Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Konsekvensar som tillaging av stomi kan ha for religiøse og kulturelle forhold

Religiøs tru er ein viktig del av livet for mange. Å få laga til stomi kan påverke praktiseringa av religionen til den enkelte når det gjeld ulike bod eller levereglar som den truande skal følge. Sjølv om ikkje alle praktiserer reglane, er det viktig å kjenne til at dette kan vere eit tema for diskusjon. Helsepersonell bør også kjenne til konsekvensane som tillaging av ein stomi kan få for utøving eller praktisering av religionen til pasienten.

Ikon av religioner

Illustrasjon: Marie Viola Fjelde

Hensikt

Formålet med denne informasjonssida er å belyse kva som er spesifikt for kvar enkelt religion, og korleis det kan få noko å seie for den som må få laga til stomi og den daglege stomipleia.

Det skal også sikre at kvar enkelt blir møtt med respekt for dei kulturelle og religiøse behova sine. Vidare vil det bli gitt forslag til moglege tiltak. Det kan vere ein må ta vurderingar knytte til:

  • klesdrakt
  • plassering av stomien
  • kosthald/kostrestriksjonar/faste
  • spesielle omsyn
  • hygiene
  • utøving av bønn/gudsteneste
  • språk og kommunikasjon

Kvar religion er beskriven for seg.

 

Klesdrakt

Det er ingen krav til klesdrakt i kristendommen

Stomiplassering

Det er ingen ritual i kristendommen som kan ha noko å seie for stomiplasseringa. Nokon kneler under bønn, men det vil ikkje skape problem for ein person med stomi.

Kosthald/kostrestriksjonar/faste

Ingen mat er forboden i kristendommen.

I den ortodokse kyrkja overheld ein strenge fastereglar, og det er 180 fastedagar i året. Innanfor katolisismen er det vanleg å faste 40 dagar før påske, og ikkje ete kjøtt fredagane før påske. Å gjennomføre faste for ein person med ileostomi kan vere uheldig med tanke på å klare å halde oppe væske- og saltbalansen. Innanfor den protestantiske kyrkja er det ikkje vanleg med faste og endra kosthald før påske.

Sjuandedagsadventistar et ikkje svinekjøtt og skaldyr. Mange er vegetarianarar og nokon et berre veganmat. Det er viktig å vere merksam på at vegetarisk kosthald kan gi lausare avføring. Bønner, linser, grønsaker og ris kan gi blokkeringar i tarmen. Adventistane frårår kaffi, te og alkohol.

Hygiene

Kristendommen har ingen spesielle reglar når det gjeld hygiene.

Utøving av bønn/gudsteneste

I kristendommen er det ingen krav til utøving av bønn og gudstenesteliv.

Språk og kommunikasjon

Sjukehuset bestiller tolk etter behova og preferansane til den enkelte med tanke på kjønn og kultur.  

Klesdrakt

I Islam er det tre krav til klede:

  1. Kleda må ikkje vere gjennomsiktige og ikkje tettsittande
  2. Kleda må dekke dei kroppsdelane som det er obligatorisk å dekke (for menn frå navlen til knea. For kvinner skal heile kroppen unnatatt ansiktet og hendene vere tildekte).
  3. Kvinnene bruker hijab, chador, nikab, eller burka.

Stomiplassering

Ein stomi og dens plassering på magen vil ikkje komme i konflikt med kleskrava i islam.

Kosthald/kostrestriksjonar/faste

Islam har 30 dagars faste frå soloppgang til solnedgang under Ramadan, men Al-Azhar Fatwa, islamsk lov ved sjukdom, gir høve til unntak. Sjuke, eldre og svekte personar, reisande, diabetikarar, barn, gravide, ammande og menstruerande kvinner er unnatatt. Dei fleste ønsker likevel å gjennomføre fasta og pilegrimsreisa til Mekka, sjølv om det kan bety ekstra utfordringar for ein stomioperert med tanke på varmen og toalettforholda. Å gjennomføre faste for ein person med ileostomi kan føre til problem med å klare å halde oppe væske- og saltbalansen.

