Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
To personer som ser på en skjerm

PROCARD

Trass i jamn nedgang i dødeligheit og betre behandlingsmetodar lever over 450 000 nordmenn med ein kronisk hjartesjukdom som har konsekvensar for både individ og samfunn. Pasientrapporterte data, og korleis pasientane erfarer å gjennomgå akutt og kritisk sjukdom, er eit viktig grunnlag for samval i behandlinga og har fått aukande aktualitet.

Bruk av pasientrapporterte data er i aukande grad inkludert i forskingsstudiar og blir kombinert med kliniske utkommemål. I forskinga til PROCARD er det pasienten sin stemme som løftast fram. Pasienterfaringar er derfor sentrale i forskinga. Målet er å fremje ei pasientsentrert pleie og behandling, kor pasienten aktivt kan delta i beslutningar om eiga helse. Dette er i tråd med politiske føringar relatert til brukarmedverknad i helsetenesta.

PROCARD er ei forskingsgruppe som vart formelt oppretta hausten 2009, og vert leia av professor Tone M. Norekvål.

Forskinga er knyttet til fylgjande hovedområder:

  1. Livskvalitet, eigenrapportert fysisk og psykisk helse, helsekompetanse, frailty (skrøpeligheit), søvn og delirium
  2. Pasientane si etterleving av livsstils- og behandlingsråd
  3. Tilfredsheit med bruk av, og samhandling mellom, helsetenestene
  4. Helsepersonells etterleving av lokale og internasjonale retningsliner

Vi undersøker korleis pasientane opplever behandling i både primær- og spesialisthelsetenesta, og årsakar til at behandlingsråd ikkje vert følgd. Fleirtalet av pasientar som vert diagnostisert med hjartesjukdom klarar ikkje å følge råda for å redusere alle dei kjente risikofaktorane ved hjartesjukdom. Vidare er det ein stor andel av pasientane som ikkje når behandlingsmål for fysisk aktivitet, røykeslutt, blodtrykksregulering eller kolesterolnivå. Årsakane til dette er mange og sammensette.

Vi nyttar både kvalitativ og kvantitativ metode, data fra nasjonale kvalitetsregistre og gjennomfører store nasjonale og internasjonale kohortstudier for å undersøke korleis pasientane erfarer å gjennomgå akutt og kritisk sjukdom, samt korleis dei lever med sin hjartesjukdom. Vi utfører òg kunnskapsoppsummeringar og validerer verktøy for innhenting av pasientrapporterte data. Dette dannar grunnlag for intervensjonsstudiar for å teste ut tiltak til bruk i pasientbehandlinga. Vidare arbeider vi for å betre ressursutnytting og samhandling, og evaluerer metodar for å redusere eit mogeleg gap mellom forsking og klinisk praksis. Ved å være tett på det kliniske fagfeltet sikrar vi at forskinga vår er rota i kliniske dagsaktuelle problemstillingar.

Årsmeldingar

Årsmelding 2017 (pdf)

Årsmelding 2016 (pdf)

Prosjekta i PROCARD

    Nyheiter frå PROCARD

      Sist oppdatert 05.09.2024