Informasjon til barn
Emla-krem
Mange barn på sjukehus vil i ein lengre eller kortare periode trenge ei perifer venekanyle ofte kalla veneflon. Den blir brukt til å gi intravenøs væske, smertestillande eller andre medisinar.
Informasjon til foreldre
Når barn skal til dagkirurgi får dei gjerne lagt inn ein venflon rett før operasjonen startar. Da er dei gjerne litt trøytte av medisinar dei har fått i forkant av operasjonen, og hugsar nødvendigvis ikkje så mykje av hendinga. Det viktigaste for dei er kanskje å ha sett ein venflon på førehand, sidan dei gjerne har ein i handa når dei vaknar.
På sjukehuset blir emla-krem nytta både før ein tar blodprøvar og før ein legg inn venflon, for at det ikkje skal gjere vondt. Det er viktig å motivere barna til å ha emla-kremen på når det blir anbefalt av helsepersonell.
Bildeserie om emla-krem
Anette viser fram Emla-plaster som Angelica skal ha på hendene sine.
Anette fortel at emla-plasteret inneheld tryllekrem.
Angelica skal ha eit emla-plaster på kvar hand.
Emla-plasteret gjer slik at Angelica ikkje kjenner noko når ho skal få venflon i handa.
Emla-plasteret må ligge på hendene i over ein time for at det skal ha verknad.
Angelica passar på at emla-plasteret er godt festa på hendene.
Det går greitt å leike litt med plasteret på hendene.
Slik ser handa ut etter at emlaplasteret er tatt av og venflonen er festet med plaster.
Bildeserien er laga i samarbeid med Barnekirurgisk post.