Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

SIPEA-2 studien

Med SIPEA-2-studien (Suicidality in psychiatric emergency admissions) ynskjer vi å bidra til reduksjon i dødsratane blant pasientar som har vore innlagt i psykiatrien.

Et maleri av et par personer

Hovedmål

Å identifisere dei personane som vert innlagt i psykiatriske akuttavdelingar med auka risiko for sjølvskading/sjølvmordsforsøk eller tidleg død på grunn av sjølvmord, ulykker, eller sjukdom. Kunnskapen skal brukast i arbeidet med å skreddarsy behandling og førebyggjande tiltak.

 

Bakgrunn

Levetida for kvinner og menn som har vore innlagt i psykiatrisk sjukehus er høvesvis 15 og 20 år kortare enn for den generelle befolkninga. Det er nedslåande at moderne psykiatrisk behandling ikkje har makta å bidra til reduksjon i dødsratene de siste 30 åra. Med tanke på ressursane som er tilført psykiatrien i same periode, tyder dette på kunnskapsmangel snarare enn ressursmangel. Årsakene til tidleg død i denne gruppa kan væra sjølvmord, ulykker eller somatisk sjukdom. Fleire studiar vist at risikoen for sjølvmord er særleg høg like etter utskriving frå psykiatrisk døgnbehandling og at risikoen også varer ved framover i tid ved lang oppfølgingstid. Det høge talet på ulykker i denne pasientgruppa kan romme mørketal for sjølvmord, men det er også truleg at nokon lever slik at dei er særleg utsette for ulykker. Når det gjeld fysiske sjukdommar, har studiar vist at for eksempel kreft, diabetes eller hjartesjukdom ofte blir altfor seint oppdaga. Dermed kjem behandlinga for seint i gang og risikoen for alvorlege helseplager eller tidleg død aukar. Det har óg vorte stilt spørsmål om biverknader av antipsykotiske medisinar kan medverke til sjukdom og tidleg død. Sjølv om det til no er meir dokumentasjon på at dødelegheita er lågare hos pasientar som bruker antipsykotika enn hos dei som ikkje gjer det, er dette ikkje grundig nok utgreidd. Den auka risikoen for tidleg død handlar om heile gruppa, og det er svært vanskeleg å finne ut kven som har ekstra stor risiko.

 

Om studien

Studien inkluderte alle pasientar som vart innlagt på psykiatrisk akuttmottak ved Haukeland universitetssjukehus i perioden mai 2005 - juni 2014. Totalt vart 7000 pasientar inkluderte. Ved kvar innleggelse i studieperioden vart det henta inn informasjon om psykiatriske symptom, inkludert sjølvmordstankar og sjølvskading. Det vart også teke blodprøver.

SIPEA-1 varte fra 2005-2019. I denne delen av studien fann vi at sjølvmordsrisiko var medverkande grunn til over halvparten av innleggingane i PAM. Vi fann óg at meir enn ein av ti pasientar skada seg så alvorleg under det første året etter utskriving at dei måtte behandlast i sjukehus. Dette gav informasjon om viktige risikofaktorar for slik åtferd. 

SIPEA-2 hadde oppstart i januar 2020. Her vil vi framleis ha fokus på sjølvskading og sjølvmordsforsøk, i tillegg til informasjon frå akuttinnleggingane oppfølginga pasientane får, til å finne ut meir om både risikofaktorar og beskyttande faktorar for tidleg død.

Sosial- og helsedirektoratet og Regional komité for medisinsk og helsefagleg forsking (REK) har godkjent studien. Opplysningane vi hentar inn blir lagra og presentert slik at enkeltpersonar ikkje kan kjennast att.

 

Prosjektleder

Rolf Gjestad (PhD, psykologspesialist)

 

Forsker/postdoc

Maria Fagerbakke Strømme (MD, PhD)

 

Samarbeidspartnere

  • Erik Johnsen (professor dr.med., psykiater)
  • Ketil Ødegaard (professor dr.med., psykiater)
  • Knut Rypdal (Cand. jur., PhD student)
  • Arnstein Mykletun (professor)

Datasamling og drift av studien er i hovudsak finansiert av Divisjon psykisk helsevern, Helse Bergen. Den har óg fått midlar frå Helse Vest. Det skal søkjast om ytterlegare midlar frå Norges forskningsråd og Helse Vest.

