Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

PsykoEdukasjon med Digitale element retta mot AffektLabilitet (PEDAL-studien)

Digitalt forbetra psykoedukasjon for å redusera sjølvmordsåtferd ved bipolar liding

Affektlabilitet, det vil seie raske, kraftige og uføreseielege endringar i affektive tilstandar, er framståande ved bipolar liding. Affektlabilitet er assosiert med eit meir alvorleg klinisk forløp og knytte til alvorlege komorbiditeter og suicidalitet. Vi meinar derfor at intervensjonar som rettar seg mot å minske affektlabilitet kan bidra til å redusera den høge sjølvmordsrisikoen ein ser hos personar med bipolar liding.

Det finst i dag ingen effektive psykofarmakologiske behandlingar for å redusera affektlabilitet, men psykososiale intervensjonar ser ut til å vera lovande. Til dømes er dialektisk åtferdsterapi mykje brukt i borderline personlegdomsforstyrring for å redusera sjølvmordshandlingar gjennom trening i kjensleregulering. Mindfulness-teknikkar er òg testa hos personer med bipolar liding, og tyder på at dette kan bidra till å redusera affektlabilitet.

Ein av dei mest brukte intervensjonane ved bipolar liding er eit spesifikt psykoedukativt program retta mot å førebyggje nye sjukdomsepisodar. Medan det eksisterande programmet forbetrar fleire kliniske faktorar, ser det ikkje ut til å redusera suicidalitet. Me vil utvikla ein ny versjon av det psykoedukative programmet der dei mest effektive elementa (t.d. gruppeformatet) blir halde oppe samtidig som me forsterkar det med smarttelefonbaserte digitale verktøy og komponentar retta mot affektlabilitet – PEDAL-intervensjonen.

Formatet blir pilotert hausten 2024. I samsvar med den statistiske styrkeanalysen vil 120 pasientar bli randomiserte til anten det tradisjonelle psykoedukative programmet eller til PEDAL-intervensjonen. Primært utfallsmål vil vere affektlabilitet, men før- og ettervurderingar vil også inkludera suicidalitet, depressive og maniske symptom, funksjonsnivå, velvære og opplevd stress.

Me vil òg evaluera intervensjonens aksepterbarhet og gjennomførbarhet med både standardiserte og skreddarsydde spørjeskjema samt kvalitative intervju av både pasientar og klinikarar.

Sist oppdatert 01.07.2024