Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Kunstterapi

Når vi ikkje er friske skal vi få lov til å ta i mot hjelp og vere passive. Men vi er aldri berre sjuke. Den terapeutiske kunsten freistar å nå inn til det vesle, store barnet som ber sjukdommen. Det er ikkje om å gjere å vere flink, det viktige er å gå på oppdagingsferd og gjerne gløyme tid og stad. Kunstterapeuten si rolle er å møte barnet der det er i sin situasjon og legge til rette slik at det friske får større plass.

På eit sjukehus er det mykje venting og ein veit lite om kva som skal hende. Når barna får uttrykke seg kreativt er håpet at dei midt i alt det usikre kan kjenne seg trygge ei stund, og at dei skal få gløyme sjukdommen litt.

Her kan du lese meir om korleis teikning kan hjelpe barna i ein ny kvardag 
Som ein leik kan barna starte på ei reise inn i ei verd av fargar, og her får dei lov til å bestemme heilt sjølve. Kan hende vil det dei lagar bli noko som liknar på noko, kan hende blir det ei fargestemning. Ingenting er rett eller feil. Det beste er om barnet sitt uttrykk får stå fritt, utan for mykje innblanding frå vaksne. Kunstterapeuten tar alltid utgangspunkt i det som utspelar seg på papiret, prøver å vere open og unngå forhasta slutningar. Så snart noko hender på papiret, er ein “samtale” i gang. Det er samtalen barnet har med seg sjølv ved hjelp av fargar og former. Det hender barnet sjølv vil sette ord på det som hender i prosessen, noko som er svært kontaktskapande.

barnetegning

Vi målar saman
Mariell si teikning til trappegangen på Marie Joys Hus
Medan vi teiknar seier Mariell:
- Først vil eg teikne ein klovn.’ Oi, legen er litt stor. Han må bøye seg.
- Kanskje han snakkar med nokon?
- Ja, eg skal teikne ein baby. Sånn!
- Du, kva heiter det når du er på sjukehus? Eg veit det, pasient! Eg skriv PASIENT


Om kunstterapeuten møter eit barn over tid, kan dei saman legge ut på ei reise der tankar og kjensler kan bearbeidast. Då er det fint at barnet sjølv kan skape alle dei fargar og former det treng for å uttrykke seg. Meir enn å gi svar, prøver kunstterapeuten å sjå til at “samtalen” barnet har starta ikkje stoppar opp. Kvar reise er unik fordi kvart barn er unikt. Målet er at reisa skal gje meir kraft.

Tilbodet om kunstterapi er både for pasientar og pårørande (foreldre/sysken) 

Det er ikkje behov for tilvising. Dersom pasienten ikkje kan forlate rommet, kan kunstterapeuten kome til han/henne.

Kunstterapeuten held til i Glasblokkene, Blokk 4, 3.etasje - rom 3435.
Ho arbeider mandager i Psykisk helsevern for barn og unge og tirsdag, onsdag og torsdagar på Barne - og ungdomsklinikken. 

Du kan ta kontakt med personale på post for å kome i kontakt med
kunstterapeuten, eller kontakte henne direkte:
E-post: irenkleiven@helse-bergen.no
Telefon: 55 50 92 36 / 41 70 15 28


Kunstterapitilbodet skal gagne alle barn- og unge i Barne og ungdomsklinikken og i Psykisk helsevern for barn- og unge .
Tilbodet blir opplevd som eit viktig bidrag til trivsel i barn- og unge
sin sjukehuskvardag. Tilbodet om kunstterapi inkluderer også pårørande til
innlagte barn- og unge ved sjukehuset. Kunstterapi føregår på pasientrom og
Kunstterapirommet, 3435, og i skulekjøkkenet 3. etasje Blokk 4.

 

Sist oppdatert 16.08.2024