Maria fagerbakke Strømme

Use and non-use of antipsychotics and other psychotropic drugs in schizophrenia (UiB, 2022)

Bergen Open Research Archive: Use and non-use of antipsychotics and other psychotropic drugs in schizophrenia (uib.no) 

 

Kristin Jørstad Fredriksen

Psychotic depression and suicide risk - a mixed methods study (UiS, 2022)

 UiS Brage: Psychotic depression and suicide risk - a mixed methods study (unit.no)

 

Liv Solrunn Mellesdal

Predictors of suicidality and self-harm related admissions to psychiatric and general hospitals (UiB, 2017).

Bergen Open Research Archive: Predictors of suicidality and self-harm related admissions to psychiatric and general hospitals (uib.no)

 

Rune Andreas Kroken

Antipsychotic drug treatment of patients with Schizophrenia (UiB, 2013). 

Publikasjoner fra SIPEA-2

Furnes, D., et al., Suicidal and violent ideation in acute psychiatric inpatients: prevalence, co-occurrence, and associated characteristics. Suicide Life Threat Behav, 2021. 51(3): p. 528-539.

Strømme MF, Mellesdal LS, Bartz-Johannesen C, Kroken RA, Krogenes M, Mehlum L, Johnsen E. Mortality and non-use of antipsychotic drugs after acute admission in schizophrenia: A prospective total-cohort study. Schizophr Res. 2021 Sep;235:29-35. doi: 10.1016/j.schres.2021.07.009. Epub 2021 Jul 21. PMID: 34303258

Fredriksen, K.J., et al., High Scores on the Montgomery-Asberg Depression Rating Scale and Psychotic Symptoms Predict Suicide: A Prospective Cohort Study of Psychiatric Acute Ward Patients. J Clin Psychiatry, 2022. 83(5).

Fredriksen, K.J., et al., Imminent and Short-Term Risk of Death by Suicide in 7,000 Acutely Admitted Psychiatric Inpatients. J Clin Psychiatry, 2022.

Strømme MF, Mellesdal LS, Bartz-Johannesen CA, Kroken RA, Krogenes ML, Mehlum L, Johnsen E. Use of Benzodiazepines and Antipsychotic Drugs Are Inversely Associated With Acute Readmission Risk in Schizophrenia. J Clin Psychopharmacol. 2022 Jan-Feb 01;42(1):37-42. doi: 10.1097/JCP.0000000000001497. PMID: 34928559.

Strømme MF, Bartz-Johannesen C, Kroken RA, Mehlum L, Johnsen E. Overactive, aggressive, disruptive and agitated behavior associated with the use of psychotropic medications in schizophrenia. Schizophr Res. 2022 Aug 4;248:35-41. doi: 10.1016/j.schres.2022.07.014. Epub ahead of print. PMID: 35933742.

Strømme MF, Bartz-Johannessen C, Kjelby E, Mehlum L, Mykletun A, Kroken RA, Johnsen E, Gjestad R. Risk factors for mortality in patients admitted to a psychiatric acute ward: A prospective cohort study. Acta Psychiatr Scand. 2024 Mar;149(3):244-255. doi: 10.1111/acps.13657. Epub 2024 Jan 15. PMID: 38225748.

Strømme MF, Augustsson M, Bartz-Johannesen C, Stautland A, Kroken RA, Mehlum L, Kjelby E, Mykletun A, Johnsen E. Suicidality and use of psychotropic medications in patients with schizophrenia: A prospective cohort study. Under review

 

Publikasjoner fra SIPEA-1

Mellesdal, L., Mehlum, L., Wentzel-Larsen, T., & Jørgensen, H.A. (2010). Suicide Risk and Acute Psychiatric Readmissions: A Prospective Cohort Study). Psychiatric Services, 61(1), 25-31.

