Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Jobb hos oss på Ortopedisk avdeling

Ortopedisk avdeling har eit breitt fagfelt med alt frå mindre til større traumatiske skader, ortopediske infeksjonar til landsdekkande funksjon for funksjonsforbedrande kirurgi. Med fire seksjonar kan vi tilby varierte arbeidsoppgåver og pasientgrupper.

Kven arbeider her?

På Ortopedisk avdeling jobber det sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, ortopedar, fysioterapeuter. Vi er ca. 110 personer i pleiegruppa.

Kvar held vi til? 

Dei ortopediske sengepostane ligg i Sentralblokka, fordelt over to etasjer. OT syd, vest og aust ligg i 7 etg, og OT infeksjon ligg i 4 etg.

Ortopedisk poliklinikk er lokalisert i 2 etg.

Kva slags pasientar behandler vi? Og korleis? 

OT vest har ansvar for behandling av mindre og større traumer, sarkom, ryggkirurgi og andre brot i armar og bein. Dei fleste har behov for kirurgisk behandling. Liggetid kan vere frå ein dag til nokre veker.

OT syd har ansvar for protesekirurgi og har eit eige miniakuttmottak for hoftebrot. Her vert pasientane tekne imot på sengepost i samarbeid med ortoped og anestesilege.

OT aust er en 5-dagers post som er brukt til å ta imot elektive pasientar. I tillegg har vi ei overvåkningseining (OTO) der vi tek i mot pasientar direkte frå sentraloperasjon eller dagkirurgen. Der ligg pasientanen nokre timar før dei går på sengepost. Aust har eit landsdekkande ansvar for funksjonsforbedrende håndkirurgi for tetraplegipasienter.

OT infeksjon har ansvar for behandling av infeksjonar i ledd, vev, muskulatur og hud. I tillegg behandler dei infeksjon i proteser. Her er det tett samarbeid mellom ortopedar og infeksjonsmedisinare. De fleste pasientane har behov for både kirurgisk behandling og behandling med antibiotika.

Korleis organiserar vi arbeidet? 

På Ortopedisk avdeling har vi gruppesjukepleie, med to grupper på kvar post. Det er daglig legevisitt med ortopedar. På infeksjon er det også daglig legevisitt med infeksjonsmedisinare.

På Ortopedisk avdeling er det fokus på godt samarbeid mellom personalet på dei forskjellige postene og vi jobbar på tvers av sengepostane.

Korleis er arbeidsmiljøet? 

På Ortopedisk avdeling er det godt arbeidsmiljø, med mykje humor. Det er tett samarbeid mellom alle postane som bidreg til eit godt og sosialt miljø. Vi har stort fokus på at vi skal trivast på jobb. Vi jobbar heile tida for å bli betre, og det er trygt og seie frå om det ein har på hjartet. Vi har stor takhøgde!

Korleis er arbeidstida? 

Dei tilsette i pleiegruppen jobber 3-delt turnus, med mulighet til å jobbe 2-delt med dag/natt.  

Kven samarbeider vi med? 

For å få optimal pasientbehandling jobbar vi saman med legane, fysioterapeutar, ergoterapeutar, smerteteam, sosionom, psykologtjeneste og mikrobiologer.

Det samarbeides også tett med KSK og anestesiavdeling.

Kva er typiske arbeidsoppgåver for dei ulike yrkesgruppene? 

Sjukepleiarane har ansvar for oppfølging og iverksetting av medisinsk behandling, smertelindring, sårskift, utførelse av ulike prosedyrer, mobilisering, stell, kommunikasjon med kommune og andre hjelpeinstanser. Dei er aktive i vurdering av effekt av behandling og vurdering av behov for vidare tiltak.

Helsefagarbeidarane er aktivt med i den heilheitlige pleien av pasienten. Helsefagarbeidarane ved avdelinga er inkludert i oppgavdeling fra sjukepleiarane og gjer derfor oppgåver som for eksempel innleggelse av perifert venekateter (pvk), koble opp væsker, seponere dren, legge inn kateter, dobbeltkontroll av medikamenter. Dette skal utviklast vidare.

Kva blir du god til dersom du arbeider her? 

På Ortopedisk avdeling blir du god på behandling av ortopediske pasientar. Mange har samansatte utfordringar og diagnoser, så ein får også erfaring i meir enn ortopedi, det kan vere medisin, rus, psykiatri m.m. Vi har fokus på heile pasienten, så heilheitlig tenking og pasientbehandling vil vere ein naturlig del av jobben. Vi har til tider komplekse pasientar som krever tverrfaglige vurderinger. Vi har mykje smertebehandling i avdelinga, så det blir ein veldig gode på!

Sist oppdatert 18.11.2024