Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Habiliteringstenesta for barn og unge (HABU)

Plutseleg vaksen

Eit gruppebasert kurs for føresette om overgangen frå barn/ungdom til vaksenliv og ei foreldrerolle i endring.

Passar for føresette som har ungdom som snart fyller 18 år, som har utviklingshemming og omfattande og samansette funksjonsnedsetjingar, med behov for oppfølging frå familie og hjelpeapparatet på vegen inn i vaksenlivet.

Både foreldrepar, enkeltståande foreldre eller andre føresette kan delta.

Det er eit to dagars kurs om overgangen frå barn/ungdom til vaksenliv og ei foreldrerolle i endring.

Me ønskjer å skapa ein arena kor føresette får informasjon og delar erfaringane sine med kvarandre.

Kurset er kostnadsfritt for barn og ungdom under 16 år. Frå 16 år kan det vera ein eigendel.

Eigenandelen inngår i oppteninga til frikort for helsetenestar og kurset vil vera kostnadsfritt med frikort. Sjå meir på Frikort (helsenorge.no).

Dette kurset er ein del av habiliteringsoppfølginga ved HABU. Pasientar med oppfølging ved HABU eller deira føresette kan ta kontakt på telefon eller e-post:

Telefon 55 97 83 35

E-post barnehab@helse-bergen.no (ikkje sensitive opplysningar)

 

Andre må tilvisast til kurs på HABU frå fastlegen, sjå her for meir informasjon: Tilvising

  
Tilbake til Kurs og grupper 

Kurskalender for HABU

Sist oppdatert 17.01.2025