Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Pasientrettar og samhandling

Pasientar som har fått innvilga rett til prioritert helsehjelp får samtidig ein juridisk bindande frist for når helsehjelpen (behandlinga) skal være starta.

Klage på behandlingsfrist

Om du ikkje er einig i vurderinga eller fristdatoen du har fått frå sjukehuset, det vil i dei fleste tilfelle seie Avdeling for rusmedisin, kan du be om at di tilvising vert vurdert på nytt. Om  dette blir avvist, kan du klage til Helsetilsynet ved Statsforvaltaren i Vestland.

Førebygge brot på behandlingsfrist

Dersom Avdeling for rusmedisin ikkje klarar å tilby behandlingsplass innan den oppgitte fristen, kan pasienten ta kontakt med HELFO pasientformid​ling. 

Når HELFO får bekrefta at Avdeling for rusmedisin ikkje kan tilby behandling innan fristen, vil HELFO finna ein behandlingplass for pasienten innan to veker.

Kostnadane for opphald på institusjonplassar gjennom HELFO vert dekka av Avdeling for rusmedisin. Reisekostnadar vert dekka av Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen.

Sikre gode pasientforløp

For å sikre best mogleg pasientforløp søkjer avdelinga samarbeid med tilvisar og andre ansvarlege rundt pasienten. Det vil seie å lage sammanhengande tenester mellom første- og andrelinjetenesta (kommune og tverrfagleg spesialisert rusbehandling).  

Oversikt over gjestepasientbudsjettet

Avdeling for rusmedisin har budsjettansvar for desse pasientane og fører oversikt over gjestepasientbudsjettet.

Ros og ris

Vil du gi oss ei tilbakemelding? Vi vil gjerne høyre om dine erfaringar i møte med sjukehuset. Det er ulike måtar å kontakte oss avhengig av kva type tilbakemelding det gjeld. Her finn du oversikt over korleis du kan kontakte sjukehuset for å gi ein tilbakemelding.

Gi ei tilbakemelding til sjukehuset
To kvinner som ser på en bærbar datamaskin og en mobiltelefon

Rettar, val og moglegheiter

Sjukehuset ønskjer at du som pasient og dine næraste skal få god informasjon, hjelp og rettleiing til å leve best mogleg med sjukdommen, skaden eller tilstanden din. Rettar, val og moglegheiter - Helse Bergen HF

 

Sist oppdatert 22.02.2024