Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Utvekslingsmoglegheiter

Haukeland Universitetssjukehus (HUS) samarbeider med faste partnarsjukehus i Sør der tilsette frå HUS kan hospitere i ein kortare eller lengre periode.

Avdeling for Internasjonalt samarbeid (AIS) koordinerer det internasjonale samarbeidet på HUS og om lag 30 avdelingar og einingar er involvert. Mellom 10-20 tilsette er til ein kvar tid på hospitering på eit av partnarsjukehusa våre ute i verda. AIS er administrativt ansvarleg for prosjekta mens dei kliniske avdelingane har det faglege ansvaret.

Dei involverte avdelingane har spissa fokuset sitt slik at dei kun har prosjekt ved eitt av partnarsjukehusa. For å kunne delta i prosjekta må du vere tilsett ved HUS og innsatsen/utvekslinga må vere knytt til dei eksisterande prosjekta ved våre faste samarbeidssjukehus.

Kven kan hospitere på HUS sine samarbeidsinstitusjonar i Sør?

  • Sjukepleiarar og legar i spesialisering kan hospitere ved eit av samarbeidssjukehusa våre som ein del av spesialiseringen si
  • Overlegar kan bruke OL-permisjonen til å hospitere ute
  • Fysioterapeutar, teknikarar, sjukepleiarar og legar som arbeidar på HUS
  • Internt utlyste stillingar i Norec-prosjekta (utlyses kvar vår)


For spørsmål om utvekslingsmoglegheiter kan du ta kontakt enten med din avdelingsleiar, AIS eller kontaktpersonen i prosjektet du er interessert i. 

​HUS sine samarbeidsinstitusjonar

Institusjonar

Kamuzu Central Hospital (KCH) / Lilongwe Institute of Orthopaedics and Neurosurgery (LION)

Eksteriør sykehusbygg i Malawi. Foto

Arkitekttegning av nytt traumesjukehus for ortopedi og nevrokirurgi på sykehusområde. Bygg og parkeringsplasser.

Aktivitet og program

Kompetansebygging innan ortopedi, nevrokirurgi, generell kirurgi, anestesi, radiologi, laboratorietenester og medisinsk etikk.

Norec utvekslingsprogram innan fysioterapi, ergoterapi og ortopedisk sjukepleie. Tre stillingar lysast ut internt på HUS kvar vår.

LION blir det nye traumesjukehuset for ortopedi og nevrokirurgi på KCH campus og opnast våren 2023.

Institusjonar

Mnazi Mmoja Hospital (MMH) / Kidongo Chekundu Mental Hospital (KCH)

Eksteriør sykehusbygg Mnazi Mmoja Hospital i Zanzibar, parkeringsplass med tre, biler og folk. Foto

Eksteriør sykehusbygg Kidongo Chekundu Mental Hospital, hvitt bygg, inngangsparti, brostein. Foto

Aktivitet og program

Kompetansebygging innan indremedisin / infeksjonssjukdomar, pediatri, psykiatri, Obstertikk og gynekologi, kardiologi / hjartesjukdomar, administrasjon, økonomi, medisinsk etikk og prioriteringar. 

Norec utvekslingsprogram innan indremedisin, pediatri og psykiatri. Tre stillingar lysast ut internt på HUS kvar vår.

Institusjon

Dr. George Mukhari Academic Hospital (DGMAH), Pretoria

Foto. Innkøyrsel til sjukehusområde, svært navneskilt, forbodsskilt mot våpen og gåande, bilar.

Aktivitet og program

Volumtrening for HUS-tilsette frå Mottaksklinikken og Traumesenteret innan akuttmedisin og traumatologi.

Norec utvekslingsprogram innan traumatologi og akuttmedisin. To stillingar lysast ut internt på HUS kvar vår.

Institusjon

Black Lion Hospital (BLH), Addis Abeba, Etiopia

Foto. Eksteriør sykehusbygg, palmer og andre trær, parkerte bilar utanfor.

Aktivitet og program

Kompetansebygging innan hjartekirurgi og kardiologi og innan prioritering og medisinsk etikk.

Institusjon

Christian Medical College (CMC), Vellore

Foto. Eksteriør blått sjukehusbygg, palmar og andre tre utanfor.

Aktivitet og program

Årleg kurs for legar i tropiske sjukdomar.​​​

Sist oppdatert 29.08.2023