Seksjon for klinisk ernæring
God ernæring er ein føresetnad for god helse, og kosthaldet har mykje å seie i førebygging og behandling av ei rekkje sjukdommar. Seksjon for klinisk ernæring har særleg fokus på førebygging og behandling av sjukdomsrelatert underernæring, som del av den overordna ernæringsstrategien til Helse Bergen. Kliniske ernæringsfysiologar gir kostrettleiing og ernæringsbehandling ved fleire sjukdomar som del av eller som einaste behandling. Seksjon for klinisk ernæring er ei intern teneste som tek imot tilvisingar frå kliniske avdelingar og poliklinikkar ved sjukehuset.
Kontakt
Telefon
Om du kjem til telefonsvarar, legg igjen beskjed med namn og telefonnummer og du vil bli ringt opp.
Slik finn du fram
Oppmøtestad
Sjå innkallingsbrev og/eller helsenorge.noSentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen