Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Logo for Neurosysmed og Forskningssenter for klinisk behandling

Neuro-SysMed – eit senter for klinisk behandling av og forsking på nevrologiske sjukdommar

Neuro-SysMed er eit Forskingssenter for klinisk behandling (FKB) i Norge som fokuserer på fire sjukdommar: multippel sklerose (MS), Parkinsons sjukdom (PS), amyotrofisk lateral sklerose (ALS) og demens.

In English
To forskarar som står på labben og arbeider.

Tildeling til utprøving av ny behandling mot Alzheimer

Nasjonalt program for klinisk behandlingsforskning i spesialisthelsetjenesta (KLINBEFORSK) vedtok nyleg å tildele 25 millionar kroner til ein dobbeltblinda utprøvingsstudie for ny behandling mot Alzheimer sjukdom som skal involvere pasientar med tidleg Alzheimer demens frå heile landet. Dette er ein studie hos demens-noden i Neuro-SysMed, med Kristoffer Haugarvoll som leiar for prosjektet.

Demenstildeling
Gruppebilete med ni personar i legefrakkar som står ute i ein allé med tre.

CCBIONEUR910, kurs i brukarmedverknad i medisinsk og helsefagleg forsking

Bli med på kurs i medisinsk og helsefagleg forsking 7.–9. mai 2025! Åpent for forskarar, studentar, brukarmedverkarar, tilretteleggarar for brukarmedverknad, og representantar frå pasientorganisasjonar.

Kurs i brukarmedverknad
Ei gruppe menneske i eit kurslokale

Neuro-SysMed sin forskarskule

Neuro-SysMed sin forskarskule for translasjonell nevrovitenskap tilbyr forskarutdanning for ph.d.- kandidatar frå og med hausten 2021. Målet med forskarskulen er å gje ph.d.- kandidatar grunnleggande innsikt i translasjonell nevrovitskap, og skal vere eit viktig supplement til den etablerte forskarutdanninga ved Klinisk institutt 1, Universitetet i Bergen (UiB).

Info om Neuro-SysMed sin forskarskule
Ein person som held ein presentasjon for eit publikum

Vel gjennomført årsmøte for 2024 på Solstrand

Neuro-SysMed var vertskap for sitt andre årsmøte – som er i form av ein fagkonferanse – den 30. september og 1. oktober 2024 på historiske Solstrand Hotell ved Os utanfor Bergen. (Artikkel på engelsk.)

Nyheitssak (engelsk) om årsmøtet
Talarane på symposiet, 15 personar, poserer med Bjørnafjorden i bakgrunnen.