Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
KVinne snakker med mann

Rusmedisin Korttidspost Engenhuset

Korttidsposten ved Engenhuset tilbyr kjønnsdelt avrusing. Posten har eit tverrfagleg samansett personale, som mellom anna inkluderer psykologar, legar/psykiatrar, sosionomar, sjukepleiarar, vernepleiarar, musikkterapeutar, erfaringskonsulentar og helse- og treningsterapeutar. Me samarbeider for å leggja til rette for at du skal få den behandlinga du har behov for.

Korttidsposten er delt opp i to separate postar, ein for kvinner og ein for menn, med 12 sengeplassar på kvar post.

Vi tilbyr medisinsk avrusing, abstinensbehandling, nedtrapping og opptrapping/medikamentbytte innan LAR. I tillegg har vi eit stort fokus på ikkje-medikamentelle behandlingsmetodar. Dette inkluderer psykologfagleg tilnærming, miljøterapi, musikkterapi, treningsterapi og støtte frå medarbeidarar med brukarerfaring.

Vekeplanen vår inneheld samtalegrupper, undervisningsgrupper med besøk frå eksterne ettervernstiltak, samt musikkterapi og treningsterapi.

Posten  har eit velutstyrt treningsrom med tredemølle, vektar, slyngjer, romaskin mm.

Vi har tannlege på huset to dagar i veka, som tilbyr akutt tannbehandling.

Pasientar får tildelt einerom med dusj og toalett.

 

Vi tek i mot pasientar etter tilvising og overføringar frå andre postar i sjukehuset på dagtid etter drøfting/avtale. Tilvisingar blir vurderte i tverrfaglegteam kvar veke.  

Avdeling for rusmedisin tek imot og behandlar alle tilvisingar til tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) i Helse Bergen sitt opptaksområde

Vi tilbyr ei heilskapleg tilnærming til behandling, som omfattar både medisinsk avrusing og fokus på det psykososiale miljøet. Vi jobbar for at du skal få eit best mogleg opphald.

  • Medisinsk avrusing:
    Vi tilbyr observasjon, nedtrapping og abstinensbehandling.

  • Psykososialt miljø:
    Vi er opptekne av å skape eit trygt og godt miljø på avdelinga, og legg til rette for at du skal få støtte i ei utfordrande fase.

  • Støtte i utfordrande fasar:
    Når du kjem til oss, kan det vere at du er i aktiv rus eller har behov for avklaring. Vi legg til rette for at du skal få hjelp til å bli klar for eventuell vidare behandling.

  • Kunnskap om kroppens reaksjonar:
    Vi har god forståing for korleis kroppen og hjernen reagerer på å "gå av" ulike rusmiddel, og vi er trygge fagpersonar i denne fasen.

  • Relasjonsbygging:
    Relasjonsbygging er ein grunnpilar i alt vi gjer. Vi trur at det å bygge ein relasjon til kvar enkelt pasient er nøkkelen til god behandling.

Når den mest akutte avrusingsfasen er over, samarbeider vi med deg for å finne vegen vidare i behandling, dersom det er det du ønskjer.

Eksterne aktørar og aktivitetstilbod:

Vi tilbyr tematimar der eksterne aktørar besøker oss og presenterer sitt tilbod innan ettervern og aktivitet.

Fagleg oppdatering og førebygging:

Personalet deltek jamleg i HLR-undervisning og får opplæring i bruk av nalokson-nesespray (nyxoid) og overdoseførebygging.

Fysisk aktivitet og terapi:

  • Vi tilbyr trening, turar og avspenning med treningsterapeut.
  • Musikkterapi blir tilbydd både individuelt og i gruppe.
Maleutstyr

 

Målsettinga for behandlinga kan variere, men dei fleste ønskjer å bryte uheldige rusmønster og få hjelp til å starte gode endrings- og utviklingsprosessar.

Kanskje ønskjer du å gjere endringar i livet ditt, men er usikker på korleis du skal få det til. I dette arbeidet er det sentralt å auke bevisstheita på korleis rusproblemet påverkar deg sjølv, omgivnadene dine, eventuelt arbeidsplassen din og familiens situasjon.

Behandlinga byggjer på di eiga oppleving og din eigen beskrivelse av problema. Fokuset i behandlinga er ofte å kartlegge omfang og symptom, bevisstgjere deg på problema og oppretthalde motivasjonen for endring.

Behandlingsprosessen krev vesentleg eigeninnsats frå deg. Vi kan gjerne seie at behandlinga handlar om å hjelpe deg til å hjelpe deg sjølv.

Gjennom behandlingstilboda våre ønskjer vi å legge til rette for at du kan utforske nye meistringsopplevingar og finne tilbake til eit godt daglegliv. Eit viktig fokus i behandlinga er også å tilrettelegge for vidare meistring etter innlegginga. Dette kan innebere samarbeid med ulike hjelpetiltak, utarbeiding av individuell plan og/eller tilvising til vidare behandling.

Våre arbeidsmetodar byggjer på faglege tilnærmingar som motiverande samtale, mentaliseringsbasert terapi, kognitiv åtferdsterapi, sosialfagleg arbeid, treningsterapi, musikkterapi og god kunnskap om avhengigheit og endringsprosessar.

 

To damer trener på ergometersykkel

Det tek tid å endre rusbruk og livsmønster, og vi tilrår derfor at pasientane får oppfølging etter innlegginga ved Korttidspost Engenhuset. Ofte er problema samansette, og rusproblemet kan vere knytt til psykiske lidingar, traume og ein vanskeleg livssituasjon. Då er det nyttig å gjere eit sorteringsarbeid saman med behandlaren, der ein drøftar kva område som bør arbeidast med under innlegginga, og kva område som kan takast opp etter utskriving.

Saman med behandlingsansvarleg kan de vurdere behovet for vidare behandling og oppfølging.

Når du skrivast ut, utarbeidar vi ein oppsummerande rapport om opphaldet ditt. Denne blir sendt til instansen som har tilvist deg til behandling, og som regel også til fastlegen din. Du får moglegheit til å lese igjennom epikrisen/utgreiingsrapporten saman med behandlaren din, og du vel sjølv kva samarbeidsinstansar denne skal sendast til.

.

Kontakt oss gjerne ved spørsmål, tlf. 55 97 01 00

Avdeling for rusmedisin (AFR) flyttar fleire av seksjonane sine til nye lokale i Engenhuset i sentrum, Håkonsgaten 1. Dei nye lokala vil huse både avdelinga si forskingseining, kompetansesenteret KoRus Bergen og fleire behandlingseiningar. Alle einingane flyttar inn i løpet av november og desember.
Engenhuset
En høy bygning med kran

Slik finn du fram

Foto av en bygning

Engenhuset

Håkonsgaten 1

5015 Bergen