt saltvann i livmorhalsen. Illustrasjon.

Korleis opplever du behandlinga?

Kort tid etter at kateteret er sett inn, kan du oppleve modningsrier i livmora (menstruasjonsliknande smerter). Desse smertene varierer i intensitet og styrke og er som oftast forbigåande. Hos nokon vil desse gå over til rier og føre til fødsel.

Dei fleste kan reise heim etter at kateteret er sett på plass. Når du dreg, får du ein avtale om når og kvar du skal komme tilbake til vidare behandling. Om det er tilstandar hos deg eller fosteret som treng ekstra overvaking, vil innlegging bli vurdert av legen.

Kateteret blir som regel liggjande til neste morgon. Du skal kontakte avdelinga dersom kateteret fell ut, vatnet går, du byrjar å blø, får feber, dersom det er mindre fosterrørsler enn vanleg eller anna bekymring.

Målet med denne behandlinga er å modne livmorhalsen og stimulere til rier. Prostaglandin blir framstilt syntetisk, og blir brukt for å oppnå denne effekten. Det blir gitt i form av ei stikkpille/ein kapsel som blir lagd inn i skjeden eller det kan bli gitt som ein tablett som du svelgjer.

Kva skjer under behandlinga?

Ved denne behandlinga er du innlagd på sjukehus eller du får tilbod om å vere heime. Dersom du fullfører behandlinga heime, får du med deg tablettar eller kapslar og ein grundig informasjon om korleis du skal ta dei og når du skal ha kontakt med sjukehuset igjen.

Før behandlinga startar, vil lækje/jordmor vurdere kor moden livmorhalsen er.

Det vil bli teke ei CTG-registrering som vidar hjarteslaget til barnet og samantrekkingane til livmora før behandlinga startar.

CTG-overvaking av barn i mors mage. Foto

CTG-overvaking av barn i mors mage. Foto: Haukeland universitetssjukehus

Når prostaglandin blir gitt som kapsel i skjeden, fører lege eller jordmor denne langt inn i skjeden. Du får ein ny kapsel kvar 4–6. time inntil du får fødselsrier eller livmorhalsen er så moden at vatnet kan takast, maks 8 kapslar.

På nokre sjukehus blir prostaglandin gitt i tablettar som blir svelgde. I eit standard forløp blir 1 tablett teken kvar 2. time eller 2 tablettar kvar 4. time, til du får rier. Maks 8 tablettar per døgn og maks 16 tablettar totale. Etter individuell forsvarlegvurdering er det på nokre sjukehus innførte at ein kan vere heime når desse tablettane blir tekne.

Nokre kvinner får hyppige, plagsame kynnere/samantrekkingar av livmora i utan at fødselsriene kjem i gang.

Om du får rier/samantrekkingar, vil styrkje og hyppigheita på riene vurderast fortløpande. Om ikkje samantrekkingane fører til opning av livmorhalsen, har samantrekkingane likevel ein viktig funksjon for modning av livmorhalsen.  

Smertelindring i tida før du går i aktiv fødsel

Ballongkateter og prostaglandin kan gi menstruasjonsmurring og modningsrier. Modningsrier er ofte uregelmessige, både i intensitet og i hyppigheit. Det kan opplevast smertefullt i periodar og du kan oppleve at du blir sliten. Det er nokre tiltak som kan lindre. Det kan til dømes vere varmeflaske eller ein varm dusj, massasje frå partnar, fokus på pust og avspenningsteknikkar. Paracet eller sterkare smertestillande kan vere aktuelt i samråd med jordmor/lækje. Å jobbe medvite for å handtere modningsriene i denne perioden, kan vere ei fin førebuing til fødsel.

Stikke hol på fosterhinna – ta fostervatnet – amniotomi

Når livmorhalsen har byrja å opne seg, vil jordmor eller lege stikke hol på fosterhinna med ein plastkrok gjennom skjeden – amniotomi. Det er ikkje smertefullt for deg eller fosteret. Du får då vassavgang som stimulerer rier.

