Fagråd Syn
Fagråd Syn er eit samarbeidsorgan for dei aktørane som er del av tilbodet til personar med synsnedsetting i tidlegare Hordaland fylke.
Målsetting for Fagråd Syn
- Fagråd Syn skal arbeide for eit heilskapeleg og koordinert tilbod for personar med synsnedsetting, og for godt samarbeid og informasjonsflyt mellom dei ulike aktørane.
- Fagråd Syn skal arbeide for at informasjon om synsrelatert habilitering og rehabilitering er synleg og tilgjengeleg for personar med synsnedsetting og fagpersonar.
- Fagråd syn skal samarbeide om kompetanseutveksling mellom aktørane, og bidra til synsfagleg kompetanseheving for andre grupper.
Kontaktinformasjon
Mona Benedicte Nordvik
Epost: mona.benedicte.nordvik@helse-bergen.no
Telefon: 55 97 80 72
Aktører i fagrådet
Følgende aktører er representert i Fagråd Syn:
- Augeavdelinga, Haukeland universitetssjukehus
- Norges Blindeforbund, rehabiliteringsavdelingen Vestlandet
- Norges Blindeforbund, Hordaland fylkeslag
- Syns- og audiopedagogisk teneste Hordaland (SAPT)
- Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering
- Statped Vest
- Norges Optikerforbund
- NAV hjelpemiddelsentral, fagavdeling syn
- Voksenopplæringen Bergen kommune, fagavdeling syn
- Høgskolen på Vestlandet
- Øyelege, Avtalespesialist i Helse Vest
Sist oppdatert 30.10.2024