Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Gruppetilbod i Poliklinikk Murhjørnet

AFR Poliklinikk Murhjørnet tilbyr ulike gruppebehandlingstilbod, parallelt med oppfølging av eiga behandling.

PEGASUS-gruppe for voksne med ADHD 

Gruppa er eit psykoedukativt gruppebasert program for voksne med ADHD og deira nærmaste pårørande.

Psykoedukativ tilnærming inneber systematisk og strukturert informasjon om ADHD og behandlingsformer, med undervisning basert på ulike pedagogiske metodar der målet er god opplæring i diagnosen. Den grunnleggjande ideen bak ein psykoedukativ tilnærming er at evnen til å meistre øker med god kunnskap om sjukdom eller tilstand. 

Traumegruppe

Psykoedukativt tilbod til pasientar med rus og traumelidingar.

Dette er ei gruppe som fokuserer på å jobba med traumerelaterte vanskar i notid, utan å gå inn i dei traumatiske minna. I gruppa jobbar me med å forstå og meistra traumereaksjonar, regulering av kjensler, handtering av triggerar og gjenopplevingar, søvn og struktur i kvardagen, sjølvhevding og gode grenser.

Pasientane lærer øvingar knytt til merksamt nærvær og kroppsleg avspenning, og korleis bruka tankane og evna til refleksjon til å få meir kontroll over automatiserte reaksjonsmåtar. Gruppa vil også ha ein støttande funksjon gjennom det å kunna møta og kjenne seg igjen i andre i liknande situasjon. Gruppa er kursbasert og følgjer boka «Tilbake til notid». Alle deltakarane som fullfører gruppa får denne boka med seg.

Rammar for gruppa

  • Kurset går over 20 veker
  • Opp mot 10 deltakarar
  • Undervisning og dialogheimeoppgåver

Gruppa skal vera eit tillegg til individuell behandling, slik at ein har moglegheit for å ta opp aktuelle vanskar som det ikkje er rom for i gruppa med sin individualterapeut.

Ekslusjonskriteriar Traumegruppe

  • Menneske i større livskrisar
  • Alvorleg sjølvskading
  • Alvorleg rusbruk
  • Suicidalproblematikk
  • Akutte innleggingar
  • Store vanskar med å møta (i følgje manualen godtas ikkje meir enn tre fråværsdagar i løpet av gruppa)
  • Personlegdomsproblematikk med høg grad av utagering og låg reflekterande fungering

 

For polikliniske behandlarar som skal tilvise, sjå sida:

Tilvising til Traumegruppe, AFR Poliklinikk Murhjørnet 

 

Mindfulness-basert tilbakefallsførebyggings-gruppe (MBRP)

Stad: AFR Poliklinikk Murhjørnet

Antall plassar: 8 -10

Varigheit: 8 veker                                                          

AFR poliklinikk murhjørnet tilbyr kurset Mindfulness-basert tilbakefallsførebygging (MBRP), som er eit 8 vekers manualbaserte kursprogram for å førebyggja tilbakefall til rusbruk. Kurset legg vekt på korleis du kan unngå tilbakefall til rusmiddelbruk ved hjelp av øvingar i mindfulness, også kalla merksamt nærvær.

Dette er øvingar der ein trenar på å vera til stades «her og no» på ein ikkje-dømmande og nysgjerrig måte, ofte med mål om å tre ut av automatiserte lite tenlege tanke- og handlingsmønster. Kurset er praktisk orientert med ulike merksemdøvingar, og dessutan oppgåver og undervisning henta frå kognitiv terapi.

 

MBRP blir tilrådd i nasjonale og internasjonale retningslinjer for behandling av rusbrukslidingar. I tillegg til redusert risiko for tilbakefall, viser studiar til reduksjon i russug («craving»), depressive symptom, angstsymptom og impulsivitet hos deltakarar i MBRP behandling.
Helsedirektoratet.no/retningslinjer/behandling og rehabilitering av rusmiddelproblemer og avhengighet/terapeutiske tilnærminger i rusbehandling, mindfulness i rusbehandling

 

MBPR-kurset går over 8 veker med vekefaste samlingar på 1, 5 tima kvar samling. Du møter andre deltakarar i same situasjon som deg. Totalt vil det vera mellom 6-10 deltakarar, i tillegg til 2 kursleiarar/terapeutar. Kurset er for deg som har vore rusfri ein periode, eller som har eit stabilt lågt rusinntak.

Kurset blir halde i AFR poliklinikk lokala sine i Østre Muralmenning 7. Deltakarane forpliktar seg til å delta på kurssamlingane og oppmodast til å gjera øvingar og oppgåver heime mellom samlingane.

For polikliniske behandlarar som skal tilvise, sjå sida: 

Tilvising til Tilbakefallsforebyggings-gruppe (MBRP), AFR Poliklinikk Murhjørnet  

 

Inklusjons og eksklusjonskriterium for deltaking i MBRP gruppe.

Inklusjonskriterium

  • Må vera 18 år eller eldre    
  • Brukar for tida ikkje rusmiddel, eller har eit stabilt lågt rusmiddelinntak
  • Kan delta i gruppe-samlingar
  • God norsk taleforståing

Eksklusjonskriterium

  • Pågåande psykoseliding eller annan alvorleg psykisk lidelse
  • Kognitiv svikt/demens
  • Pågåande sjølvmordsfare valdsrisiko/fare for andre
  • Uavklart/ustabil somatisk tilstand som evt. kan bidra til mykje fråvær

 

Sist oppdatert 11.10.2024