Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Rus og psykiatri (ROP)

Retningslinja Nasjonal fagleg retningslinje for utgreiing, behandling og oppfølging av personar med samtidig rusliding og psykisk liding – ROP-lidingar, skal fremje betring og livskvalitet hos personar med ROP-lidingar. Retningslinja inneheld fleire anbefalingar til tjenesteytare.

Retningslinja Nasjonal faglig retningslinje for utredning, behandling og oppfølging av personer med samtidig ruslidelse og psykisk lidelse – ROP-lidelser er eit resultat av vurderingar av relevant kunnskap frå forsking, god praksis, erfaringar og råd frå brukare og fagmiljø i kommune og spesialistheilseteneste.

Her er nokre sentrale anbefalingar i retningslinja: 

  • Personar med akutte psykosar skal ha rett til behandling i psykisk helsevern, uavhengig av om lidinga er rusutløyst eller ikkje.
  • For å ivareta eit samanhengande tilbod skal den instansen som først kommer i kontakt med ein person med samtidig rusliding og psykisk liding sikre at personen blir følgd opp i forhold til begge lidingane og vurdere behovet for individuell plan.
  • Sjølv om ansvaret plasserast ein stad, vil andre instansar også ha eit ansvar. Det skal alltid etablerast forpliktande samarbeid.
  • Ueinigheit om ansvarsforhold må ikkje føre til at pasienten får eit dårlegare behandlingstilbod og blir skadelidande. 

NK ROP

Nasjonal kompetanseteneste for samtidig rusmisbruk og psykisk liding (NKROP) skal jobbe for å heva kvaliteten på tenestene til personar med samtidig rus og psykiske lidinga

NKROP skal bistå ansatte i fagfeltet med å utføra kunnskapsbasert praksis, formidla kunnskap og kompetanse og anna relevant informasjon til og frå brukare og pårørande.

Rop.no

 

Sist oppdatert 12.03.2024