Det er forbod mot svinekjøtt i islam. For muslimar kan det vere problematisk at stomiplatene inneheld gelatin, som er eit derivat av svin. Det kan likevel bli akseptert, sidan det er utanpå kroppen. Gelatin finst også i Loperamid kapslar som kan vere nødvendig å bruke for å redusere output frå ileostomi. Eit alternativ kan vere Imodium tablettar eller mikstur. Oppfordringa er å snakke med Imamen om dette.

Hygiene

I islam må muslimar vaske seg før bønn 5 gonger om dagen, og i tillegg etter toalettbesøk, før dei går i moskeen, og før og etter samleie. Vaskinga omfattar ansikt, bak øyra, nasebor, munn, hender, området rundt kjønnsorgana og føtene, og skal gå føre seg under rennande vatn. For muslimar er høgrehanda rein, og venstre hand er den som blir brukt til hygiene. Det kan bli vanskeleg å klare å gjennomføre stomistell med éi hand. Éi løysing kan vere å bruke hanske på høgre hand, eller nytte 1-delt system, som kan vere mogleg å handtere med éi hand.

Vaskeritualet kan for stomioperert bety at dei må ha rein/ny pose 5 gonger om dagen. Dette vil føre til stort forbruk. For ein som bruker 1-delt system, kan det oppstå hudproblem i form av stripping på grunn av hyppige skift. Det blir derfor anbefalt 2-delt system. Irrigasjon kan vere ei god løysing for ein som har kolostomi. Desse problemstillingane blir anbefalte å ta opp med Imamen.

Spesielle omsyn

Muslimar skal sove på høgre side, men dette bodet kan ein fråvike ved sjukdom og behandling.

Utøving av bønn/gudsteneste

Fem gonger i døgnet skal muslimar utføre ei fast rituell bønn vende mot Mekka. Ifølge Koranen er den rituelle bønna ei religiøs plikt som gjer det vanskelegare for den truande å synde, ettersom ein veit at ein må bøye seg ned og underkaste seg Gud fem gonger dagleg.

Bønnestillinga kan gi utfordringar relatert til stomi og lekkasjeproblem. Stomi- og kontinenssjukepleiar kan vere behjelpeleg med å tilpasse eigna stomiutstyr. Det blir også anbefalt å ta opp problemstillinga med Imamen.

Språk og kommunikasjon

Sjukehuset bestiller tolk etter behova og preferansane til den enkelte med tanke på kjønn og kultur.  

Klesdrakt

Tradisjonelle indiske klede er tett knytt til religionen. Det blir ofte forventa at kvinner bruker sari ved viktige religiøse høgtider, mens menn skal bruke sarong eller lendeklede og ha bar overkropp. Ein stomi vil mest sannsynleg bli dekt av desse kleda.

Stomiplassering

Vanleg stomiplassering vil ikkje komme i konflikt med klesreglar i hinduismen.

Kosthald/kostrestriksjonar/faste

Hinduar reknar kyr som heilage og et derfor ikkje storfekjøtt. Mjølk derimot, blir sett på som livgivande, og er lov å bruke. Som hindu skal ein helst vere vegetarianar, for å gjere minst mogleg skade på levande vesen. Mange hinduar er vegetarianarar, mens andre et sau og kylling. På hinduistiske heilagdagar skal ein berre ete vegetarkost. Det er viktig å vere merksam på at vegetarisk kosthald kan gi lausare avføring.

Kvardagsmaten, som ofte består av bønner, linser, grønsaker, ris og chapatti (u-gjæret, steikt tjukk lompe av mjøl), kan gi blokkeringar i tarmen. Svin er ikkje forbode, men mange unngår det. Det er ikkje lov å bruke medisinar som inneheld gelatin, som er eit derivat av svin. Gelatin finst i Loperamid kapslar som kan vere nødvendige å bruke for å redusere output frå ileostomi. Eit alternativ kan vere Imodium tablettar eller mikstur.

Ein del hinduar praktiserer faste, men her er det ulike tradisjonar. Å gjennomføre faste for ein person med ileostomi kan vere uheldig med tanke på å klare å halde oppe væske- og saltbalansen. Faste og matrestriksjonar i hinduismen er ikkje restriktive. Stomi- og kontinenssjukepleiar kan gi råd og tips. Det blir også anbefalt å ta opp problemstillinga med den religiøse leiaren sin.

