Informasjon til vaksne
Du som vaksen bør snakke med barn og unge om undersøkinga dei skal igjennom før de kjem. Informasjon om kva dei skal og samtale om det som ligg føre bidreg til at barnet eller ungdommen kjenner seg trygg.
Vi som jobbar på avdelinga for barn og ungdom har særskilt opplæring og erfaring i å undersøke denne pasientgruppa. Utstyret og metodane me brukar er og spesielt tilpassa barn og unge.
Kor mange bilete vi tar, er avhengig av type undersøking. Vi jobbar for å oppnå optimal kvalitet på bileta, samtidig som pasienten får så lav stråledose som mogeleg.
Tidlegare var det vanleg å dekke til delar av kroppen med blyteppe eller blyforkle for å skjerme mot stråling. Med vårt moderne utstyr og nøye tilpassa arbeidsmetodar er dette ikkje lenger hensiktsmessig.
Dersom foreldre treng å vere heilt nær for å støtte eller hjelpe barnet, eller dersom ein er gravid, kan ein framleis få tilbud om blyfrakk.
For at bilda vi tar skal blir så fine som mulig, må barnet kle av seg på den delen av kroppen som skal undersøkast. Som regel kan pasienten beholde undertøy (ikkje BH).
Sist oppdatert 13.08.2024