Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Strålebehandling mot bekkenet ved anal- eller endetarmskreft

Behandling

Kvar behandling tar 10 - 20 minutt. Sjølve strålinga tar ca. 1 – 5 minutt. Du får behandling kvar dag, unntatt i helgene og helgedagar. Undervegs i behandlinga vil det bli tatt bildekontrollar på behandlingsapparatet. Desse bilda viser ikkje korleis sjukdommen påverkast av behandlinga, men er ein viktig kvalitetskontroll for å sikre at behandlinga blir gitt på rett stad.

Forberedelse før behandling

Det er ønskjeleg at behandlinga vert planlagt og gitt med halvfull urinblære. Dette oppnår du ved å late vatnet ca 1 time før behandling. Rett etter at du har late vatnet drikk du kun to glas (ca 3 dl) vatn. Deretter bør du ikkje late vatnet før du er ferdig med dagens behandling.

Legekontrollar

Det blir tatt blodprøvar i løpet av behandlingsperioden. Du får også time hos lege her på avdelinga. Når du er hos lege kan du få svar på spørsmål angåande sjukdommen og behandlinga. Dersom du treng reseptar eller sjukemelding, er det viktig å ta det opp når du er hos legen. Det kan vere ein fordel om du på førehand skriv ned det du har tenkt og spørje legen om.

Røyking

Strålinga er avhengig av oksygen for å verke effektivt. Røyking vil føre til redusert oksygennivå i blodet og kan dermed redusere effekten av behandlinga. Vedvarande røyking under strålebehandling har òg samanheng med auka førekomst av biverknadar. Det er derfor svært viktig at du sluttar å røykje. Snakk med stråleterapeut eller lege for råd og rettleiing.

Biverknadar av strålebehandlinga

Strålebehandlinga kan medføre biverknadar. Desse kjem gjerne etter 1-2 vekers behandling. Akutte biverknadar avtar gradvis nokre veker etter avslutta strålebehandling. Vanlege biverknadar er:

Trøttleik

Strålebehandlinga kan gjere at du føler deg meir trøytt og slapp. Det er då godt å få litt ekstra søvn og kvile. Frisk luft er bra, ta gjerne ein spasertur dersom du har anledning. Tilpassa fysisk aktivitet kan vere bra. Det er viktig med eit variert og næringsrikt kosthald. Under strålebehandlinga er det viktig å drikke rikeleg. Kroppen treng 1,5 - 2 liter væske dagleg. Er du yrkesaktiv kan du arbeide som vanleg, viss du sjølv ønskjer det.

Hudreaksjonar

Huda kan bli irritert (dvs. raud, øm og kløande hud) av strålebehandlinga. Under behandlinga anbefaler vi at du bruker ei såpe utan parfyme i behandlingsområdet. Unngå karbad, ta heller ein dusj. Ikkje frotter huda i strålefeltet, men klapp ho tørr. Ligg gjerne på senga og la området lufttørke heilt.

Ikkje bruk stramt tøy. Bruk gjerne tøy av bomull. Huda må vere rein og så tørr som mogleg. Det er viktig at det kjem luft til dei såre områda. Unngå sol på bestrålte hudområde.

Diaré

Ved strålebehandling av bekkenet, kan ein få laus avføring eller diaré. Dersom du opplever det må du snakke med stråleterapeut som vil gje deg rettleiing om tilpassa kosthald og eventuelle medisinar. Knipsmerter kan førekomme opptil flere veker etter avslutta strålebehandling. Slimhinna i endetarmen kan bli irritert av strålebehandlinga. Dette kan medføre kløe og smerter.

Hyppig vannlating

Slimhinna i urinblæra blir irritert av strålebehandlinga. Dette medfører plager som kan minne om ein urinveisinfeksjon, med hyppig vannlating og svie. Snakk med personalet på behandlingsmaskina dersom dette blir eit problem.

Spesielt for kvinner

Ved nokre strålebehandlingsopplegg gitt mot bekkenområdet, som medfører høge stråledosar til skjeden, kan det vere ein fare for utvikling av arrdanning i skjeden. Dette kan motverkast ved bruk av en dilatator. Dette vil du få informasjon om i løpet av behandlingsperioden.

Dersom det oppstår biverknadar eller du har andre spørsmål i forbindelse med behandlinga, kan du spørje personalet på behandlingsmaskina. Du kan også ta det opp med legen når du er til kontroll.

Strålebehandling kan gi sår hud i det området på kroppen du får behandling. Risikoen for dette vil variere. Behandlingspersonalet vil gi nærmare informasjon om korleis det blir i ditt tilfelle. Reaksjonar i huda kan auke den første tida etter strålebehandlinga er avslutta.

I dei fleste tilfella vil huda vere heila i løpet av nokre veker.

Når du går til strålebehandling anbefaler vi at du steller huda i på følgande måte:

  • Vask av huda: forsiktig vask eller dusj, ikkje for varmt vatn og ikkje for lenge. Bruk berre vatn, eventuelt uparfymert såpe. Ikkje frottér huda, klapp ho heller tørr.
  • Får du stråling mot hovudet: bruk mild sjampo, og unngå å bruke hårfønar med høg temperatur.
  • Bruk ikkje parfymerte produkt i stråleområdet.
  • Barbering: bruk barbermaskin.
  • Unngå bruk av silikonprotese og teip i behandlingsområdet.
  • Tøy: bruk gjerne bomull nærmast huda, unngå stramt tøy. La det komme luft til strålebehandla hud ved anledning.
  • Strålebehandla hud er varig meir ømfintleg for temperatur, vind og sol. Dersom huda blir raud, tørr og irritert, kan du i samråd med behandlingspersonalet/apotek smørje tynt med ein hudkrem. Den bør være uparfymert, vatnbasert og med middels fettinnhald. Ikkje smør på hudlause område.

 

Husk:

  • Dette er generelle råd i tillegg til munnleg informasjon. Det kan vere nødvendig å gi andre råd i enkelte tilfelle.
  • Spør alltid om råd dersom det dukkar opp problem under strålebehandling. Ta gjerne kontakt sjølv etter avslutta strålebehandling, om det er noko du lurer på.
  • Følg desse råda til huda er heila etter strålebehandlinga.
  • Strålebehandla hud vil vere varig meir ømfintleg for sol enn normal hud. Bruk høg solfaktor.

 

Har du spørsmål i forbindelse med behandlinga, kan du spørje personalet på behandlingsmaskina. Du kan også snakke med legen ved kontrolltime.

Sist oppdatert 07.10.2024