Nokre hinduar drikk alkohol, andre ikkje. Kva ein reknar som reint å ete eller drikke, avheng ikkje berre av kva retning ein tilhøyrer, eller kor strengt ein praktiserer religionen. Det kan også ha samanheng med kva kaste ein tilhøyrer. Prestekasta reknar både kjøtt og alkohol som ureint, mens ein som tilhøyrer ei lågare kaste ikkje følger like strenge reglar.

Hygiene

I hinduismen må ein vaske seg med rennande vatn før bønn og ha rein stomipose. Det blir akseptert at ein kan fukte tørre kompressar under rennande vatn og bruke dei til å reingjere stomien. Venstre hand bruker ein til ureine oppgåver. For å utføre stomistell kan hinduen bruke ein hanske på høgre hand, om 2-delt system blir nytta. 1-delt system kan vere enklare å handtere med éi hand.

Utøving av bønn/gudsteneste

Mange hinduar ber dagleg i tempelet, ved eit alter heime, eller ved bestemte stader knytte til ein guddom.

Hinduar ser på templa sine som bustadene til gudane, og ein er gjestene til gudane når ein besøker dei. Sidan vatn er eit symbol på liv i hinduismen, ligg alltid templa i nærleiken av vatn eller basseng, slik at dei besøkande kan ta rituelle bad. Elva Ganges er den heilage elva til hinduismen. Å bade i Ganges er for hinduane ein rituell reinsande og frelsande handling. Mange hinduar reiser på pilegrimsferd til heilage stader langs Ganges.

Det er viktig å vere klar over at alle stomibandasjar er laga for å kunne tole bading. Å reise på pilegrimsferd, kan bety ekstra utfordringar for ein stomioperert med tanke på varmen og toalettforholda. Ileostomiopererte er spesielt utsette for å bli dehydrerte i varmen. Da er det viktig å gjere tiltak for å halde oppe væske- og saltbalansen. Stomi- og kontinenssjukepleiar kan gi råd og tips. Det blir også anbefalt å snakke med den religiøse leiaren sin om dette.

Yoga er eit anna ritual i hinduismen. Mange hinduar utfører systematiske kroppslege øvingar – anstrengingar for å oppnå ei foreining med det guddommelege. Spesielle yogastillingar kan kanskje by på utfordringar for stomien med tanke på lekkasjar. Her kan stomi- og kontinenssjukepleiar vere behjelpeleg med å finne eigna stomiutstyr.

Språk og kommunikasjon

Sjukehuset bestiller tolk etter behova og preferansane til den enkelte med tanke på kjønn og kultur.  

Klesdrakt

Buddhistar har ingen krav til korleis dei skal kle seg. Det er berre munkane og nonnene som har spesielle antrekk, orange kapper.

Stomiplassering

Antrekket til munkane og nonnene har ingenting å seie for plassering av ein stomi. For buddhistar som praktiserer yoga, kan spesielle yogastillingar ha noko å seie for stomiplasseringa. Det bør bli avklart før operasjonen.

Kosthald/kostrestriksjonar/faste

Buddhistar er ofte vegetarianarar. Kor strengt dette blir etterlevd, avheng av kva stadium ein er på i religionen. Aukande stadium medfører strengare matreglar. På andre stadium kan ein for eksempel ikkje drepe for å skaffe seg mat, men ein kan ta imot kjøtt i gåve frå andre. På tredje stadium må ein leve vegetarisk. Det er viktig å vere merksam på at vegetarisk kosthald kan gi lausare avføring. Bønner, linser, grønsaker og ris kan gi blokkeringar i tarmen.

Buddhismen forkastar som hovudregel askese, medrekna ekstrem faste. Munkane skal likevel berre ete eitt måltid om dagen, og det skal skje før middagstid. Ved nymåne- og fullmånedagar skal dei faste i samband med resitasjon (høgtlesing) av munkereglane. På desse dagane fastar også mange legmenn og legkvinner. Det er viktig å vere klar over at ileostomiopererte er spesielt utsette for å bli dehydrerte i varmen. Da er det viktig å gjere tiltak for å halde oppe væske- og saltbalansen. Stomi- og kontinenssjukepleiar kan gi råd og tips. Problemstillinga rundt faste, kan ein også ta opp med den religiøse leiaren sin.

