Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Den viktige samtalen

Korleis veit me at alvorleg sjuke pasientar forstår behandlingsmoglegheitene som vert forklåra av lege? Og kan me sikra samval i slike avgjerdsprosessar? Det var utgangspunktet for denne implementeringsstudien frå Helse Bergen.

Tonje Pedersen
Publisert 31.05.2024
Sist oppdatert 19.06.2024
En lege ved en sykehusseng

Foto: Jan Inge Haga

Det kan vera vanskeleg for alvorleg sjuke pasientar å forstå det legen forklårar. Be pasienten om å gjenta, rår lungelege og forskar Margrethe Aase Schaufel, som har leidd samvalsprosjektet frå Helse Bergen.

Det handlar om samval når lungelege og forskar Margrethe Aase Schaufel set den viktige avgjerdssamtalen i fokus i studien "Implementeringsstudie om å forbetra avgjerdstaking og pasientforløp i behandlinga av avansert lungekreft.”

– Det er svært viktig at behandlinga er i tråd med ynska til pasienten. Dessverre sit mange pasientar igjen med at dei ikkje veit nok om helsetilstanden sin, når me trur at dei har forstått heile samtalen, seier Aase Schaufel, som har jobba med samvalsprosjektet i snart fem år.

Eit vanskeleg val

Sjølv om nye medikament vert tolererte betre av pasientar med avansert lungekreft, vil det ogso oppstå alvorlege og plagsame biverknader. I tillegg kan effekten av behandlinga vera avgrensa eller fråverande. I nokre tilfelle er legane usikre på om behandling vil verka og om det er verd risikoen det har for pasienten. Korleis skal dette formidlast til pasienten, korleis vert ein slik beskjed forstått og korleis kan legen og pasienten verta samde om vegen vidare?

– Samval skal vera det vanlege i kliniske avgjerder, men er det eigenleg mogleg? I praksis er det i alle fall kjempevanskeleg, seier Aase Schaufel.  

I denne studien prøver forskarane å utvikla og testa ulike former for avgjerdsstøtte for pasientar og legar som skal diskutera og verta samde om lungekreftbehandling ved avansert sjukdom. Studien legg spesielt vekt på betre samval og brukarmedverknad. Prosjektet starta i 2019 og er leidd av Lungeavdelingen ved Haukeland universitetssjukehus. Med på laget er bidragsytarar frå både Helse Stavanger, Helse Fonna og Helse Førde.  

For mykje informasjon

Lungelege og forsker Margrethe Aase Schaufel i gangen

Foto: Jan Inge Haga

Lungelege og forskar Margrethe Aase Schaufel har jobba med implementeringsstudien i snart fem år. Funna etter intervju med legar og pasientar har vore nyttige for å utvikla gode verktøy til samval i avgjerdssituasjonar.  

I prosjektet har forskarane teke ljodopptak av avgjerdssamtalar om behandling, og dessutan intervjua pasientar, pårørande, legar og sjukepleiarar. Pasientane vart mellom anna spurde om korleis dei opplevde informasjon i samtalen, og legen fekk spørsmål om kva utfordringar dei erfarte i desse situasjonane.

– Då me analyserte samtalane, fann me mellom anna at pasientane fekk mykje informasjon om anatomi. For mange er det ikkje desse detaljane dei treng, men å snakka om moglegheiter på ein enklare måte. Nokon har ogso behov for å snakka om døden. Som lege kjenner eg meg igjen i dette. Viss samtalen vert for tøff, kan det vera lettare å snakka om CT-bilete enn det vonde og vanskelege.  

Opplevinga til pasientane av samtalane var ulike. Nokon kjende seg pressa til å avslutta behandlinga, fordi legane meinte det var nyttelaust. Andre visste ikkje at dei kunne avslutta behandlinga når dei ikkje orka lenger. Og andre opplevde at samtalen vart for komplisert til å forstå det legen forklåra.

– Me ser at me framleis har ein veg å gå. Vanskelege framandord kan gjera at pasienten ikkje heng med. Ogso legane fortel at det kan vera ei stor utfordring å sikra samval, spesielt når situasjonen er uviss. Dei ynskjer betre støtte ved slike samtalar og ein skrøpelighetsvurdering i forkant. Ved å gjennomføra ein skrøpelighetsvurdering kan me lettare vita kva pasienten vil tola av behandling vidare.

Eit eigna verktøy

Basert på forskingsresultata er det utvikla ei skreddarsydd løysing som skal trena helsepersonell i å kommunisera betre om livsforlengjande behandling til pasientar med uhelbredeleg lungekreft. Løysinga inneheld både kommunikasjonstrening og skrøpelighetsvurdering, slik at legane i endå større grad kan skreddarsy behandlinga basert på behovet til pasienten. Målet er ogso å unngå unyttig og skadeleg behandling av pasientar med avansert lungekreft.

– Det er enormt mykje som skal formidlast på kort tid. Samtalane må stundom delast opp, gjerne saman med sjukepleiarar som er tettare på pasientane. Det er ogso viktig å be pasienten om å gjenta det me har sagt. Då kan me lettare vita om dei har forstått.

– Me ser at kommunikasjonstrening er berekraftig og vert verdsette av travle klinikarar. I tillegg kan skrøpelighetstesting vera eit godt verktøy for å kunna gi meir presise råd til pasientane. Slike testar gir betre svar på kva pasientane vil tola av behandling vidare, seier Aase Schaufel.
 

FAKTA:

  • Ein implementeringsstudie om samval, leidd av Margrethe Aase Schaufel ved Lungeavdelinga i Helse Bergen.  
  • Forskinga er eit samarbeidsprosjekt mellom Helse Bergen, Helse Stavanger, Helse Fonna og Helse Førde.
  • Prosjektperiode: 2019-2024 
  • Studien er finansiert av Helse Vest, Stiftelsen Damm og Nasjonalt Forskningssenter for Klinisk Kreftbehandling
  • Nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar: Universitetet i Oslo, Bergen kommune, Sjukehuset Innlandet, Universitet i Bergen og Oslo universitetssjukehus, Samvalgssenteret ved Universitetssjukehuset Nord-Noreg, St.Olavs sjukehus og NTNU, Cardiff University i England og National Cancer Institute i USA 

REFERANSE:
Orstad S, Fløtten Ø, Madebo 
T, Gulbrandsen P, Strand R, 
Lindemark F, Fluge S, Tilseth RH, 
Schaufel MA. “The challenge is the 
complexity” - A qualitative study 
about decision-making in advanced 
lung cancer treatment. Lung 
Cancer. 2023 Sep;183:107312. doi: 
10.1016/j.lungcan.2023.107312. Epub 
2023 Jul 20