Normale og forventa reaksjonar etter ei alvorleg hending og aktuelle hjelpetenester
Etter traume og alvorlege hendingar - reaksjonar
Her finn du litt informasjon om vanlege og forventa reaksjonar som kan komme etter alvorlege hendingar, og ei oversikt over dei tilboda vi har til deg som pasient eller pårørande.
Informasjon om pasientens helsetilstand
Som pasient eller pårørande vil du først og fremst bli følgd opp av sjukepleiar og lege på den avdelinga du høyrer til. Dersom du har spørsmål om skaden/sjukdommen, behandling, eller plan for vidare oppfølging, skal du ta kontakt med sjukepleiar. Sjukepleiaren vil kunne gje deg nødvendig informasjon, eller ta med spørsmåla dine til legen som vil kunne gje deg eit svar.
Tilbod til pårørande
Av og til kan det vere behov for litt annan informasjon og hjelp.
Prestetenesta har lang og god erfaring og kompetanse i å samtale med menneske i kriser og krevjande livssituasjonar, og tilbyr samtale med pasientar og pårørande, uavhengig av livssyn eller kva trussamfunn ein er knytt til. Kontakt med prestetenesta blir formidla av personalet på avdelinga pasienten høyrer til, eller ein kan ringe sentralbordet på sjukehuset.
Sosionomtenesta arbeider for å ivareta pasientar og pårørande sine behov og interesser. Skade/sjukdom kan føre med seg utfordringar og endringar i livssituasjonen. Sosionomen kjenner godt til dei ulike tilboda og arbeider for å ivareta pasientar og pårørande sine behov og interesser. Pasient som er innlagt på ein sengepost, ved dagavdeling eller poliklinikk kan be om samtale med sosionom. Dette gjeld også pårørande til pasientane. Ta kontakt med personalet på avdelinga/poliklinikken og be om tilvising til sosionom.
Konsultasjonstenesta for barn og unge består av psykologspesialistar og barnepsykiater. Dei kan tilby samtale med barn og unge (0-18 år) som har alvorlege krisereaksjonar og/eller strever med å meistre oppgåver på grunn av kronisk eller livstrugande sjukdom. Ved behov for oppfølging frå andre hjelpeinstansar kan tenesta bistå med å opprette kontakt. Lege på avdelinga der barnet høyrer til, kan tilvise til Konsultasjonstenesta.
Lokale kriseteam
Kommunar i Noreg har ulike hjelpetilbod til sine innbyggjarar som blir råka av kriser og katastrofar, for eksempel ved samlivsbrot, ulykker, brå død og sjølvmord i sine nære omgjevnadar. Personalet på avdelinga kan formidle kontakt med lokalt kriseteam, eller du kan sjølv ta kontakt med din kommune, eventuelt via lokal legevakt.
Barn som pårørande
Når mor, far eller søsken er alvorleg skadde eller sjuke, har det innverknad på barna og familielivet. Helsepersonell har plikt til å ivareta barn sine behov for informasjon og oppfølging når foreldre eller søsken er sjuke. Spør gjerne sjukepleiar på avdelinga dersom du har spørsmål om avdelinga sine rutinar for oppfølging av barn som pårørande.
Reaksjonar etter ei alvorleg hending
Mange veit lite om kva reaksjonar som er vanlege etter å ha vore utsett for ei alvorleg hending. Når ein kjenner til kva reaksjonar ein normalt kan forvente, blir det ofte lettare å akseptere både reaksjonar hos den som er skadd og dei som står den skadde nær. Når ein kjenner til dei store påkjenningane den eller dei har vore utsett for, forstår ein og at reaksjonane dei har er naturlege.
Pårørande eller andre som ikkje sjølv var utsett for hendinga, kan av og til bli urolege på grunn av dei sterke reaksjonane som kjem. Informasjonen som er skriven her, rettar seg derfor både til den som har vore utsett for hendinga og pårørande eller andre i nær relasjon til dei som er råka av hendinga.
Sist oppdatert 26.09.2024