Demensforsking
Tildeling til utprøving av ny behandling mot Alzheimer
Nasjonalt program for klinisk behandlingsforskning i spesialisthelsetjenesta (KLINBEFORSK) vedtok nyleg å tildele 25 millionar kroner til ein dobbeltblinda utprøvingsstudie for ny behandling mot Alzheimer sjukdom som skal involvere pasientar med tidleg Alzheimer demens frå heile landet. Dette er ein studie hos demens-noden i Neuro-SysMed, med Kristoffer Haugarvoll som leiar for prosjektet.

Foto: Neuro-SysMed, Eivind Senneset.
I overkant av 100.000 personar lever med demens i Noreg i dag, og dette talet bli meir enn dobla fram mot 2050. Dette fordi høg alder er den viktigaste risikofaktoren for demens, og vi lever i snitt lengre enn før. Alzheimer sjukdom er den vanlegaste forma for demens (om lag 60% av tilfella). Alzheimer sjukdom er allereie den dyraste sjukdomen for norsk helsevesen, men om lag 80% av desse kostnadane er knytta til institusjonalisering i sjukeheimar. Belastinga for pasientar og pårørande knytta til Alzheimer sjukdom vil auke dramatisk i åra framover. Det finst i dag ingen kur for Alzheimer sjukdom. Utvikling av ny behandling mot sjukdomen er såleis kritisk for einskildmenneske og samfunnet.
Kan vitamin B3 verke mot demens?
Studien som nå kan gjenomførast er ein dobbeltblinda utprøvingsstudie som skal finne ut om ein høg dose av vitamin B3, i form av nikotinamid ribosid (vitamin B3/NR), påverkar sjukdomsutviklinga ved Alzheimer demens. Studiar tyder på at vitamin B3/NR har ein gunstig effekt på ei rekkje hjernefunksjonar og kan gjere hjerneceller meir motstandsdyktige.
300 deltakarar over heile landet
I denne studien skal studiedeltakarar med tidleg Alzheimer demens bli tilfeldig utvalde til å ta placebo (sukkerpille) eller ein høg dose med vitamin B3/NR. Studien vil gje svar på om inntak av vitamin B3/NR verkeleg har ein effekt mot Alzheimer demens. I studien vil det i tillegg til klinisk undersøkjing, også bli gjort blodprøvetaking og biletundersøkjingar for å studere effekten av (vitamin B3/NR). Studien varar i 2 år for kvar studiedeltakar med oppfølging undervegs. Om lag 300 pasientar med tidleg Alzheimer demens vil bli inkludert i studien.
– Dette er ei særs gledeleg tildeling, det betyr at me får sjansen til å prøve ut ei ny behandling for Alzheimer sjukdom i heile landet. Det er berre gjennom ei slik utprøving at vi kan vite sikkert om behandlinga har nytte for pasientar og pårørande, seier Kristoffer Haugarvoll som er leiar for prosjektet.
Vi ser fram til spennande resultat frå demensgruppa!