(1) Polycytemia vera, (2) Essensiell trombocytose og (3) Primær myelofibrose
Utgreiing av myeloproliferative sjukdomar (MPN)
Utgreiing av myeloproliferative sjukdomar
Ved myeloproliferativ sjukdom (MPN) er det overproduksjon av modne, funksjonelle blodceller. Philadelphia-kromosom-negativ MPN omfattar i hovudsak:
- Polycytemia vera (PV)
- Essensiell trombocytemi (ET)
- Primær myelofibrose (PMF)
Desse sjukdomane fører til auka risiko for trombosar, beinmargsfibrose og akutt leukemi. Drivarmutasjonar i gena for Janus kinase 2 (JAK2), calretikulin (CALR) og trombopoietin reseptor (MPL) aktiverer JAK-STAT-signalvegen og er årsak til desse sjukdomane. Påvising av desse mutasjonane er difor ei viktig del av utgreiinga.
Mutasjonane førekjem med ulik frekvens hos pasientar med MPN. Om lag 98 % av pasientane med polycytemia vera har JAK2-V617-mutasjonen, medan ca. 2 % har ein mutasjon i JAK2 ekson 2. Ved essensiell trombocytemi og primær myelofibrose har ca. 60 % JAK2-V617-mutasjonen, medan 20–25 % har mutasjonar i CALR ekson 9 og under 10 % har mutasjonar i MPL, typisk W515L, W515K eller W515A.
Sjå Nasjonalt handlingsprogram med retningslinjer for diagnostikk, behandling og oppfølging av maligne blodsykdommer for oppdaterte diagnostiske kriterium og ytterlegare fagleg rettleiing.
Sjå også nordiske anbefalingar: Nordic MPD study group. Guidelines for the diagnosis and treatment of patients with polycytemia vera, essential thrombocythemia and primary myelofibrosis, oppdatert 2017.
Tilgjengelege analysepakker ved utgreiing av MPN:
For fastlegar/primærhelsetenesta:
- Polycytemia vera/Myeloproliferativ sykdom, initial utredning
- Inneber analyse av JAK2-V617F
- Dersom JAK2-V617F er negativ og det likevel er mistanke om MPN, må pasienten tilvisast hematolog som vil stå for videre utgreiing.
For hematologar/indremedisinarar:
- Essensiell trombocytemi / primær myelofibrose (JAK2-V617F, CALR, MPL)
- Inneber sekvensiell analyse av JAK2-V617, CALR og MPL
- JAK2-V617. (Dersom JAK2-V617F ikkje blir påvist, går en videre til neste genanalyse, CALR)
- CALR. (Dersom CALR mutasjonar ikkje blir påvist, går en videre til neste analyse MPL.)
- MPL-W515K og MPL-W515L
Om dei enkelte analysane:
JAK2-V617F: Analysen er kvantitativ og blir rapportert som allelbyrde (prosentdel JAK2-V617F av den totale mengda JAK2-allel). Resultat > 0,4 % karakteriserer pasienten som JAK2-V617F-positiv. Berre verdiar > 1 % blir vurdert som sikkert klinisk signifikant. Verdiar mellom 0,4–1% bør kontrollerast.
CALR: Sanger-sekvensering av ekson 9. Resultat blir rapportert som påvist eller ikkje påvist og eventuelle mutasjonar blir namngjevne jf. HGVS.
MPL-W515K og W515L: Analysen for MPL-mutasjonane W515K og W515L er kvalitativ. Mutasjonane blir rapportert som påvist ved målt allelbyrde > 1,5 %. Metoden kan i tillegg indikere førekomst av W515A-mutasjonen dersom denne er til stades i høg grad (allelbyrde >>50 %). Ved mistanke om W515A-mutasjonen vil denne stadfestast med sekvensering av MPL-genet. Andre mutasjonar i MPL-genet blir ikkje oppdaga med denne metoden.
JAK2 ekson12-mut: Analysen er kvalitativ, og mutasjonane vil difor bli rapporterte som påvist eller ikkje påvist. Eventuelle mutasjonar blir stadfesta med sekvensering.
Monitorering av kjend JAK2-V617F positiv sjukdom:
JAK2-V617F kan rekvirerast direkte for monitorering av pasientar med kjend JAK2-V617F-positiv sjukdom. Rutinemessig monitorering av molekylær respons av JAK2-V617F er ikkje anbefalt.