eBehandling
Depresjon - veileda internettbehandling
Depresjon er ein av dei vanlegaste psykiske lidingane. Den er kjenneteikna ved sterk og vedvarande nedstemthet, mindre interesse for og glede av ting ein vanlegvis likar og energitap som går ut over fungering i kvardagen.
Symptom på depresjon
Andre symptom på depresjon er problem med å sove, eller for mykje søvn, vanskar med å konsentrere seg eller å ta avgjersler, låg sjølvtillit, anten lite matlyst eller auka appetitt, grunnlaus skuldkjensle, kjensle av å være enten «gira» eller at alt går sakte, sjølvmordstankar, irritasjon, tendensar til å engste seg.
Ein vil kunne oppleve ulike kombinasjonar av desse symptoma, og det vil også variere kor mange plager ein har. Styrken varierar frå milde symptom til alvorleg depresjon med sjølvmordsfare, noko som vil ha betydning for hjelpetiltak. eBehandling behandlar mild og moderat depresjon.
Depresjon har god prognose og dei fleste vert heilt friske. Dei mest brukte psykologiske metodane i behandling av depresjon hjå vaksne er psykodynamisk terapi, kognitiv atferdsterapi og interpersonleg terapi.
eBehandling
eBehandling behandlar depresjon med kognitiv atferdsterapi. Denne terapiforma tek utgangspunkt i situasjonen her og nå, og har som mål at den som er i terapi skal lære kva som skapar depresjon og korleis ein kan bryte ut av den. Dette vert gjort gjennom arbeid med tankane våre og korleis vi handlar i kvardagen.
Les meir om depresjon og kognitiv atferdsterapi på kognitiv.no
Behandling via internett
Behandlinga i eBehandling føregår via internett. I staden for å møte opp for å motta terapi ansikt til ansikt ved ditt lokale distriktspsykiatriske senter (DPS), kan du som går i behandling logge deg inn på våre nettsider når og kvar det passar. Alle som mottek behandling i eBehandling får oppfølging av en terapeut kvar veke. Oppfølginga skjer skriftleg i behandlingsprogrammet.
Behandling for depresjon i eBehandling varer i 12 veker, og består av 8 kapittel. Kvart kapittel inneheld lesestoff, øvingar og spørjeskjema.
- Lesestoffet gjev informasjon om korleis det å være deprimert påverkar oss, og kva vi kan gjere for å bryte ut av depresjonen.
- Øvingane hjelper den som mottek behandling å finne fram til kva som er nyttig for seg sjølv, og gjev opplæring i teknikkar som ein trenar på gjennom behandlinga.
- Spørjeskjemaa måler symptom på depresjon, og vert brukt for å sikre at behandlinga fungerer.
Behandlinga i eBehandling har same innhold som kognitiv atferdsterapi gitt ansikt til ansikt. Behandlinga er undersøkt i fleire studiar både i Noreg og i utlandet. Metoden eBehandling nyttar kallest “rettleidd internettbehandling” og har vore gjennom ein metodevurdering der den samla forskinga er gjennomgått av Folkehelseinstituttet.
Terapeutveiledet internettbehandling ved psykiske lidelser – en fullstendig metodevurdering (fhi.no)
Tilvising og vurdering
Det er fleire måtar å søke om behandling i eBehandling:
- Er du allereie i behandling i poliklinikk ved ditt lokale DPS ynskjer vi at du drøftar tilvisning til eBehandling med behandlaren din og søker i samarbeid med han eller ho.
- Er du ikkje i behandling for psykiske vanskar, kan du ta kontakt med fastlegen din og be om tilvising til oss. Be om at legen skriv at du ynskjer eBehandling i tilvisinga. Andre legar eller psykologar kan også tilvise til
For pasientar i Bergen, Stavanger, Fonna, Førde og Nidaros:
Du som bur ein stad tilknytta Helse Bergen, Helse Fonna, Helse Førde, Helse Stavanger eller Nidaros DPS kan ta direkte kontakt med eBehandling utan tilvising. Dette gjer du ved å trykke på linken Søknad om eBehandling på våre heimesider. Denne linken fører deg til helsenorge.no, der du skal fylle ut eit skjema. Når du sender inn dette skjemaet blir det sendt direkte til eBehandling. Du vil motta svar når søknaden din om behandling er vurdert.
Svar på tilvising
Du får svar frå eBehandling i brev eller på helsenorge.no. Svar på helsenorge vert varsla med SMS til telefonen din. I svaret kan du lese om vurderinga som er gjord, kva som skjer vidare og om rettane dine. Dersom vi vurderer at behandlinga ikkje er relevant for deg, blir du anbefalt å kontakte den som har tilvist deg, eller søke andre behandlingstilbod. Fastlegen din vert i begge tilfelle informert om at du har vore i kontakt med oss.
Før
Dersom vi vurderar at du kan ha nytte av eit behandlingstilbud hjå eBehandling, vil du bli innkalt til ein vurderingstime. Som standard vert denne timen gjennomført ansikt til ansikt, men det er også mogleg å gjennomføre timen som videokonsultasjon. Du får meir informasjon om dette i svarbrevet.
Målet med vurderingstimen er å gjennomføre ei utgreiing av vanskane dine, og å gje informasjon om behandlinga. Utgreiing er ein del av all behandling i spesialisthelsetenesta og innebærer ei kartlegging av symptoma dine, viktige livshendingar og livssituasjonen din i dag. Utgreiinga vert gjort for å sikre at dei menneska som ønsker hjelp får ei behandling som passar.
