Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

ADHD Forskingsgruppe

Visjonen for ADHD forskingsgruppa er å auke kunnskapen om ADHD i eit livsløpsperspektiv. Vi ynskjer å finne og integrere ny kunnskap om årsaker, kliniske ytringar og behandling av ADHD og relaterte vanskar hjå born, ungdom og vaksne og bidra til at denne kunnskapen kjem til nytte i dagleg klinisk verksemd.

En gruppe mennesker som poserer for et bilde
ADHD-gruppen

Om gruppa

ADHD forskingsgruppa vart konstituert som eiga gruppe i Forskingsavdelinga i 2018, men byggjer på den allereie etablerte ADHD-gruppa ved Universitetet i Bergen (UiB), leidd av professor Jan Haavik. Frå 2003 har gruppa arrangert faglege møte i BB-bygget kvar torsdag kl. 12.00, og større møter i samband med gjesteforelesingar og andre arrangement. ADHD forskingsgruppa overlappar med det tverrfaglege Senter for Nevropsykiatriske lidingar, lokalisert ved Institutt for Biomedisin ved UiB. Senteret inkluderer deltakarar frå fire institutt og to fakultet, i tillegg til Senter for medisinsk genetikk og molekylærmedisin og Divisjon psykisk helsevern ved Haukeland Universitetssjukehus. Senteret har kombinert klinisk psykiatrisk forsking med registerepidemiologi, nevropsykologi, funksjonell, strukturell og spektroskopisk hjerneavbilding (MRI), genetikk og molekylær karakterisering av kandidatgenar. Denne tverrfaglege tilnærminga til psykiatrisk forsking er eineståande i Noreg.

DynAMoND-studien

Dynamond-studien (Dynamics of Affect Modulation in Neurodevelopmental Disorders) undersøkjer endringar i humør og kjenslemessige reaksjonar hjå personar med ADHD, bipolar liding eller borderline personlegdomsforstyrring. Studien undersøkjer også korleis stress, søvn og gen kan påverka desse endringane.

 

Bakgrunn

Mange born har diagnosen ADHD (Attention Deficit/Hyperactivity Disorder). Symptombiletet ved ADHD varar ofte inn i vaksenlivet, og opptrer ofte samtidig med bipolar liding og borderline personlegdomsforstyrring. Felles for alle tre diagnosar er at dei blir kjenneteikna ved endringar i kjenslelivet, men det er usikkert om dette skuldast felles eller ulike underliggjande mekanismar. Ved bipolar liding oppstår slike endringar sjeldnare, men oftast med større intensitet, medan kjenslelivet er meir dynamisk når det gjeld dei to andre diagnosane.

 

Langvarige eller kortvarige svingingar i kjensler opplevast gjerne som forstyrrande i kvardagen og kan føra til at ein ikkje når dei måla ein har sett seg. Formålet med denne studien er å undersøkja om det er forskjellar i kor hurtig eller intenst personar svingar i kjensler, korleis dette heng saman med stress og belastningar i kvardagen og om det er felles genetiske faktorar involvert.

 

Hovudmål med studien

Å betre forstå likskapar og skilnadar i kjensleregulering blant vaksne som har fått diagnosane emosjonelt ustabil (borderline) personlegdomsforstyrring, ADHD, bipolar liding, og personar som ikkje har nokon av desse diagnosane (kontrollar).

 

Om studien

Studien vil følgja den psykiske helsa til deltakaren og evna til å regulera kjensler over ein periode på tolv månader. Etter ordinær utgreiing vil det bli samla inn informasjon om psykisk helse og spytt/blodprøver til genetiske analysar. Kvar tredje månad vil deltakarane bli bedne om å fylla ut spørjeskjema via internett, som tek ca. 30-45 minutt. Den viktigaste datakjelda vil vera daglege 2-3 minuttars registreringar av kjensler, stressande hendingar og søvnmønster via ein mobilapp. I tillegg vil mobilbruk, som skjermtid, også bli registrert.

 

Regional komité for medisinsk helsefagleg forskingsetikk har gjort ei forskingsetisk vurdering og godkjent prosjektet (REK-Vest: 486123).

 

Delta i studien 

Kven kan delta? 

Personar i alderen 18-40 år med diagnosane ADHD, emosjonelt ustabil (borderline) personlegdomsforstyrring, bipolar liding, og personar som ikkje har nokon av desse diagnosane (kontrollar). Ingen spesielle ferdigheiter eller erfaring er nødvendig.

 

Kva inneber deltaking? 

Studien går over eit år og inneber:

  • Å svara på spørsmål dagleg om søvn og humør via ein mobil-app (tidsbruk 1-2 minutt)
  • To dagar med psykologiske og fysiologiske undersøkingar (start- og sluttundersøking, tidsbruk 3-4 timar pr. gong)
  • Fem 5-dagars utvida undersøkingar som mellom anna inneber bruk av ein aktivitetsmålar og utfylling av spørjeskjema jamt fordelt utover dagen. Desse periodane vil bli fordelte utover året med 10-11 vekers mellomrom (totalt 25 dagar/døgn).

 

Kvifor delta?

Deltaking kan bidra til å gje ein sjølv ei betre forståing av eigne kjenslemessige reaksjonar og mønster. I tillegg er deltaking viktig for å auka kunnskap og forståing av nevropsykiatriske tilstandar, som igjen kan bidra til betre diagnostikk og behandling av psykiske lidingar.

Alle deltakarar vil bli kompensert 1000 kr for kvar av dei to undersøkingsdagane og 500 kr per gjennomført femdagarsperiode (totalt: 4500 kr). Kompensasjon blir utbetalt ca. 1-2 månader etter at kompensasjonsskjema er utfylt.

 

Når og kvar? 

Start- og sluttundersøkingane vil gå føre seg på Kronstad DPS på dagtid på kvardagar, men fleksible tidspunkt vil vere mogeleg for å tilpasse behova til deltakarane. Elles vil mesteparten av registreringa går føre seg med elektroniske spørjeskjema og registreringar i app på mobilen.

Korleis melder eg meg på?

Kontakt oss på dynamond.bergen@gmail.com for meir informasjon og påmelding!

 


Prosjektmedarbeidarar

Prosjektet blir gjennomført i samarbeid mellom forskarar og klinikarar ved Universitet i Bergen/Helse Bergen og ved institusjonar i Italia, Tyskland, Spania og Sveits.

Prosjektleiar 

Jan Haavik, professor (Universitetet i Bergen)

Prosjektmedarbeidarar
  • Anne Halmøy, spesialist i psykiatri (Kronstad DPS)
  • Berge Osnes, førsteamanuensis (Universitetet i Bergen)
  • Astri J. Lundervold, professor og klinisk nevropsykolog (Universitetet i Bergen)
  • Karin Schiøler, psykolog (Kronstad DPS)
  • Joakim Kolle, psykologistudent (Kronstad DPS)
  • Ingebjørg Louise Rockwell Djupedal, forskingssjukepleiar (Kronstad DPS)
En gruppe mennesker som poserer for et bilde
Prosjektgruppa

 


Kontaktinformasjon

Kontakt oss på dynamond.bergen@gmail.com for meir informasjon om prosjektet og påmelding!

 

Sist oppdatert 18.10.2024