Spesielle omsyn

Det er 5 levereglar i buddhismen:

  1. Ikkje skade eller drepe noko levande
  2. Ikkje stele
  3. Ikkje vere seksuelt utru eller misbruke nokon seksuelt
  4. Ikkje lyge
  5. Ikkje drikke alkohol eller bruke narkotika
  6. Hygiene

Det er ingen spesielle krav til hygiene i buddhismen.

Utøving av bønn/gudsteneste

Meditasjon er eit viktig ritual i buddhismen. Det er eit individuelt ritual, og handlar om å reinse seg og få indre fred for å oppnå nirvana. Nokon bruker i tillegg mantra som er heilage ord ein seier, eller yoga som er fysiske øvingar, til å styrke konsentrasjonen. Ein kan meditere over alt; heime, ute og i tempelet. Ein stomi vil ikkje ha nokon innverknad på meditasjon, men i samband med yoga, kan stomiplasseringa ha noko å seie. Det bør bli vurdert av aktuelt helsepersonell saman med pasienten før operasjonen. Spesielle yogastillingar kan kanskje by på utfordringar for stomien med tanke på lekkasjar. Her kan stomi- og kontinenssjukepleiar vere behjelpeleg med å finne eigna stomiutstyr.

I buddhismen er det frivillig med pilegrimsreise til heilage stader, men mange vel å utføre det, sidan det gir betre karma. Å reise på pilegrimsferd, kan bety ekstra utfordringar for ein stomioperert med tanke på varmen og toalettforholda. Ileostomiopererte må ta spesielle forholdsreglar i varmen for å klare å halde oppe væske- og saltbalansen. Stomi- og kontinenssjukepleiar kan gi råd og tips. Det blir også anbefalt å snakke med den religiøse leiaren sin om dette.

Språk og kommunikasjon

Sjukehuset bestiller tolk etter behova og preferansane til den enkelte med tanke på kjønn og kultur  

Klesdrakt

Mange mannlege sikhar ber turban for å samle det lange håret som ein ikkje har lov å klippe. Ein har heller ikkje lov å klippe skjegget. Ein stomi og plasseringa til denne på magen, vil ikkje komme i konflikt med krava til klede i sikhismen.

Stomiplassering

Stomien kan plasserast etter vanlege kriterium hos ein sikh.

Kosthald/kostrestriksjonar/faste

Sikhane har ingen spesielle matforskrifter, bortsett frå at ein ikkje skal ete rituelt slakta kjøtt. Mange sikhar et likevel ikkje kjøtt, på grunn av læra om reinkarnasjon. Vegetarisk kosthald kan gi lausare avføring. Det er viktig å vere merksam på at belgfrukter og nøtter kan gi blokkeringar i tarmen når ein er stomioperert. Stomi- og kontinenssjukepleiar kan gi råd og tips.

Hygiene

At sikhar ikkje får klippe håret (ein av 4 tabu) kan ha noko å seie for stomipleia i form av at ein ikkje kan barbere bort håra rundt stomien. Følgene av dette kan bli at stomiplata festar dårlegare, og ein blir meir utsett for å få betennelse i hårsekkene. Det blir anbefalt at ein søker råd hos stomi- og kontinenssjukepleiar, for å få tilpassa best eigna stomibandasje. Problemstillinga bør ein også snakke med den religiøse leiaren sin om.

Utøving av bønn/gudsteneste

Sikhar bør vie tid til meditasjon og bønn minst tre gonger til dagen, morgon, middag og før ein legg seg. Bønna er ei form for meditasjon, eigentid. Sikhar skal meditere over det guddommelege namnet, og på denne måten konstant utvikle seg spirituelt. Sidan meditasjon og bønn i sikhismen ikkje fordrar nokon bestemt kroppsstilling, vil det å få laga til stomi, ikkje ha noko å seie for religionsutøvinga.