Før vurderingstime
Før du møter til vurderingstime anbefalar vi at du besøker sjukehuset sine nettsider for å lære meir om eBehandling. Det første kapittelet i eBehandling er tilgjengeleg for alle, og vil gje deg eit godt inntrykk av om behandlinga passer for deg. Vi anbefalar deg å lese dette før vurderingstimen.
Fleire av sjukehusa som tilbyr eBehandling nyttar også ei «pre-kartlegging» via internett før du møter til vurderingstimen. Om dette er aktuelt for deg vil du motta informasjon om denne og ein SMS med link til kartlegginga ca éi veke før vurderingstimen.
I vurderingstimen
I vurderingstimen vil du bli møtt av ein behandlar i eBehandling. Behandlaren vil stille deg spørsmål om vanskane dine og livet ditt for å best mogleg forstå korleis vanskane dine artar seg. Du kan stille spørsmål om behandlinga og de vil saman vurdere kva som er den beste løysinga for deg.
Har du spørsmål om sikkerhet eller anna tilknytta eBehandlingsprogramma ta kontakt med oss på epost eBehandling@helse-bergen.no eller tlf. 56 34 32 50
Under
Behandlingsprogram på nett
Dersom vi vurderer at tilbodet eignar seg for deg, får du tilsendt innloggingsinformasjon til vår behandlingsplattform på nett, slik at du kan starte behandling i eBehandling. Du loggar deg på behandlinga med BankId.
Arbeidet i eBehandling er stegvis. Når du er ferdig med eitt kapittel vil du få tilgang til det neste. Behandlaren din vil følge deg opp kvar veke gjennom meldingar i programmet. Du kan skrive til behandlaren din når det passar for deg, og saman arbeidar de om å finne dei beste tiltaka for deg.
Skriftleg tilbakemelding
I eBehandling arbeider du saman med behandlaren din via tekst. Det betyr at du skriv ned korleis det har gått med ulike øvingar og sender dine refleksjonar og spørsmål til behandlaren din. Behandlaren les gjennom og sender deg tilbakemelding og rettleier deg gjennom behandlingsprogrammet. Oppfølginga frå behandlaren skal hjelpe deg ved å gi støtte i vanskelege situasjonar, motivasjon i arbeidet, og til å finne gode løysingar som passar din situasjon.
Behandlaren vil også hjelpe deg med å skape framgang i arbeidet og utforske korleis du møter kvardagen din. Dette kan innebere at du får konstruktive tilbakemeldinger om korleis du kan møte vanskane dine på nye måtar, slik at du kan få endå meir ut av øvingane og sikrar at du får mest mogleg ut av behandlinga.
Den terapeutiske alliansen
Den terapeutiske alliansen er avgjerande for ein god effekt av behandlinga. I dette omgrepet ligg opplevinga av at du og din behandlar er einig om målet med behandlinga, korleis de skal nå dette målet, og at du føler deg sett, respektert, forstått og støtta. Forsking har gjentatte gongar vist at dess sterkare den terapeutiske alliansen er, dess betre er utfallet av behandlinga. I eBehandling er vi opptatt av å skape ein god og sterk allianse, sjølv om den ikkje foregår i det tradisjonelle terapirommet. Vi verner om å skape gode, forutsigbare og validerande rammer, som kan vere medverkande til at du tek ei aktiv rolle i behandlingsprogrammet og kan føle deg trygg på å sette ord på det som er vanskelig, det du har lyst å unngå og be om hjelp til det du trenge støtte til. Dess meir åpen og deltakande du er, dess større sjanse for at din terapeut kan sjå og forstå og imøtekome dine behov innan dei rammene behandlinga set.
Inkluder dei næraste
Vår erfaring viser at dei som inkluderer sine næraste i behandlinga, kan ha lettare for å arbeide seg gjennom utfordringane, særleg dersom ein opplever motløyse eller dalande motivasjon. Det kan difor vere ei god hjelp å fortelje og å vise kva du arbeider med i behandlinga, til dine pårørande eller ein nær ven.
Øving og trening
Den viktigaste delen av behandlinga er øvingane og treninga på desse. Dette arbeidet skjer ikkje inne på nettsidene til eBehandling, men i kvardagen din. Øvingane kan verte tilpassa dine vanskar og har som mål at du lærer nye måtar å møte vanskelege situasjonar på. For å få mest mogleg ut av behandlinga er det jamn trening på øvingane som gjeld. Vi anbefaler at du bruker øvingane og teknikkane du lærer, minst éin time kvar dag.
Behandlinga for depresjon inneheld desse delane:
- informasjon om depresjon
- å kome igang med nye rutinar i kvardagen
- å handtere negative tankar
- utfordringar med å kome igang med nye rutinar
- om angst
- korleis handtere stress i livet
- om einsemd og sjølvkjensle
- å vedlikehalde endring og legge ein plan for framtida
Du kan lese meir om tilbodet vårt på vår heimeside. eBehandling
Her kan du også lese 1. modul i kvart av behandlingsprogramma våre - desse finn du under fanen Behandlingsprogramma.
Etter
Når behandlinga er fullført, vil du få tilbod om ein samtale med behandlaren din. Oppfølginga i programmet vert avslutta, men du vil ha tilgang til alt innhaldet i behandlinga i 6 månedar. Du kan laste ned og skrive ut innholdet om du ynskjer det.
Kontakt
Tertnesveien 37
eBehandling
Oppmøtestad
3. etasje i Møllendalsbakken 9
Tertnesveien 37
Tertnesveien 37