Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Kven jobbar ved Spinaleininga?

Behandling og rehabilitering av pasientar med ryggmargsskade er avhengig av eit tett samarbeid mellom forskjellige yrkesgrupper og den ryggmarksskadde. Det tverrfaglege arbeidet bygger på erfaring og kompetanse, og det er difor viktig at dette er spesialisert i eigne einingar.

​​Vårt tverrfaglege team består av:

  • 2 overlegar
  • 1 assistentlege
  • 1 avdelingssjukepleiar
  • 1 fagutviklingssjukepleiar
  • 20 stillingar for pleiepersonell
  • 4 fysioterapeutar
  • 2 ergoterapeutar
  • 1 aktivitør
  • 1 sosionom
  • 1 postsekretær
  • 1 brukarkonsulent
 

Her kan du lese meir om oppgåvene til dei ulike yrkesgruppene:

Ved Spinaleininga er det to faste overlegar. Ein av desse er dagleg leiar for Spinaleininga. I tillegg kjem ein lege i spesialisering (LIS), som skiftes ut med om lag 6 mnd mellomrom. Alle legane er del av legestaben i Nevrologisk avdeling.
I avdelinga skal overlegane ha løpande kontakt med pasienten, koordinere behandlingsopplegg og følgje opp rehabiliteringsplanen for den enkelte pasienten. 
Etter utskriving frå avdelinga har overlegane ansvar for å organisera nødvendige polikliniske kontrollar.
 
Det er avdelingsoverlegen ved nevrologisk avdeling som har det samla ansvaret også for pasientane ved Spinaleininga.
 
Hovudansvarsområder for legane i avdelinga:
  • Gje informasjon om skadenivå, omfang og prognose. Tek stilling til tilvisninger og varigheit av oppholdet.
  • Medisinsk oppfølging av skaden.
  • Halde kontakt med andre spesialistar i og utanfor sjukehuset.
  • Kartleggje,  informere om og behandle andre følgjer av skaden, som til dømes endringar i seksualfunksjon, infeksjonar, depresjon, søvnforstyrringar, endringar i blodtrykksregulering, osb.
  • Har ansvar for sjukemelding og for å gje nødvendig medisinsk informasjon i forbindelse med søknader til NAV, forsikringsselskap, hjelpemiddelsentralen og eventuelt kommunale instansar.
  • Leier inntaksmøte, informasjons- og planleggings-/målsettingsmøte.
  • Overlegane har ansvar for etablering av nettverk for behandling av ryggmargsskadde i Helseregion Vest.

Sjukepleietenesta ved Spinaleininga består av sjukepleiarar, fagarbeidarar og pleieassistentar. Ved innlegging får du 2-3 kontaktpleiarar som har hovudansvar for deg den tida du er hjå oss. Sjukepleietenesta er ein del av det tverrfaglege teamet og jobbar i tett samarbeid med dei andre faggruppene for at du skal få best mogleg utbytte av opphaldet hjå oss. 

Ut frå dine behov og ressursar ynskjer vi å rettleie, støtte, assistere og utfordre deg i dagleglivets aktivitetar, og hjelpe deg til å oppnå størst mogleg grad av sjølvstende, eller på best mogleg måte administrere dine assistentar / hjelparar. 

Du får dine eigne kontaktsjukepleiarar som følger deg gjennom heile opphaldet hjå oss. 

Kontaktsjukepleiarane har ansvar for å: 

  • Legge til rette opphaldet på avdelinga slik at du får best mogleg utbytte av tida her. 
     
  • Vere eit bindeledd mellom deg og dei andre faggruppene. 
     
  • Hjelpe deg med eventuelle problem av praktisk, sosial og kjenslemessig karakter. 
     
  • Følge opp rehabiliteringsprosessen, og rettleie deg i å overta ansvaret for praktiske gjeremål etterkvart som du meistrar desse. 
     
