Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
Mal for tilvising til TSB
Ei god tilvising er viktig for å kunne gjere ei rask og god vurdering.For allmennlegane kan det vere viktig å merke seg at tilvisinga ofte blir meir utfyllande, dersom den blir skriven i samarbeid med sosialkontoret eller NAV. Eit lokalt samarbeid mellom NAV og fastlege vil også vere ein god start på førebuing av tiltak etter at pasienten har vore til behandling i spesialisthelsetenesta.
TSB omfattar tilbod om døgnbehandling, dagbehandling, ambulantbehandling og polikliniske tenestar. Tilvisinga skal danne grunnlaget for vurderingane som skal gjerast. Det er derfor viktig at den innehalder mest mogeleg komplett informasjon om deg (pasienten) og forhald rundt deg.
Tilvising til TSB kan komme frå
sosialtenesten/NAV
barneverntenesten
fastlege/allmennpraktiserande lege
privatpraktiserande legespesialist eller psykolog (spesialist)
lege ved andre delar av spesialisthelsetenesta
lege i fengselshelsetenesta
anna helsepersonell som har rett til å tilvise til spesialisthelsetenesta
Haukeland Universitetssjukehus Avdeling for rusmedisin Postboks 1400 5021 Bergen
Elektronisk tilvising
Det er ønskjeleg at tilvisingar blir sendt elektronisk. Med elektronisk tilvising unngår me tida for vanleg postgang, og me reduserer samtidig risiko for å gjere feil
Nasjonal rettleiar for tilvisingar til spesialisthelsetenesta
Tilvisingsrettleiaren frå Helsedirektoratet er ei støtte for dei som skal tilvise til spesialisthelsetenesta og kan nyttast på alle fagområde. Rettleiaren bidreg til at nødvendig informasjon er oppgitt for å sikra pasienten eit best mogleg planlagt forløp.