Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Brystdiagnostisk senter på Haukeland universitetssjukehus lokalisert på Haraldsplass

Brystdiagnostisk senter på Haukeland universitetssjukehus held til det nye sjukehusbygget på Haraldsplass Diakonale Sykehus.

Haraldsplass

Slik finn du fram

Adresse

Ulriksdal 8
Hovudinngangen til det nye sjukehusbygget på Haraldsplass ligg på bakkeplan, og er vendt mot Årstadveien. Innanfor hovudinngangen finn du resepsjonen, som du kan ta kontakt med for generelle spørsmål.

​Linjene 5, 6 og 16E passerer alle Haraldsplass Diakonale Sykehus. Det er haldeplassen «Statsarkivet» i Årstadveien som er nærmast sjukehuset, og det er gangbru frå busstoppet i Årstadveien bort til Haraldsplass.

​Kjem du med drosje eller med følgjeperson kan du bli køyrt heilt bort til det nye sjukehusbygget. Følg skilt til Hovudinngang. Ved hovudinngangen er det av- og påstigning og snuareal. Det er ingen parkeringsmoglegheit ved hovudinngangen.

​Haraldsplass har parkeringshus i fjellhall. Følg skilt til P-anlegg. Har du løyve for parkering på handikap-plass, er det eigne oppmerka plassar for «HC-parkering» i parkeringshuset.
Frå parkeringshuset er det gangtunnel til U2 i nybygget, der en kan ta heis til 5. etasje i nybygget.

Les meir på Haraldsplass sine sider

Praktisk informasjon

​Nærmaste apotek er i 1. etasje i Ulriksdal. Det er eit Apotek 1-utsal. Gratis parkering i 30 minutter. Begrenset antall plasser.

Finn Apotek 1 Ulriksdal på kartet (ekstern lenke).

Telefon: 55207240 
Telefaks: 55207241 
E-post: apotek1.ulriksdalen@apotek1.no

Besøk apotekets hjemmeside.​

​​​Pasienter og pårørende er hjertelig velkomne til å bruke kantinen i 7. etasje. Sykehuset har også Narvesen kiosk i plan U2 i nybygget, der du kan få kjøpt noe mat, i tillegg til vanlige kioskvarer, blomster og kort.

Les meir på Haraldsplass sine sider

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.