Dersom riene ikkje blir sterkare og regelmessige i løpet av 2–3 timar etter at vatnet er teke, blir starta eit riestimulerende drypp med Oxytocin. Dette vil påverke livmora til å trekkje seg saman og etablere rier.

Kva skjer under behandlinga?

Jordmora legg inn ein venekanyle i ei av blodårane oppå handa di. Venekanyle er eit tynt plastrøyr som blir liggjande inne i blodåra, og medisinen blir gitt via denne. Slangen blir festa godt med plaster, og du kan bruke handa som vanleg under fødselen.

Dosen blir vurdert og justert fortløpande. Når fødselen blir sett i gang med drypp, blir du kopla til eit CTG-apparat som registrerer hjarteslag hos fosteret og rier.

I nokre tilfelle kjem ikkje riene i gang sjølv om du får drypp. Du kan få samantrekkingar som ikkje får mormunnen til å opne seg eller ikkje får fødselsprosessen til å gå framover. Det kan då vere aktuelt å ta ein pause, før ein igjen set i verk induksjonstiltak. Erfaring viser at ein slik pause er gunstig, og at fødselen kan komme i gang når behandlinga startar igjen.

Plastkrok blir nytta for å

 

CTG-registrering av fosterets hjartelyd, aktivitet og bevegelsar. Foto

I nokre tilfelle kjem ikkje riene i gang sjølv om du får drypp. Du kan få samantrekkingar som ikkje får mormunnen til å opne seg eller ikkje får fødselsprosessen til å gå framover. Det kan då vere aktuelt å ta ein pause, før ein igjen set i verk induksjonstiltak. Erfaring viser at ein slik pause er gunstig, og at fødselen kan komme i gang når behandlinga startar igjen.

Etter

Det kan altså ta fleire dagar frå  induksjonen startar og til fødselen er i gang, men når riene og fødselen har starta vil den som oftast gå ukomplisert. Det kan opplevast som at ein har hatt ein lang fødsel når ein er sett i gang.

Om fødselen ikkje startar

Om induksjon av fødselen ikkje fører fram, eller din og/eller tilstanden til fosteret krev forløysing, vil legen vurdere om det skal gjerast keisarsnitt.

Når vi set i gang fødselen vil du og barnet bli tett følgt opp av jordmor og lege. Undersøkingar og vurderingar vil avgjere den vidare behandlinga. Planen for behandling kan bli endra undervegs. Av og til er det nødvendig og rett å utsetje den planlagde behandlinga. Det kan vere din situasjon, tid på døgnet (natt) eller omsyn til drift som gjer at ei slik avgjerd blir teken.

Er du usikker eller ikkje har forstått planen for behandling, må du snakke med jordmor eller lege. Før du eventuelt reiser heim, vil du alltid få ein avtale om ny kontroll og kvar du skal ta kontakt om situasjonen din endrar seg.

Det er likevel viktig å understreke at ingen som er i aktiv fødsel blir sendt heim frå sjukehuset.

Kontakt

Voss sjukehus Føde- og gynekologisk avdeling Voss

Kontakt Føde- og gynekologisk avdeling Voss

Voss sjukehus

Sjukehusvegen 16

5704 Voss

Transport

Reisetid til Voss frå:

  • Bergen med bil, ca. 1 t 30 min.
  • Flesland med bil, ca. 1 t 45 min.
  • Stavanger med bil, ca 6 t 30 min.
  • Oslo med bil, ca 6t 30min

​​Kjem du frå Hardanger eller Sogn, er buss ein alternativ reisemåte:

Det går buss frå sentrum til sjukehuset. Rute 965 stoggar ved sjukehuset og Rute 964 stoggar i Ringheimsvegen, nokre minutt gåtid frå sjukehuset. For nærare informasjon om rutetider, sjå Skyss sin ruteplanleggar  for rutene 964 Ringebuss Skjerpe/Sivlevegen og 965 Sentrumsringen. 

​​Det er parkeringsavgift på sjukehusområdet måndag – fredag mellom kl 09.00-17.00.

Prisar 

Kr 15 ,- pr. time og kr 40,- pr. døgn. Langtidsparkering inntil 7 døgn er mogleg. 
Du kan betale med kort, kontant eller mobil.

