Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

NonPharm

Medikamentfritt behandlingsforløp ved psykoselidingar (NonPharm)

Medikamentfritt behandlingsforløp ved psykoselidingar          

Menneske med psykose kan ofte slita med alvorlege symptom og samtidig ha vanskar med konsentrasjon, minne og tenking. Det finst i dag fleire behandlingsopplegg for psykose. Dei fleste vil i periodar ha nytte av antipsykotiske medisinar, men ikkje alle ønskjer å bruka desse medisinane. Eit medikamentfritt behandlingsalternativ inneber at ein blir behandla utan bruk av antipsykotisk medisin, eller at ein er i ein nedtrappingsfase der målet er å klara seg utan antipsykotisk medisin. Me treng meir kunnskap for at behandlingstilbodet til dei som ikkje ønskjer å bruka antipsykotiske medikament skal bli best mogleg.

Om Nonpharm-prosjektet

Prosjektet er finansiert av Helse vest og Haukeland universitetssjukehus. Prosjektet er godkjent av Regional komité for medisinsk og helsefagleg forskingsetikk.

Kva undersøkingar er det snakk om?

Alle prosjektdeltakarane kjem til fem møte ved Forskningsavdelingen i Sandviken. Første møte blir ved oppstart. Dei neste møta vil finna stad etter 6 veker og dessutan etter 3,6 og 12 månader.

Dette skjer på kvart møte:

Legeundersøkelse
Blod- og urinprøver
Fysisk undersøking (høgd, vekt, blodtrykk)
Utfylling av sjølvrapporteringsskjema
Måling av minne og konsentrasjon

Alt me tilbyr av undersøkingar er frivillig. Du kan når som helst og utan forklaring takka nei til delar av undersøkinga, eller trekkja deg heilt frå prosjektet. Dersom du ønskjer det, kan resultata bli sende til behandlaren din, noko som også kan vera nyttig i behandlinga.  

Kven kan delta?

Personar med psykoseliding kan delta i prosjektet dersom dei har valt eit medikamentfritt behandlingsforløp.

Praktiske opplysningar

Møtene har ulik varigheit. Dei kan nokre gonger vara i fleire timar, men du får så mange pausar som du har behov for. Etter blodprøvetaking og fysiske målingar får du frukost, og på det lengste møtet vil du òg få tilbod om lunsj.

Kvifor bli med?

  • Du kan bidra til å forbetra medikamentfri psykosebehandling
    Dine erfaringar kan hjelpa andre
    Du får betalt 200 kr for kvart oppmøte

    Kontakt:

    Seniorforskar Maria Fagerbakke Strømme

     
  • Telefon: 41428017
    maria.stromme@helse-bergen.no

     

 

 

Sist oppdatert 01.07.2024