Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Kvifor har menneske med alvorlege psykiske lidingar 15-20 år kortare levetid og betydeleg lågare livskvalitet enn folk flest?

Dette vil det nye Mohn forskingssenter for psykoselidingar i Bergen finne ut av og gjere noko med. Med mål om betre behandling, går Trond Mohn Stiftelse og Helse Bergen inn med 58 millionar kroner til forskinga, der stiftelsen bidrar med 25 millionar kroner over fem år.

Publisert 01.12.2023
Sist oppdatert 04.09.2024

Psykoselidingar, som inkluderer schizofreni- og bipolare lidingar, rammar mellom 1-2 prosent av befolkninga, og minst 30 000 menneske lever til ei kvar tid med slike lidingar i Noreg i dag. Lidingane fører til ein betydeleg redusert livskvalitet og 15-20 år forkorta gjennomsnittleg levetid grunna både naturlege og unaturlege dødsårsaker. Dagens behandlingsmetodar har vist seg å vere utilstrekkelege for ei stor undergruppe av pasientane, noko som krev nytenking og forsking innan feltet.

(T.H) Erik Johnsen, klinikkoverlege ved Psykiatrisk klinikk, HUS ved Klinisk institutt 1, UiB og  professorane Vidar M. Steen (Klinisk institutt 2, UiB).

Fra høyre: Erik Johnsen, klinikkoverlege ved Psykiatrisk klinikk, HUS ved Klinisk institutt 1, UiB og  professorane Vidar M. Steen (Klinisk institutt 2, UiB).

 
-Alle snakkar om den dramatiske overdødelegheita ved psykoselidingar, men få gjer noko med den. Det er dette vi vil endre, seier Erik Johnsen, klinikkoverlege ved Psykiatrisk klinikk, HUS, og professor ved Klinisk institutt 1, UiB.

Han skal leie det nye senteret saman med professorane Vidar M. Steen (Klinisk institutt 2, UiB) og Ingrid Melle (Oslo universitetssjukehus (OUS). 

-Vi er takksame for det sjenerøse bidraget frå stiftelsen og er sikre på at dette vil kome pasientgruppa til gode, seier Johnsen.

Betra behandling for lengre og betre liv

Det nye senterets målsetjing er å redusere overdødelegheit og forbetre behandlingsresultata ved psykoselidingar gjennom å auke bruken av den beste kunnskapsbaserte behandlinga og intervensjonar som reduserer risiko for tidleg død. Forskingsmåla inkluderer forbetring av medikamentelle behandlingsmetodar og reduksjon av risikofaktorar for både fysiske lidingar og sjølvmord.
 
-Dette initiativet er ein viktig milepæl i kampen for betre behandling av psykiske lidingar og kan potensielt forlenge mange liv gjennom betre forståing og behandling av psykoselidingar, seier Anne Alnes Blindheim, leiar for Psykoseforsking med erfaringskompetanse (PEK).

Anne og Erik
Anne Alnes Blindheim, leiar for Psykoseforsking med erfaringskompetanse (PEK) og Erik Johnsen, klinikkoverlege ved Psykiatrisk klinikk.

Sterke forskingssamarbeid til beste for pasientane

Med ein allereie etablert ekspertise basert på eit vellykka ti-årleg forskingssamarbeid frå NORMENT Senter for framifrå forsking, har det nye senteret ein solid plattform for å oppnå sine mål. Godt samarbeid med Mohn Research Centre for Regenerative Medicine, UiB, OUS og vertsinstitusjonen Haukeland universitetssjukehus vil også vere avgjerande for senterets suksess
 
Forskingssenteret vil vere lokalisert på Psykiatrisk klinikk i Sandviken og ha oppstart 1. mars 2024. Senteret vil dra nytte av den samlokaliserte infrastrukturen ved Psykiatrisk klinikk (PK), Helse Bergen, for å fremje integrering av klinisk praksis og forsking. Brukarperspektivet er også solid forankra i senteret. 
Støttar samarbeid for framifrå forsking

Trond Mohn stiftelse har sidan starten i 2004 gjeve støtte til nær 200 forskingsprosjekt med til saman meir enn 1,6 milliardar kroner. Prosjekta er valde ut basert på universitetas og universitetssjukehusa sine eigne prioriteringar og internasjonal fagfellevurdering.

Ifølgje dagleg leiar Anne Marie Haga er dette ei satsing heilt i stiftelsens ånd: – Her adresserer vi ei viktig samfunnsutfordring gjennom samarbeid mellom framifrå fagmiljø i Bergen, Noreg og internasjonalt. Vi gratulerer og gler oss til å følgje utviklinga av det nye senteret. 

• Psykose er ein tilstand med endra verkelegheitsoppfatning, der hallusinasjonar og endra tenking er vanlege fenomen.

• Nokon kan få psykose etter inntak av rusmiddel eller etter store påkjenningar, medan andre kan utvikle ei langvarig psykoseliding som til dømes schizofreni.

• Mellom 1 til 2% av befolkninga blir ramma  av psykoseliding i løpet av livet, dei fleste i seine ungdomsår, og for dei fleste er lidinga livslang i form av gjentatte psykoseepisodar og betydeleg funksjonssvikt.

• Personar med psykoseliding har 15-20 år forkorta forventa levealder av så vel unaturlege (sjølvmord og ulykker) som naturlege årsaker (hjarte- og karliding, lungesjukdommar).

• Eksisterande behandling har utilfredsstilande effekt og alvorleg biverknadsprofil for ei betydeleg undergruppe. 

• Psykiatrisk klinikk i Sandviken tilbyr spesialisert vurdering, diagnostisering, behandling og rehabilitering for vaksne.

• Klinikken består av Psykiatrisk akuttmottak og avdelingar for spesialisert psykosebehandling, stemningslidingar, spiseforstyrrelser og psykosomatisk medisin.

• Klinikken mottar om lag 2400 innleggingar årleg, der nesten alle har behov for strakshjelp