Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Innsyn i prøvesvar

Om det er tatt blodprøver, røntgen eller andre typar prøver av deg på sjukehuset, vil du etter kvart kunne sjå resultata når du loggar deg inn på Helsenorge.

Dine prøvesvar vil også kunne delast mellom helsepersonell som treng dei når dei behandlar deg. Dette er spesielt viktig om du skulle ha behov for øyeblikkeleg hjelp, til dømes på legevakta.

Du har rett til å avgrense deling av dine helseopplysningar om du ønskjer det. Les meir om korleis du kan gå fram på Helsenorge eller ring Veiledning Helsenorge på 23 32 70 00.

Digital deling av helseopplysningar innførast gradvis

Arbeidet med å dele helseopplysningar digitalt mellom behandlarar og mellom sjukehus skjer gradvis. Det vil difor kunne variere kva behandlarar som brukar delingstenestene, og det kan hende at nokre av dei du er i kontakt med ikkje brukar dei enno.

Sist oppdatert 31.03.2025