Sjukehuset har ikkje tilbod om lading av el-bilar for pasientar. Ladestasjonar finn ein i sentrum og ved Tinghuset, i parkeringshuset Vossapark og i Strandavegen .  

​​Voss Taxi
Telefon ​56 51 13 40​

Bergensbanen ved Voss sentrum, og det går hyppig tog mellom Voss og Bergen. 

Reisetid til Voss frå: 

  • Bergen med tog, ca 1t og 20 min​
  • Oslo med tog, ca. 5 t 30 min.

Informasjon om togtider finn du på Vy sine nettsider​

Praktisk informasjon

Kontakt personalet dersom du kjem utanom visittid eller vedkommande pasient er isolert. Nokre viktige hugsereglar:

  • Ta ikkje med potteplantar til pasientar.
  • Unngå å sitje på sengekanten, bruk stol.
  • Vær nøye med hygiene, vi tilrår vask av hendene etter besøk hjå inneliggjande pasientar.

​​​Generell besøkstid
​15.00 - 16.00 og 18.00 - 19.00

Intensivavdeling
​Vend dykk i vaktrommet for avtale om besøk​

Føde-/barselavdelinga

Gje mor, partnar og dei nyfødde borna ro

Dei aller fyrste dagane med den nyfødde er det viktig at familien får mest mogleg ro og kvile. Dette for å bli godt kjend med kvarandre samt at mor skal får nok ro og tid til å kome godt i gang med amminga. Me anbefalar også at den fyrste tida heime vert avgrensa til dei aller nærmaste.
Partner/ ledsager / den eine nærmaste pårørande er velkomen til barselavdelinga på dagtid mellom 09 og 20. Dersom mor ligg på rom saman med ei anna barselkvinne er det fint at dei vert einige seg i mellom i forhold til besøk slik at det også vert rom for ro og kvile.

For andre besøkande tillet me kun besøk av den nyfødde sine sysken mellom 17.00-18.30.

Her finn du litt informasjon om kven du vil møte, og litt om kva reglar som gjeld for deg som pasient når du er innlagt på sjukehus.

​​Pasientar som blir innlagt for øyeblikkeleg hjelp har ikkje moglegheit til å planlegge sjukehusopphaldet. Men dersom du mottar innkalling på førehand, kan det vere greit å førebu seg litt.

Personalet har namneskilt med tittel, slik at du skal kunne sjå kva yrkesgruppe kvar enkelt tilhøyrer. Du kan sjølvsagt også spørje vedkomande direkte viss du er i tvil om kven du møter. Her er ei liste over dei yrkesgruppene du vanlegvis vil møte på sjukehuset:
​​​

  • Lege ​og sjukepleiar har hovudansvaret for deg når du er innlagt på sjukehus​
  • ​Bioingeniør kjem til avdelinga kvar morgon for å ta blodprøvar eller andre prøvar
  • Radiograf førebur og utfører CT-, MR- og røntgenundersøkingar av deg på Radiologisk avdeling.
  • Fysioterapeut hjelper deg med å førebygge funksjonsvanskar som følge av for eksempel operasjonar. Kan også hjelpe deg med å få tilbake tapt bevegelsesevne, eller til å lære deg å leve vidare med endra funksjonsnivå.
  • Ergoterapeut hjelper deg med å fungere best mogleg i dagleglivet etter skade og sjukdom, og legg til rette praktisk hjelp.
  • Sosionom gir deg informasjon om forskjellige hjelpetiltak og kan formidle kontakt med aktuelle instansar, for eksempel helse- og sosialetaten eller pasientombodet.
  • Klinisk ernæringsfysiolog hjelper deg å leggje om kosthaldet dersom nødvendig.
  • ​Studentar og spesialistkandidatar. Voss sjukehus er ein del av Haukeland universitetssjukehus, som årleg utdannar eit par tusen helsearbeidarar. Det betyr at studentar og spesialistkandidatar av og til er med i samband med undersøkingar, pleie og behandling under opphaldet. Dette ber vi deg vere merksam på og ha forståing for.

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.