Behandling
Ankelbrudd, behandling med gips, nynorsk
Stabile ankelbrot kan behandlast med gips. Gipsbehandlinga varer totalt i 6 veker.
Ankelbrot er ein vanleg type brot som gjerne oppstår ved uhell kor ankelen blir vridd. Vi vurderer røntgenbilde og skademekanisme for å bestemme om brotet er stabilt eller ustabilt. Viss brotet er stabilt, kan vi legge på gips.
Tilvising og vurdering
Dette skjer vanlegvis etter røntgenundersøking på Skadepoliklinikken i Bergen helsehus.
Før
Gipsen blir lagt på så snart du har fått diagnosen ankelbrot. Dette skjer vanlegvis etter røntgenundersøking.
Under
I første omgang legg vi på «halv» gips (laske) med støttebandasje. Slik blir det ikkje for trangt inni gipsen dersom ankelen skulle hovne meir opp. Hevelse i ankelen er forventa etter ankelbrot. Det kan hjelpe å halde foten høgt, ha på gips med støttebandasje og legge på is for å få ned hevelsen. Du må bruke krykker fram til neste kontroll.
Etter 7-12 dagar tar vi eit nytt røntgenbilde for kontoroll. Her ser vi om alt ser greitt ut og legg på ny gips som går rundt heile foten, såkalla sirkulær gips. Denne gipsen er ofte laga av eit syntetisk materiale. Du må bruke krykker vidare fram til neste kontroll. Dersom brotet er av ein spesielt stabil type, kan du få gågips eller støttebandasje i staden for sirkulær gips. Då kan du gå på foten utan å bruke krykker.
Etter
Etter omtrent 6 veker tar vi nytt røntgenbilete. Hvis dette ser greit ut, kan gipsen bli fjern og du kan starte opptrening med fysioterapeut. Belastninga kan vli auka gradvis, og til slutt kan du kaste krykkene. Til slutt kan du belaste foten fullt, og du treng ikkje lenger krykker.
Informasjon fra fysioterapeut
Kontakt
Bergen helsehus
Skadepoliklinikken i Bergen helsehus
Oppmøtestad
Skadepoliklinikken held til i Bergen helsehus i Solheimsviken, saman med allmennlegevakta til Bergen kommune, Bergen legevakt.
Opningstider:
Brot og røntgen kl. 08.30-22.15 alle dagar.
Såravdelinga kl. 08.30-22.15 alle dagar.
Fysioterapi kl. 08.30-15.30 måndag-fredag, stengt i helg- og høgtidsdagar.
Bergen helsehus
Solheimsgaten 9
5058 Bergen