Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

NORSMI biobank

Generell forskningsbiobank for norsk nettverk for alvorlege mentale lidingar (NORSMI)

For at personar med psykiske lidingar, rus- og avhengnadslidingar skal få betre behandling og oppfølging, er det viktig med auka kunnskap om årsaker, sjukdomsmekanismar og behandling. NORSMI biobank samlar biologisk materiale som gjennom forsking kan bidra til dette.

Førekomsten av psykiske lidingar er høg i den norske befolkninga, og alvorlege psykiske lidingar er blant viktigaste årsaker til opptil 25 år forkorta forventa levealder samanlikna med den generelle befolkninga. Denne overdødelegheita kan i vesentleg grad tilskrivast auka førekomst av hjarte- og karlidingar.


Trass i dette finst ikkje nok kunnskap om årsaksmekanismar til å kunna utarbeida gode, individuelle behandlingsforløp tilpassa kvar enkelt pasient. Behandlinga av alvorlege psykiske lidingar omfattar vanlegvis ein kombinasjon av psykososiale og medisinske/ biologiske intervensjonar, men trass i optimal behandling opplever mange pasientar avgrensa eller liten effekt av behandlinga og/eller plagsame biverknader. 

Den viktigaste årsaka til dette er at sjukdomsmekanismar og mekanismar for behandlingseffekt i beskjeden grad er kjend både generelt, og på enkeltindividnivå. Mykje tyder på at pasientar med same symptombilete kan ha svært ulike biologiske mekanismar som ligg til grunn for symptoma som kjem til uttrykk i klinikken.

Derfor har dagens helsevesenet eit enormt behov for vidare forsking for å skaffa ytterlegare innsikt i sjukdomsmekanismar som i neste omgang kan gi opphav til ny og forbetra behandling. Prosjektet vil gjennom å samla inn data til bruk for framtidige REK-godkjente forskingsprosjekt og kvalitetsforbedrende tiltak, leggja til rette for langsiktig forsking på alvorlege psykiske lidingar.

Heilt konkret vil det i framtida (gjennom REK- og/eller Personvernombudet godkjende prosjekt) vera aktuelt å undersøkja følgjande: 
-effekt og eventuelle biverknader av terapeutiske tiltak, både medikamentelle og ikke-medikamentelle tiltak
-undersøkja effekt av tiltak retta mot å redusera den høge førekomsten somatisk samsykelighet hos psykisk sjuke
- kartleggja og evaluera bruk av tvang og tvangsmiddeltiltak
- analysera blodprøver for å finna biologiske markørar både for sjukdom og effekt av behandling


Prosjektet vil med dette òg kunne utvida kunnskapsnivået om samanhengar mellom betennelse, symptom og sjukdomsmekanismar sidan forskingsfeltet har eit stort potensial for å kunna betre behandlingstilbodet til ei pasientgruppe med stor liding og betydeleg funksjonssvikt på gruppenivå. Dette vil føresetja auka innsikt i dei spesifikke systema som er ansvarlege for ulike symptom hos ulike undergrupper.   

Meir informasjon om prosjektet finst her:

NORSMI biobank - Oslo universitetssykehus HF (oslo-universitetssykehus.no)

Sist oppdatert 01.07.2024