Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Kva meiner ungdom mellom 12 og 17 år om BUK?

Vi ønskjer å vite meir om korleis det er å komme til behandling ved Barne- og ungdomsklinikken (BUK). Derfor har vi laga ei spørjeundersøking.

Ungdom som smiler
Vi håpar at du svarar

Undersøkinga er anonym og svara kan ikkje bli spora tilbake til deg. Det vil seie at vi ikkje kan vite kven som har svart kva.

Neste gang du kjem til BUK kan det vere at du får eit ark av oss med ei QR-kode på.  Når du tar bilde av QR-koden med mobilen din, kjem du fram til spørjeskjemaet.

Vi kjem også til å gi spørjeskjema til foreldre, for å få vite meir om deira erfaringar med helsetilbodet.

Vi ønskjer at du som er ung gradvis skal bli meir involvert i behandlinga du får. Målet er at du skal føle deg trygg både på BUK og når du fyller 18 år og skal vidare til vaksen avdeling.

Svara du gir vil hjelpe oss å gjere helsetenestene til unge og unge vaksne  betre.


Helsing Barne - og ungdomsklinikken

Sist oppdatert 13.06.2024