Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Informasjon om kurset

Vi tilbyr kurs i lungerehabilitering. Her ser du innhald, omfang og informasjon om kven som kan søke.

Kursinnhald

  • Trening
  • Undervisning 
  • Motivering til røykeslutt

Kurset brukar ei endringsfokusert tilnærming.

Treninga føregår i grupper på 8 personar. I undervisninga vert to grupper slått saman, slik at vi då er totalt 16 personar. 

Trening

Vi tilbyr to treningsnivå: 

  • Middels/sprek aktivitetsnivå. Kombinasjon av trening for styrke og uthald.  
  • Lågt aktivitetsnivå. Hovudvekt på trening for bevegelse og styrke.

Undervisning

Du vil få undervisning i tema som pusteteknikk, treningslære, slimmobilisering, sjukdomslære, medikamentbruk, ernæring, trygderettar og det å leve med kronisk sjukdom. Undervisning vert gitt av eit tverrfagleg team som består av fysioterapeutar, lege, sjukepleiar, sosionom, ernæringsfysiolog, farmasøyt og prest.

Individuell rettleiing

Etter behov vil du kunne få individuell rettleiing i røykeslutt, inhalasjonsteknikk, slimmobilisering, trygderettar og ernæring. Alle deltakarane vil få tilbod om ein samtale med lege.

Korleis få plass på kurset?

For å kunne delta på kurset treng du tilvising frå fastlege eller lungespesialist. Du vil så bli innkalla til ein testdag der du får ein samtale med fysioterapeut og må gjennomføre fysiske testar. For å kunne delta på kurset må du:

  • Kunne gå opp/ned ein etasje i trapp
  • Kunne delta i gruppeundervisning på ca 45 minutt
  • Kunne delta i gruppetrening til musikk
  • Ha kapasitet til å reise til/frå kurs 2-3 gongar i veka i 6 veker

Dersom du ikkje har frikort må du betale ein eigendel for heile kurset.

Kurset føregår på dagtid to og tre dagar i veka i seks veker. Dette vil sei 13- 15 kursdagar.  Kvar kursdag varer i om lag 3- 4 timar og inneheldt ein bolk med trening og ein med undervisning.

Lungerehabiliteringa finn du i Lunge poliklinikk i underetasjen i Sentralblokka på Haukeland universitetssjukehus.

Du må i utgangspunktet sjølv sørge for å komme deg til og frå kurset. Du kan søke om å få dekka reiseutgifter på Pasientreiser. Drosje vert vurdert individuelt ut frå medisinske grunnar.


Søknad til Lungerehabilitering HUS

Sist oppdatert 04.06.2024