Økonomi- og finansavdelinga
Vi har ansvar for økonomistyring, lønn/fråvær, rekneskap og oppfølgjing av ei rekkje av dei administrative fagsystema i Helse Bergen. Økonomi- og finansavdelinga består av tre seksjonar som saman skal bidra til at Helse Bergen gir alle brukarane våre eit godt helsetilbod innanfor dei økonomiske rammene vi har. Vi skal drifte viktige administrative funksjonar som sikrar at våre tilsette får rett lønn til rett tid og at det blir gjennomført gode innkjøpsprosessar som gir rett kvalitet til ein rett pris.