Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Norsk forening for stomi, reservoar og mage- og tarmkreft

Norsk forening for stomi, reservoar og mage- og tarmkreft, er ein landsdekkande, frivillig organisasjon med rundt 5000 medlemmer fordelte på 22 distriktsavdelingar. Formålet er blant anna å vere ein arena der pasientar som står framfor / har hatt ein operasjon, kan få hjelp til å tilpasse seg ein ny kvardag.

Logo

Dette skjer gjennom ei utstrekt likepersonteneste. NORILCO har cirka 230 likepersonar, av begge kjønn, med ulik alder og ulike diagnosar. Alle har teieplikt. Likepersonane går vakter på sjukehus, dei er på Vardesenter, går på heimebesøk, er turleiarar og kafévertar.

Pasientane bør få tilbod om å snakke med ein likeperson frå NORILCO før operasjonen, gjerne via telefon, slik at dei veit kva dei går til etter ein operasjon. Helsepersonell bør tilby å formidle denne kontakten og understreke betydninga av å snakke med ein som har vore i same situasjon.

Likepersonane går vakter på sjukehus, dei er på Vardesenter, går på heimebesøk, er turleiarar og kafévertar.

I tillegg til likepersonarbeidet, er det ulike sentrale og lokale tilbod i NORILCO.

Først av alt vil vi nemne nettstaden NORILCO, der det er ei mengde nyttig informasjon om rettar og det politiske arbeidet NORILCO driv i samarbeid med andre.

Et barn med en tegning
Likepersonane går vakter på sjukehus, dei er på Vardesenter, går på heimebesøk, er turleiarar og kafévertar.
  • informasjon om ulike stomi- og reservoartypar
  • ulike produkt
  • mage- og tarmkreft
  • tips ved reiser
  • webinar om ulike tema
  • medlemsblad 4 gonger i året slik at ein kan vere oppdatert med utvikling og forsking på fagfeltet.

Vidare tilbyr NORILCO årlege familiesamlingar, eiga ungdomsgruppe med samlingar for medlemmer frå 15–35 år og samlingar for dei som er «midt i livet».

Distriktsavdelingane har i tillegg til turgrupper og kafétreff, medlemsmøte, dagsturar og helgeturar. Dette gir fine moglegheiter for både opererte og pårørande til å kunne møte kvarandre i ein trygg og god fellesskap, noko som kan gi auka livskvalitet for begge grupper.

Det er også mogleg å engasjere seg som brukarrepresentant, noko som gir god moglegheit for å påverke utviklinga av dei offentlege tenestene.

Sist oppdatert 08.10.2024