Er du pasient?
Her finn du informasjon om kva du kan gjere for å førebu den første samtalen i poliklinikk, kva som skal skje under den første samtalen og korleis behandlinga går for seg.


- Du får ei lenke til eit kartleggingsskjema på SMS ei veke før timen hos oss.
- Du loggar på med BankID og kodebrikke eller BankID på mobil.
- Du kan klikke på lenka i SMS-en, eller logge på her: Lenke til spørjeskjema

Vi har laga ei side der du finn informasjon om vanlege psykiske vanskar, psykisk helse, ressursar, råd og sjølvhjelpsprogram som kan vere nyttig for deg og dei pårørande i ventetida.
Klikk her for å gå inn på siden

Behandler formidler om poliklinisk behandling
Bjørgvin DPS
Under behandlinga opprettar vi eit samarbeid med dei ulike samarbeidspartane ut frå behova og ønska dine. Du avgjer kven som skal involverast i behandlinga di. Aktuelle samarbeidspartnarar kan vere pårørande, fastlegen, kommunen og NAV. Vi held samarbeidsmøte med deg og dei aktuelle samarbeidspartnarane ved behov.