Kroken, R.A., Mellesdal, L., Jørgensen, H.A., Wentzel-Larsen, T., Johnsen, E. (2010). Prediction of un-planned re-admission to hospital for patients with schizophrenia – a cohort study of 277 patients. Eurpean Neuropsychopharmacology (20), 444-445.

Johansen, I.H., Mellesdal, L., Jørgensen, H.A., Hunskaar, S. (2012). Admissions to a Norwegian emergency psychiatric ward: patient characteristics and referring agents. A prospective study. Nordic Journal of Psychiatry, 66(1), 40-8.

Kroken, R.A., Mellesdal, L.S., Wentzel-Larsen, T., Jørgensen, H.A., Johnsen E. (2012). Time-dependent effect analysis of antipsychotic treatment in a naturalistic cohort study of patients with schizophrenia. European Psychiatry, 27(7), 489-95.

Kroken, R.A., et al., Antipsychotic Treatment for Patients with Schizophrenia; Patient-Decided and Clinician-Decided Discontinuations. European Psychiatry, 2012. 27.  

Kroken, R.A., Kjelby, E., Wentzel-Larsen, T., Mellesdal, L.S., Jørgensen, H.A., Johnsen, E. (2014). Time to discontinuation of antipsychotic drugs in a schizoprenia cohort: influence of current treatment strategies. Therapeutic Advances in Psychopharmacology, 4(6), 228-39.

Oedegaard, K.J., et al., Comparing clinical characteristics and outcome measures in a naturalistic cohort study of immigrant and non-immigrant bipolar patients in Norway. Bipolar Disorders, 2014. 16: p. 38-38.

Mellesdal, L., Kroken. R.A., Lutro, O., Wentzel-Larsen, T., Kjelby, E., Oedegaard, K.J., Jørgensen, H.A., Mehlum, L (2014). Self-harm induced somatic admissions after discharge from psychiatric hospital – a prospective cohort study. European Psychiatry, (29) 246-252.

Mellesdal, L., Gjestad, R., Johnsen E., Jørgensen, H.A., Oedegaard, K.J., Kroken, R.A., Mehlum, L. (2015). Borderline Personality Disorder and Posttraumatic Stress Disorder at Psychiatric Discharge Predict General Hospital Admission for Self-Harm. Journal of Traumatic Stress (28), 556-562.

Passeniouk, A.A.M., et al., Suicidality as a Reason of Psychiatric Emergency Admission in Persons with Intellectual Disabilities and/or Developmental Disabilities. Journal of Intellectual Disability Research, 2015. 59: p. 113-113.  

Fuglseth, N.L., Gjestad, R., Mellesdal, L., Hunskaar S., Oedegaard, K.J., Johansen, I.H. (2016). Factors associated with disallowance of compulsory mental healthcare referrals. Acta Psychiatrica Scandinavica, 133(5), 410-8.

Wiker, T.S., Gjestad, R., Mellesdal, L.S., Oedegaard, K.J., Kroken, R.A. (2019). Supported accomodation for people with schizoprenia. Nordic Journal of Psychiatry, 73(4-5), 211-218.

Furnes, D., Gjestad. R., Mehlum, L., Hodgekins, J., Kroken, R.A., Oedegaard, K., Mellesdal, L. (2019). Personality Disorder: What Predicts Acute Psychiatric Readmissions? Journal of Personality Disorders. Nov. 4:1-13. doi: 10.1521/pedi_2019_33_459. [Epub ahead of print]

Lund-Heimark, H., et al., Elderly patients with no previous psychiatric history: suicidality and other factors relating to psychiatric acute admissions. BJPsych Open, 2020. 6(4): p. e63.

Prosjektleder

Rolf Gjestad

E-post: rolf.gjestad@helse-bergen.no

 

Forsker

Maria Fagerbakke Strømme

E-post: maria.stromme@helse-bergen.no

Sist oppdatert 26.06.2024