Musikkterapi i rusbehandling
Som pasient ved Avdeling for rusmedisin, er det mogleg å ha musikkterapi som ein del av behandlingsforløpet.
Musikkterapi er eit relativt nytt fagområde innan rusfeltet i Noreg. I 2016 vart musikkterapi anbefalt i Helsedirektoratets nasjonale retningslinjer for rusbehandling og avrusing.
Forsking på musikkterapi i rusfeltet legg vekt på at musikkterapi kan bidra til:
- å skape motivasjon
- sjølvregulering
- affektregulering
- å styrke sosiale funksjonar
- å styrke relasjonelle funksjonar
For meir informasjon: www.rusfeltet.no/musikkterapi
Musikkterapi ved Avdeling for rusmedisin
Som pasient ved Avdeling for rusmedisin, har du moglegheit til å ha musikkterapi som ein del av behandlingsforløpet. Musikktilbodet blir tilpassa den enkelte deltakar, med utgangspunkt i interesser, preferansar og personlege behov. Det er mogleg å ha individuelle timar, gruppetimar, eller ein kombinasjon av begge deler. Varigheita på timane/gruppene og behandlingsforløpet kan variere.
Ein viktig tanke bak det å ta i bruk musikk som ein del av rusbehandling, er at det kan gjere tida i behandling enklare. I tillegg kan du bygge opp nye musikalske ferdigheiter, og positive erfaringar som kan bidra til ein meiningsfull kvardag – både i tida under behandling og etter endt behandling.
Musikkaktiviteter
Musikkterapeut og musikkpedagog tilbyr oppfølging individuelt og i gruppe. Ulike musikkrelaterte aktivitetar som kan vere ein del av behandlingsplanen, er:
- Samspelsgrupper / band
- Avspenning til levande musikk (individuelt og / eller i gruppe)
- Musikkproduksjon
- Spele konsertar
- Samspel og opplæring på instrument
- Lytting og samtale om musikk
- Tekst- og låtskriving
- Rettleiing til å kome i gang med eigne musikkprosjekt
- Besøke ettervernstilbod med musikk
- Finne musikktilbod i heimkommunen
Er du interessert og ønskjer nærare informasjon, kontakt din behandlingsansvarlege.
Målsetningar
Musikkterapien siktar mot å bidra til auka rusmeistring og livsmeistring, og å underbygge hovudmåla for rusbehandlinga.
Mål for musikkterapien kan vere:
- Fylle tomrommet etter rusen
- Meiningsfull aktivitet
- Delta i sosialt fellesskap i grupper
- Å vere til stades her og no
- Meistringsopplevingar og meistringstru
- Oppsøke nye nettverk med musikk
- Uttrykke seg gjennom musikk
- Motivasjon til behandling
- Styrking av sjølvbilde og identitet
Dei musikkfaglege i AFR
Kristin Mjånes Myklebust
Musikkterapeut
Seksjon Skuteviken
Tlf: 47705797
kristin.mjanes.myklebust@helse-bergen.no
Kristelle Marie Mendoza Johnsen
Musikkterapeut
Poliklinikken Murhjørnet og
Stifinnertiltaket
Tlf: 95224553
kristelle.marie.mendoza.johnsen@helse-bergen.no
Kristian Nicholas Lindseth
Musikkpedagog
Poliklinikken Murhjørnet, LAR,
Seksjon Askøy, og Seksjon Tertnes
Tlf: 41678033
kristian.nicholas.lindseth@helse-bergen.no
Steinar Hjelmbrekke
Musikkterapeut
Poliklinikken Kanalvegen
Tlf: 97043238
steinar.hjelmbrekke@helse-bergen.no