  • Delta på planleggings-/målsettingsmøte saman med deg og resten av teamet. 
     
  • Kontaktsjukepleiarane er også tilgjengeleg for dine pårørande. 
     

Nokre dagar etter at du er kome til oss vil vi få i stand eit målmøte, der du og heile teamet er med. Hensikta med dette møtet er å utarbeide kortsiktige og langsiktige mål for opphaldet ditt hjå oss. Dine nærmaste pårørande kan vere med på dette møtet. 

Spinaleininga har 4 fysioterapeutar og 1 aktivitør. Fysioterapeutens oppgåve er å hjelpe deg til å ta i bruk dine fysiske og psykiske ressursar slik at du blir rusta til å meistre kvardagen best mogleg. 

I treninga med fysioterapeut blir det lagt vekt på bevegelse, styrke, uthaldenheit, og balanse. I tillegg er teknikktrening sentralt, for eksempel av- og påkledning, forflytting og rullestolskøyring. Det er viktig at det du gjer med fysioterapeuten overførast til alle daglege aktivitetar på avdelinga. 

I byrjinga skjer treninga ofte på rommet ditt. Fysioterapeuten vil hjelpe deg med øvingar for å ivareta musklar og leddbevegeligheit. Fysioterapeuten vil også vere ansvarleg for å finne eigna metode for å mobilisere deg opp i sitjande eller ståande avhengig av funksjonsnivå. Fysioterapeuten tar ansvar for å finne riktige hjelpemiddel relatert til forflytting, og hjelper deg å prøve dette ut de første gongene (eksempelvis rullestol, preikestol, eller krykker). Ved behov vil du også få hjelp med puste-, og hosteøvingar.   

Etterkvart vil treninga skje på treningssalen og den tek ei meir aktiv form der du deltar i aktivitetane etter dine forutsetningar. Oppfølging vil bestå av både individuelle timer, gruppetimer, eigentrening i treningssal og eventuelt i basseng.  

Dersom du har behov for fysioterapi etter utskriving frå Spinaleininga, tek me kontakt med fysioterapeut i heimkommunen din eller direkte kontakt med eit fysikalsk institutt.  

Fysioterapeuten har desse hovudansvarsområda: 

  • Gje informasjon om skadenivå og omfang i samarbeid med resten av teamet. 
     
  • Igangsetting av trening som kan bestå av lungefysioterapi, gjennombeveging/tøyingar, ståtrening, styrketrening, balansetrening, forflytting og funksjonsøvingar, gangtrening med ganghjelpemiddel og rullestolskøyring. 
     
  • Utprøving og tilpassing av hjelpemiddel som for eksempel manuell rullestol eller ganghjelpemiddel. 
     
  • Utprøving og tilpassing av ortopediske hjelpemiddel som for eksempel korsett, krage, skinner og liknande 

Spinaleininga har 2,5 ergoterapeutar tilknytt avdelinga. Ergoterapeuten har fokus på at du skal bli mest mogleg sjølvstendig i daglege gjeremål (Activities of Daily Living - ADL) som å kle på deg, utføre personleg hygiene, tilberede eit måltid, ete, forflytte deg, bruke pc.  

Ved innkomst vil ergoterapeuten kartlegge kva du klarar å gjennomføre av aktivitetar i dagleglivet, kva du treng hjelp til, og kva som er årsaka til aktivitetsvanskane. Årsaka til aktivitetsvanskar kan vere tapt eller nedsett fysisk funksjon, og/eller lite egna fysisk miljø. 

Mange daglege gjeremål krev god handfunksjon og finmotorikk. Ergoterapeuten har derfor fokus på å trene handfunksjon og trene på, og legge til rette for, eit funksjonelt grep. Dette skjer gjennom spesifikk handtrening og ved bruk av aktivitetar (mellom anna lunsjgruppe og påkledingstrening).  

