Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Andre søvnsjukdommar

Her kan du lese meir om søvnsjukdommane insomni, døgnrytmelidingar, parasomniar og søvnrelaterte bevegelsesforstyrringar.

Det finnast 6 ulike diagnosegrupper av søvnsjukdommar. Søvnpoliklinikken greier ut og behandlar i hovudsak pasientar med søvnrelaterte respirasjonsforstyrringar (søvnapné) og alvorlege hypersomniar, medan dei andre søvnsjukdommane i hovudsak skal handterast i primærhelsetenesta.

Her kan du lese meir om søvnsjukdommane insomni, døgnrytmelidingar, parasomniar og søvnrelaterte bevegelsesforstyrringar.

 

Insomni

Insomni, eller søvnlausheit, er den vanlegaste søvnsjukdommen. Søvnvanskane varierer frå pasient til pasient. Nokon slit mest med innsovninga, andre med uroleg nattesøvn og mange oppvakningar. Ved kronisk insomni anbefalast i første rekke ikkje-medikamentell terapi (kognitiv atferdsterapi for insomni).

Les meir om insomni her.

Insomni skal i hovudsak greiast ut og behandlast i primærhelsetenesta (f.eks. fastlege, psykolog og søvnsentre). Det vil berre unntaksvis vere trong for nattleg søvnregistrering for å utelukke andre moglege orsakar til søvnproblema. Insomni er likevel så vanleg at mange pasienter ved Søvnpoliklinikken slit med denne problematikken, enten åleine eller i tillegg til ein annan søvnsjukdom.  

Vi anbefaler deg som har insomni om å ta dette opp med din fastlege. Ein del privatpraktiserande legar og psykologar har òg kompetanse på tema. Nokre pasientar kan ha nytte av ulike sjølvhjelpstilbod (søvnkurs, bøker, videoar, podkastar) og gruppebaserte behandlingsopplegg. 

Om du vurderer å nytte deg av ulike sjølvhjelp- eller gruppebehandlingstilbod, anbefaler vi at du vel eit alternativ som kan vise til dokumentert effekt, og/eller byggjer på behandlingsprinsipp med dokumentert effekt. Det kan òg være nyttig å ta denne testen i forkant, for å få ein peikepinn om kva slags søvnsjukdom du kan ha. Her kan du lese meir om ulike sjølvhjelp- og gruppebehandlingstilbod for insomni:

"Sov godt" er eit kursopplegg som er utvikla av Helsedirektoratet, med hjelp frå Nasjonalt senter for søvnmedisin (SOVno), Folkehelseinstituttet (FHI) og frisklivssentralar. Kurset byggjer på forskingsbasert kunnskap om søvn og behandling av søvnproblem. Effekten av kurset er ikkje dokumentert gjennom vitskapelege studiar, men forskarar ved NTNU er for tida i gang med et forskingsprosjekt for å undersøke dette nærmare. Sov godt-kursane er først og fremst retta mot deg som har insomni, og tilbydast blant anna ved fleire av landets frisklivssentralar og ved nokre andre kommunale tenester (f.eks. ved Rask psykisk helsehjelp). Kontakt din lokale frisklivssentral for meir informasjon om tilbodet der du bur.

Her kan du lese meir om forskingsprosjektet "Sov godt".

Her finn du ei oversikt over frisklivssentralar i Noreg.

"Stå opp" er eit gruppebasert behandlingsopplegg basert på prinsippa for kognitiv åtferdsterapi for insomni (CBTi). Gruppebehandlingsopplegget er utvikla i Oppegård kommune, og positive effektar er dokumentert gjennom ein studie publisert i Tidsskrift for Norsk Psykologiforening. Stå opp er retta mot pasientar med insomni, og tilbydast blant anna ved nokre av landets frisklivssentralar og andre kommunale tenester (f.eks. ved Rask psykisk helsehjelp). Kontakt din lokale frisklivssentral for meir informasjon om tilbodet der du bur.

Her kan du lese meir om forskinga på det gruppebaserte behandlingsopplegget "Stå opp".

Her finn du ei oversikt over frisklivssentralar i Noreg.

Søvnpodden er ein podkast for alle som søv, utgjeven av Nasjonalt senter for søvnmedisin (SOVno).

En gruppe mennesker som smiler

Foto: Marius Løbø Fimland

I episoden "Søvnproblem? Fortvil ikkje, det er hjelp å få!!" losar Søvnpodden deg gjennom ikkje-medikamentell søvnbehandling, steg for steg. Med litt kunnskap og enda meir motivasjon er det faktisk mykje du kan få til på eigenhand. 

Anten du er pasient, pårørande, lege eller anna helsepersonell - i denne episoden forklarar vi det du treng å vite.

Høyr episoden her, eller i din podkast-app. Les meir om Søvnpodden her.

 

 

 

 

Døgnrytmelidingar

Ved døgnrytmelidingar er det anten problem med den indre biologiske klokka (forsinka søvnfaseliding, fremskynda søvnfaseliding, frittlaupande søvn-vakenheitsrytme, irregulær søvn-vakenheitsrytme) eller utanforliggande faktorar som gjer at den innebygde klokka er ute av fase (jet lag, skiftarbeidsliding). Alle døgnrytmelidingane gir symptom i form av søvnproblem og/eller auka søvntrong. Dette gir problem med å fungere normalt, for eksempel sosialt eller på jobb.

Les meir om døgnrytmelidingar her.

 

Bevegelsesforstyrringar

Restless legs, eller urolege bein, kjenneteiknast av ubehagelege fornemmingar eller kriblingar i beina, som lindrast av bevegelse/aktivitet. Når plagene er av en viss alvorsgrad og hyppigheit kallast det restless legs syndrom eller Willis-Ekboms sykdom.

Les meir om restless legs her.

Periodiske beinbevegelsar under søvn (PLMS) karakteriserast av episodar med gjentatte, einsarta beinbevegelsar under søvn. Disse beinbevegelsane kjenneteiknast av at pasientane rykkvis bøyer stortær, anklar og kne, og at samantrekkingane kjem regelmessig natta gjennom. På engelsk kallast tilstanda «periodic limb movements in sleep», og understrekar at det ikkje berre er beina, men òg armane som kan bevege seg. Beinbevegelsar er likevel klart vanlegast. Disse beinbevegelsane kan forstyrre søvnen, og gi hyppige oppvakningar. Det er ofte søvnproblem som bringar pasienten til legen.

Les meir om periodiske beinbevegelsar her.

 

Parasomniar

Parasomniar er eit samlenamn på uønska motoriske fenomen eller opplevingar som skjer under innsovning, i løpet av søvnperioda, eller i forbindelse med oppvakningar frå søvn. Det finnast mange forskjellige parasomniar, og det er vanlig å dele inn i tre hovudgrupper: 1) Forstyrringar knytte til NREM (djup) søvn, 2) Forstyrringar knytte til REM søvn og 3) Andre parasomniar (som ikkje er knytte til spesielle søvnstadium). Det som er typisk for alle parasomniane er at hendingane skjer utanfor normal bevisstheit.

Les meir om parasomniar her.

Vil du vite meir om søvnsjukdommar?

På heimesidene til Nasjonalt senter for søvnmedisin (SOVno), finn du mykje nyttig informasjon om søvn og søvnsjukdommar.

Informasjonen er både retta mot deg som er pasient og lurar på kor du kan få hjelp til dine søvnproblem, og mot behandlarar som treng meir informasjon om søvnsjukdommar, utgreiing og behandling.

Nasjonalt senter for søvnmedisin (SOVno)
En gruppe firkanter
Sist oppdatert 03.06.2024