Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Europeisk studie om langtidsvirkende antipsykotika hos pasientar med schizofreni (EULAST)-II

Gjennom EULAST-II studien vil det gjennomførast ein etterkontroll i form av éin enkeltvisitt 3-10 år etter baselineundersøkinga i EULAST studien.

EULAST er ein stor uavhengig europeisk studie av antipsykotiske legemiddel, hvor beste måte å bruka eksisterande medisinar vart undersøkt.

Under EULAST-II etterkontroll blir det utført éin enkeltvisitt 3-10 år etter baselineundersøkinga i EULAST, og har som hovudmål å undersøkja kva for nokre kliniske data frå baseline som predikerer bruk avhelsetenester (definert som talet på dagar i sjukehus).

Sekundære mål omhandlar langtidsdata for nevropsykiatriske diagnosar (M.I.N.I. Plus), sosial fungering (PSP), livskvalitet (EQ-5D-5L), ekstrapyramidale biverknader (AIMs), alkohol- og annan rusmiddelbruk, talet på innleggingar, medisinbruk og medisinsk sjukehistorie. Alle måla representerer repetisjon av allereie førehandsgodkjende utfallsmål som definert i protokoll for EULAST-studien.

 

Sist oppdatert 01.07.2024