Hjelpemiddel og tilrettelegging

Når det fysiske miljøet (bustad, arbeidsplass, studiestad osv) bidreg til redusert deltaking og sjølvstende, gjev ergoterapeuten råd og rettleiing, og søker om nødvendige hjelpemiddel som kan legge til rette det fysiske miljøet rundt deg. Tidleg i forløpet vil ergoterapeut på Spinaleininga opprette kontakt med kommunal ergoterapeut for å avtale heimebesøk der ein kartlegg moglegheit for tilrettelegging i egen bustad. Tilrettelegging skjer i tett samarbeid mellom deg, Spinaleininga, heimkommunen din og Hjelpemiddelsentralen. 

Dersom du har behov for elektrisk rullestol i forflytning, vil ergoterapeut saman med deg søke om hensiktsmessig stol. NAV Hjelpemiddelsentralane låner ut nødvendige hjelpemiddel på varig utlån, utan kostnad. Ergoterapeuten bidreg også til søknad om tilrettelagt bil der det er nødvendig. 

 

Noen få kvinner smiler

 

Spinaleininga har tilknytt sosionom frå Seksjon for sosionomtenestar. Haukeland Universitetssjukehus har som mål å gje pasientane ei fullstendig behandling. Dette betyr at det ikkje berre er dei fysiske/medisinske sidene ved ei behandling som er viktig, men at det kan ha stor betydning for ei behandling korleis ein meistrar sine praktiske og personlege utfordringar.  

Ryggmargsskader fører ofte med seg mange spørsmål og utfordringar i forhold til bustad, arbeid, økonomi, fritid, familie- og samlivssituasjon. Mange ønsker å ordne opp i dette sjølv, men dersom du ønsker det, kan sosionomen hjelpe deg med å finna fram til eigna tiltak for at du skal meistre ein endra livssituasjon.  

 

Sosionomens arbeidsområde 

  • Informasjon og råd om rettighetar, stønader og ytingar 
  • Bistand ved søknader 
  • Individuell Plan og koordinator 
  • Formidla kontakt med offentlege og private hjelpeinstansar 
  • Samarbeid med det øvrige personalet på avdelinga 

 

Sosionom vil ta kontakt med deg, som er her for første gong, kort tid etter innlegging på Spinaleininga for ein kartleggingssamtale. Du kan elles be lege eller sjukepleiar om å få samtale med sosionom. Tilbodet om samtale gjeld også for pårørande då desse også ofte har stort behov for informasjon om rettigheiter og liknande som pasienten sjølv.  

 

Saman med det tverrfaglege teamet på avdelinga startar vi så tidleg som mogleg samarbeid med hjelpeapparatet i kommunen, NAV og andre aktuelle instansar. Dette er viktig slik at du kan meistre din nye livssituasjon utanfor sjukehuset så godt som mogleg. Samarbeid med kommunen, og eventuelt andre instansar er sjølvsagt avhengig av at du gjer ditt samtykke. 

 

  • Brukarkonsulenten, som sjølv har ei ryggmargsskade, skal vera der som ein likeperson til pasientane. Vedkommande skal kunne dela sine erfaringar med både hjelpemiddel og andre praktiske utfordringar, og det å leve med ein funksjonsnedsetting. 

     

    Både pasientar og pårørande kan koma med sine spørsmål og tankar. Dersom faggrupper i det tverrfaglige teamet ser det hensiktsmessig at brukarkonsulenten deltar i ulike situasjonar som for eksempel påkledning, trening, deling av erfaring, tar dei kontakt med brukarkonsulenten. 

     

    Brukarkonsulenten har desse ansvarsområda: 

    • Er med på aktivitetsgruppa og har kveldsaktivitetar. 
       
    • Har eit tett samarbeid med sosionom angåande spørsmål om rettar og andre aktuelle tema. 
       
    • Kan informera om aktuelle foreiningar og liknande. 

     

    • Inngå i det tverrfaglege teamet 

     

Sist oppdatert 24.02.2025