Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Kvinneklinikken i Glasblokkene

Gyne​kologi​sk avdeling sine lokaler 


Gynekologisk sengepost flyttar inn i 2. etasje i blokk 6. Sengeposten har plass til 22 pasientar og gir behandling til kvinner med ulike gynekologiske sjukdommar. Dei fleste pasientane vil få eige rom med tilhøyrande bad under opphaldet på sengeposten. 

Gynekologisk poliklinikk flyttar til flotte, store lokale i 4.etasje. Poliklinikken får gode undersøkings- og behandlingsrom.  


gyn pol dagbehandlong

Cytostatikabehandling til gynekologiske kreftpasientar får eige areal i den same etasjen. Behandlingsrommet er stort og lyst og har fantastisk utsikt over Bergen by.

Kvinner som skal til planlagt gynekologisk operasjon vil møte i U2, underetasjen der operasjonsstovene ligg. Her blir dei blir tekne imot, klargjort til operasjon, operert og overvaka. Dei blir deretter flytta  til sengeposten i 2. etasje. Pasientar til kirurgisk dagbehandling reiser heim frå same lokalet som dei blir tekne imot.  ​

​Fødeavd​elinga sine lokaler 

Postane består av kombinerte føde- og barselrom og familierom. Samanlikna med fødestovene på dagens Kvinneklinikk vil dei kombinerte føde- og barselromma i Glasblokkene gi betre rammer for den naturlege fødselen gjennom moderne fødebadekar og anna utstyr  som innbyr til bevegelse og alternative fødestillingar. 

Dei kombinerte føde- og barselromma er rom som er utforma og utstyrt slik at fleire fødekvinnene kan vere éin plass under heile sjukehusopphaldet utan å måtte flytte på seg slik dei må i dag. Mange vil også flytte til familierom når fødselen er over.  

fødebadekar

Samanlikna med fødestovene på dagens KK vil dei kombinerte føde- og barselromma i Glasblokkene gi betre rammer for den naturlege fødselen gjennom fødebadekar og utstyr som innbyr til bevegelse og aktive fødestillingar.

4. etasje – F​​​øde D Sto​rken 
Her vil friske kvinner med lågrisikosvangerskap og forventa lågrisikofødsel føde. Det er fødebadekar og plass til partnar på alle fødestovene. Familiane vil ha si barseltid på einerom, enten på same rom som fødselen eller på eit familierom, fortrinnsvis i same avdeling. 

Romma på Føde D Storken vert innreia for å legge til rette for den naturlege fødselen. Føde D Storken held på si lange erfaring med naturlege, jordmorstyrte fødslar og sin breie kompetanse på alternativ smertelindring og fødslar i vatn. 

I tillegg vil det vere tilgang på epidural også i denne etasjen. Dette gjer at ein slepp å flytte til ein annan fødepost dersom behovet for epidural oppstår.

  • T​​al på rom:  7 kombinerte føde- og barselrom (6 med badekar, 1 utan) og 7 familierom. 

3. etasje ​​– Føde C 

Føde C ivaretar ei mellomgruppe av fødande. Igangsetting av fødslar skjer her og på Føde A, og den fødande bli her til ho har fødd. Dei fleste kvinnene vil også ha si barseltid på denne avdelinga. Det er fødebadekar og plass til partnar på alle fødestovene. Familiane vil ha si barseltid på einerom, enten på same rom som fødselen eller på eit familierom på same avdeling. 

  • Tal på rom: 7 kombinerte føde- og barselrom og 8 familierom 
seng til partanr_foto

Partnar kan vere tilstade gjennom heile føde- og barselopphaldet. Dei aller fleste romma har eigen seng til partnar.

​​2. etasje og U2 – F​​øde B og Føde A (Føde A/B)
Føde A/B har ansvar for fødande med risikosvangerskap, inkludert observasjon før fødsel. Kvinner som skal ha tvillingar, premature under 34 veker eller fødslar der mor er alvorleg sjuk eller krev ekstra oppfølging høyrer i hovudsak til på denne eininga. Dersom du føder på Føde A vil barseltida i all hovudsak vere i 2. etasje, eventuelt på Nyføddavdelinga om barnet treng behandling der. 

  • Tal på  rom i 2. etasje: 7 kombinerte føde- og barselrom (6 med badekar, 1 utan) og 8 familierom
  • Tal på rom i U2: 5 fødestover og 3 sengerom (observasjon) der 2 av sengeromma har plass til 2 kvinner ved behov. 

Tal og fakta 

Samla disponerer Fødeavdelinga 54 plassar i Glasblokkene. Desse fordeler seg med 26 fødeplassar (merk at 21 av desse er kombinerte føde- og barselstover), 23 familierom til barsel og 5 sengeplassar til observasjon. Utover dei 54 plassane vil nokre mødrer bu saman med barnet på Nyføddavdelinga, og ved høg aktivitet er fleire sambruksrom og -plassar tilgjengelege i Glasblokkene.

Nyfødd intensiv

I Glasblokkene er det tilrettelagt for familiebasert omsorg også for dei svakaste. Mødre med barn på nyføddintensiv vil ha barseltida si der. Også her kan partnar være til stades 24 timar i døgnet. 

nyfødd inetsiv opphald

Ei opphaldssone for foreldra på nyfødd intensiv.



Sist oppdatert 04.08.2023