Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Forskingsdesignet

KIT er den første fulle pragmatiske randomiserte studien i verda av traumebehandling ved psykose. For å verkeleg kunne gi kvalitetssikra retningslinjer for korleis møte menneskje med psykose og traume er det nødvendig med studium av høg kvalitet integrert i vanleg klinisk praksis.

Psykoselidingane som er innan schizofrenispektrum (SSDs) blir rekna som dei mest alvorlege, kostbare og funksjonsnedsetjande av dei psykiske lidingane. Behandlinga av desse lidingane er ikkje optimal i dag, og det blir ikkje gitt traumebehandling som ein del av standard oppfølging sjølv om ein majoritet har traumeerfaringar med etterfølgjande traumesymptom. Dette ønskjer KIT å endre.

KIT er den første pragmatiske studien som samanliknar effekten av å leggje til traumefokusert terapi (EMDR) til standard behandling for SSDs. KIT er ein multi-senter, blinda, parallell 2-arms randomisert studie av 187 pasientar ≥16 år med plagsame traumesymptom frå psykoseeiningar i alle norske helseregionar. Inklusjon av pasientar vil gå frå 2024 for pilotering i Bergen og Helgeland, med nasjonal inklusjon frå 2025 til 2027. Nokre pasientar vil få oppfølging etter behandling også inn i 2028. Pasientar blir randomiserte til å få maks 26 manualiserte behandlingstimar med EMDR frå terapeutar som får opplæring og rettleiing i EMDR anten omgåande eller etter 6 månader på venteliste. Kartleggingar blir gjorde ved oppstart, midt i behandlinga og etter behandlingsslutt, og dessutan ved 6 og 12 månader etter behandlingsslutt, og digitalt annakvar veke (sjå figur).

Illustrasjon med en tidslinje som viser fremdrift i randomisering og kartlegging
  Oversikt over randomisering og kartlegging (eng)

Hovudutfallsmål er traumesymptom ved behandlingsslutt. I tillegg vil psykisk helse, generell fungering (recovery), kost-nytte, pasientoppleving, terapiallianse og negative hendingar bli undersøkte. Sekundære utfallsmålar potensielle kliniske stratifiseringsvariablar, dvs. variablar som kan tenkjast å påverke effekten av traumefokusert behandling; traumeprofil, kjønn, biomarkørar på kroppslege traumereaksjonar og stress (kortisol, inflammasjonsmarkørar) og dessutan digitale biomarkørar på aktivering og stress medan ein tenkjar på traumet under ein terapitime (smartklokke).

Hypotesen er at pasientar med SSDs og traume som får EMDR som tillegg til standard behandling vil vise ein reduksjon i traumesymptom samanlikna med SSDs pasientar som berre får standard behandling, moderert av kliniske stratifiseringsvariablar. Resultata vil forbetre klinisk praksis for SSDs.

Hovudproblemstilling

Pasientar med SSDs og plagsame traume som får EMDR integrert i standard behandling vil ha ein klinisk signifikant reduksjon i traumesymptom samanlikna med pasientar som berre får standard behandling.

Målsetjingar

  • Hovudmålet er å undersøkje effekten av EMDR som tilleggsbehandling for SSDs i standard klinisk praksis for å behandle traumesymptom.
  • Sekundærmålet er å forbetre persontilpassa terapi gjennom utforsking av kliniske stratifiseringsvariablar som kan påverke effekten av EMDR.
  • Langtidsmålet er å rettleie klinisk praksis, og å implementere EMDR i behandlinga for SSDs om dette viser seg effektivt gjennom forskinga i KIT.

Hypotesar

  • Hovudhypotese: EMDR og standard behandling samanlikna med venteliste og standard behandling vil redusere traumesymptom målt med ITQ (International Trauma Questionnaire) ved SSDs.
  • Sekundær hypotese: Stratifiseringsvariablar (traumeprofil, feks. type, alvor, tidsperiode; kjønn; biomarkørar på kroppslege traumeiraksjonar og immunsystemreaktivitet; digitale biomarkørar på aktivering og stressrespons) påverkar effekten av EMDR.

Forventa resultat

  • Gruppa som får EMDR vil ha mindre traumesymptom samanlikna med ventelistegruppa ved behandlingsslutt, og kanskje betre fungering.
  • Der vil ikkje vere forskjellar i kostnad eller alvorlege uønskte hendingar mellom gruppene ved behandlingsslutt.
  • Betre utfall er forventa for milde til moderate traume, og dessutan traume som har oppstått seinare i livet (feks. knytt til psykose) samanlikna med barndomstraume (overgrep og omsorgssvikt)
  • Pasientar med høgare nivå av inflammasjonsmarkørar og/eller aktivering og stressrespons på traumet kan ha betre nytte av EMDR.
Sist oppdatert 27.06.2024