Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
Eksteriør Region Nordhordland helsehus. Foto

Region Nordhordland helsehus, Knarvik

Helse Bergen har følgande avdelingar i Region Nordhordland Helsehus (RNH): Hudpoliklinikk, Dialyse, Barne og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP),  psykiatrisk behandlingstilbod for vaksne, Knarvik ambulansestasjon og Laboratorium for blodprøvetaking.

Laboratorium for blodprøvetaking Region Nordhordland, Knarvik er eit tilbod til pasientar som får poliklinisk behandling ved sjukehuset. I tillegg kan pasientar bli tilvist frå fastlege/spesialist som er totalkundar ved sjukehuset. Blodprøvetakinga krev ein rekvisisjon – elektronisk/papir.

Skal du til dialyse i Knarvik, finn du oss i Region Nordhordland Helsehus, 2. etasje, inngang B.

 

Kontakt

Poliklinikk for blodprøvetaking:

55971644
  • Måndag 07:45 - 14:45
  • Tysdag 07:45 - 14:45
  • Onsdag 07:45 - 14:45
  • Torsdag 07:45 - 14:45
  • Fredag 07:45 - 14:45
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT
I forbindelse med jul og nyttår vil det være stengt fra 24/12 tom 31/12

Hudpoliklinikk:

55970817

BUP Nordhordland:

56343300

Bjørgvin DPS poliklinikk:

56343250
Interiør inngangsparti Region Nordhordland Helsehus. Foto
Det nye Region Nordhordland helsehus ligg sentralt i Knarvik, og rommar helsetenester frå både kommune og sjukehus.

Slik finn du fram

Adresse

Kvassnesvegen 40
5914 Isdalstø
Hudpoliklinikk, Dialyse og Laboratorium for blodprøvetaking held til i 2. etasje. BUP Nordhordland er i 4. etasje, og Bjørgvin DPS poliklinikk er i 5. etasje. Vi gjer merksam på at Laboratorium for blodprøvetaking har eigne opningstider. Opningstider kan avvike ved ferie og høgtider.
Generelle åpningstider for Helsehuset
  • I dag STENGT
  • Måndag 08:00 - 15:00
  • Tysdag 08:00 - 15:00
  • Onsdag 08:00 - 15:00
  • Torsdag 08:00 - 15:00
  • Fredag 08:00 - 15:00
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

​Det er parkering for pasientar og besøkande i parkeringsanlegg under helsehuset. Her er det om lag 100 parkeringsplassar, der 70 av desse kan nyttast av pasientar og besøkande. Det er 3 timar gratis parkering (SesamSesam) for pasientar i parkeringskjellaren under helsehuset. Parkeringssystemet Sesam Sesam nyttar skiltgjenkjenningssystem der eit kamera les av bilskilta ved inn- og utkøyring.​