Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Logo for Neurosysmed og Forskningssenter for klinisk behandling
Testing for Parkinsons: ein sjukepleiar held opp peikefingeren og ber pasienten om å halde sin peikefinger opp stødig på same måte

Parkinsons sjukdom (PS)

Parkinsons og kliniske studiar

Parkinsons sjukdom (PS) rammar ca. 1–2 % av befolkinga over 65 år og forekomsten aukar dramatisk med alderen. Tilgjengelege behandlingar er reint symptomatiske og har ingen innverknad på sjukdomsprogresjonen. Dette inneber at pasientane må førebu seg på ei framtid med progressiv funksjonshemming, tidleg institusjonalisering og for tidleg død. Neuro-SysMed har fleire pågåande kliniske studiar på gong for å finne betre behandling av denne sjukdommen.

PS har ein øydeleggande global sosioøkonomisk innverknad. Berre i Europa påverkar Parkinsons sjukdom anslagsvis 1,2 millionar menneske, og sjukdommen medfører kostnadar på 14 milliardar euro per år. Demografiske studier viser at pasientantalet fortset å vekse og faktisk vil doble seg innan 2040. Dersom vi ikkje klarer å finne ei betydeleg løysing for å stanse eller forsinke sjukdomsutviklinga, blir PS ei stor utfordring for både helsevesenet og samfunnet.

Neuro-SysMed sitt arbeid med Parkinsons har følgjande mål:

  • Få meir kunnskap om PS slik at nye behandlingsmål kan utviklast
  • Ta tak i lidelsens enorme kliniske og biologiske heterogenitet og utvikle biomarkørar som gjer det mogleg å tilby skreddarsydd behandling til kvar enkelt pasient
  • Utvikle og teste ny behandling retta mot spesifikke molekylære løysingar

Pågåande kliniske studiar for PS i Bergen (side under arbeid)

Avslutta kliniske studiar for PS i Bergen (side under arbeid)

Sist oppdatert 30.10.2024