Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Kompetanseområde allergologi

Her finn du informasjon om kva tilbud som finns innan kompetanseområdet allergologi.

​Kompetanseområde i Allergologi

Det finst ikkje ei eiga spesialistutdanning for legar i Allergologi i Noreg, men det er etablert eit kompetanseområde som ferdige legespesialistar kan fordjupa seg i. 

Utdanninga inneheld 2 års teneste ved allergologisk poliklinikk, kurs i allergologi inkludert 2 grunnkurs som blir fast haldne i veke 10 (del 1) og veke 42 (del 2), og dessutan dokumentasjon med ei sjekkliste på oppnådd kompetanse for teoretiske og praktiske ferdigheiter kandidaten må tileigna seg. 

I løpet av utdanningsperioden skal legen tileigna seg kunnskap og ferdigheiter som er nødvendige for å utøva verksemd som spesialist med godkjend kompetanse i allergologi, og med ansvar for pasientar med mistenkte allergiske sjukdommar.

Dette ansvaret inneber å:

  • Forstå allergologiens etiologi og epidemiologi, inkludert grunnleggjande forståing av patofysiologiske mekanismar
  • Ha kunnskap om alle typar allergiske sjukdommar innan alle spesialitetar som deler kompetanseområdet
  • Førebyggja, greia ut, diagnostisera og behandla allergiske sjukdommar
  • Ha eit særleg ansvar for dei med moderat til alvorleg allergisk sjukdom, og pasientar med allergisk sjukdom i fleire organsystem
  • Gje opplæring og rettleiing til pasienten, og evt føresette
  • Undervisa og informera om allergologi til kollegaer, andre helsearbeidarar og allmenta
  • Gi råd og rettleiing om kliniske problemstillingar til kollegaer i og utanfor sjukehus
  • Delta i forsking og fagutvikling innan allergologi​

Meir om kompetanseområdet allergologi​


Sist oppdatert 20.08.2024