Spesielle omsyn

Som sikh har ein fleire levereglar, som skal hjelpe ein til å oppnå det religiøse målet sitt. Ein skal avstå frå alkohol og tobakk.

Det er 4 tabu i sikhismen:

  1. ikkje klippe håret
  2. ikkje ete halal-slakta kjøtt
  3. ikkje ha sex utanfor ekteskapet
  4. ikkje bruke tobakk eller andre rusmiddel

Dei fem K-ane (panjabi pañj kakke) er fem ting sikhar alltid har med eller på seg.

  • kesj (uklipt hår)
  • kara (stålarmband)
  • kangha (kam)
  • katjha (vide underbukser)
  • kirpan (sabel eller dolk)

Som innvigd sikh forpliktar ein seg til alltid å bere dei fem symbola. Her må det til dømes bli tatt spesielt omsyn om ein innvigd sikh må bli operert.

Språk og kommunikasjon

Sjukehuset bestiller tolk etter behova og preferansane til den enkelte med tanke på kjønn og kultur.

Det finst ulike retningar innanfor jødedommen, der ultraortodokse jødar er dei mest ytterleggåande konservative.

Klesdrakt

Hovudplagget kipa er ein kalott som blir brukt av jødiske gutar og menn i samband med bønn, religiøse studiar og måltid. Mange ortodokse, og alle ultraortodokse, bruker ei kipa heile dagen. Meir liberale jødiske kvinner har også begynt å bruke kipa. Jødiske menn og unge gutar bruker i tillegg tallit, eit bønnesjal, under spesielle bønner. Bønnesjalet har oftast striper i begge endar, og hjørna skal vere utstyrte med duskar (tzitzit). Bønnesjalet skal dekke hovudet og overkroppen.

Blant ortodokse gutar og menn er det vanleg å bere ein liten versjon av bønnesjalet, tallit katan, under kleda heile dagen, og nokon lèt duskane vere synlege utanpå kleda. Mange ortodokse jødiske kvinner har også begynt å bruke bønnesjal, men talliteren til kvinnene må vere ulik frå dei mennene bruker. Jødiske menn har bønnereimar av lêr (tefillin) festa til panna og venstre underarm under morgonbønna. Innanfor dei ikkje-ortodokse retningane i jødedommen er også kvinners bruk av bønnereimar nå vanleg.

Ultraortodokse jødar blir lett gjenkjente på grunn av dei spesielle kleda sine. Ein kan ikkje kle seg i fargar, berre svart og kvitt. Mennene har langt skjegg og sidelokkar langs kinnet, og kler seg i lange, svarte frakkar eller svart dress og hatt. Gifte ultraortodokse jødiske kvinner dekker håret med skaut, hatt eller parykk.

Ein stomi og plasseringa til denne på magen, vil ikkje komme i konflikt med krava til kleda i jødedommen.

Stomiplassering

Vanleg stomiplassering vil ikkje vere i konflikt med reglar for klede i jødedommen.

Kosthald/kostrestriksjonar/faste

Mange truande jødar et koscher, det vil seie at alt ein et er innordna dei jødiske etelovene. Kjøtt må vere frå dyr som tygg drøv og ikkje har klauver. Det er tillate å ete kjøtt frå storfe, sau, hjortedyr og geiter, og nesten alle fuglar. Det er ikkje tillate å ete svin og blod. Fisk med skjelett og finnar kan ein ete, men ikkje skaldyr og blautdyr. For at kjøtt skal bli koscher, må dyret bli avliva på ein spesiell måte av ein kvalifisert slaktar. I tillegg har koschermat eigne ingrediensar, eigne kokekar, servise og bestikk. Kjøtt og mjølk må ikkje bli laga saman, bli servert i same rett eller til same måltid.

For jødar kan det vere problematisk at stomiplatene inneheld gelatin som er eit derivat av svin, men det kan bli akseptert, sidan det er utanpå kroppen. Gelatin finn ein også i Loperamid kapslar som kan vere nødvendige å bruke for å redusere output frå ileostomi. Imodium tablettar eller mikstur kan vere eit alternativ.

Jødedommen har 25 timars faste ved Jom kippur. Å gjennomføre faste for ein person med ileostomi kan vere uheldig med tanke på å klare å halde oppe væske- og saltbalansen. Faste og matrestriksjonar i jødedommen er ikkje restriktive. Det blir anbefalt å snakke med den religiøse leiaren sin om dette.

Hygiene

Dei fleste jødiske forsamlingar har eit rituelt bad, mikve, knytt til synagogen, eller kyrkjelydshuset. I våre dagar blir dette hovudsakleg brukt av ortodokse kvinner i samband med reinsingsrituala etter menstruasjon og barnefødslar, og før inngåing av ekteskap. Kvinna skal bade heilt naken, men det blir gjort unntak for at stomiopererte kan ha stomiposen på. Stomiposen toler bading. I konservative jødiske forsamlingar blir ikkje desse rituala overhaldne i same grad. Ein reknar det ikkje nødvendig. Dei fleste rabbinarar krev likevel at både kvinner og menn må besøke eit mikve i samband med konvertering til jødedommen.

Spesielle omsyn

Jødedommen har også spesielle reglar for sabbaten, som skal vere kviledag. Ein skal ikkje tenne eld, pløye, hauste inn, bere ting frå stad til stad eller gå langt frå heimen. Ein skal heller ikkje køyre bil, reise, betene elektriske apparat, bruke musikkinstrument, gjere handarbeid, teikne eller skrive.

Det er ikkje alle jødar som praktiserer desse jødiske tradisjonane, men dei ortodokse jødane følger sabbatsreglene strengt. Ein kan ikkje bruke elektrisk straum og rennande vatn. Papir må ein ikkje rive i, inklusive toalettpapir, og det er forbode å bruke saks. For den stomiopererte er det da viktig å planlegge og vere førebudd. Stomiplata kan ein klippe til i forkant, dersom ein ikkje kan bruke ferdig hòla plate. Ein kan også på førehand fukte kompressar med vatn og oppbevare dei i ein tett boks eller plastpose. Alternativt kan ein nytte våtserviettar til reingjering. Da må ein forsikre seg om at desse ikkje inneheld olje, for det vil hindre stomiplata i å feste seg.

Utøving av bønn/gudsteneste

Ortodokse jødiske menn er forplikta til å be tre daglege bønner til fastsette tider, morgonbøna (shaharit), ettermiddagsbøna (minha) og kveldsbøna (ma′ariv). For kvinner er det ikkje noko krav til bøn. Ein kan be i heimen, der ein måtte vere, eller i synagogen. Det er ikkje krav om noka spesiell bønestilling som kan vere utfordrande med tanke på lekkasjeproblem på stomien.

Språk og kommunikasjon

Sjukehuset bestiller tolk etter behova og preferansane til den enkelte med tanke på kjønn og kultur.

Tolketeneste og dialogsenter

Dersom ein ikkje snakkar/forstår norsk, kan mykje bli forklart med bilde, teikningar og film i tillegg til bruk av informasjon via internett.

Å legge problemstillingane fram for helsepersonell og dei aktuelle religiøse leiarane, kan gjere at ein som stomioperert kan få betre livskvalitet og lettare kan forvalte og utøve trua si og religion på den beste måten.

I mange byar, som Stavanger og Bergen, finst det Kirkelig Dialogsenter. Dialogsenteret arbeider for å fremje dialog, toleranse og respekt. Her kan ein søke råd om kulturelle og religiøse spørsmål/forhold.

Felles for arbeidet ved dei kyrkjelege dialogsentera er:

  • namnet «Kirkelig Dialogsenter»
  • lokal tilknyting til sitt eige bispedømme i Den norske kyrkja
  • tilknytinga til Stiftelsen Areopagos
  • konkret arbeid for kyrkjelydar og lokalsamfunn for å gjere trus- og livssynsdialog og dialogisk praksis til ein integrert del av arbeidet
  • funksjonen som kompetanse- og nettverkssenter
  • verkstader for religionsteologi og dialogisk praksis
  • ei grunnleggande haldning for å møte menneske med anna tru eller livssyn med respekt og nysgjerrigheit
  • fagleg samarbeid

Kirkelig Dialogsenter Stavanger

Kirkelig Dialogsenter Bergen

Sist oppdatert 08.10.2024