Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Lærlingar i helsearbeidarfaget

​​
 

Vi har helsefaglærlingar i dei fleste somatiske avdelingar i sjukehuset, både i Bergen og på Voss. I læretida skal teoretisk kunnskap og praktiske ferdigheter i størst mogleg grad skje knytt til praktiske oppgåver i pasientarbeid. Du får tildelt kompetanseplan du arbeider med i læretida for å oppfylle krava i nasjonal læreplan.  

For å vera aktuell som søkjar, må du ha følgjande utdanning:
Vg1 Helse- og oppvekst
Vg2 Helsefagarbeider

Det er to måtar å søkje læreplass i sjukehuset, enten søkje direkte til Helse Bergen ved utlysing av stillingar eller om tilsetjing i ein kommune som ein del av ein samarbeidsavtale med Helse Bergen. Dei som blir tilsett direkte, får Helse Bergen som arbeidsgjevar. Dersom tilsetjinga blir i kommunen kan du få 4 månader av læretida i sjukehuset.

Du må søkje på stilling som lærling når vi lyser ut i løpet av første kvartal.

Du går gjennom ordinær tilsetjingsprosess med søknad via Webcruiter. Dei som er aktuelle blir kalla inn til intervju. I eit ev. intervju blir det gjennomgang av karakterar, fråvær og referansar. Vi ønskjer to referansar, ein frå arbeids/praksiserfaring, og ein praksis/faglærar. Dei som får tilbod om læreplass vert midlertidig tilsett som lærling i Helse Bergen og kan ha læretid både i Bergen og på Voss sjukehus.

Du skal arbeide ved fleire avdelingar i løpet av læretida for å få kompetanse og forståing av sjukehuset som arbeidsplass og dei tenestene vi tilbyr pasientane. I løpet av siste året som lærling vil dei fleste ha 4 månader av læretida i ein av kommunane vi har samarbeidsavtale med.


Når du startar i Helse Bergen får du tildelt ein kompetanseplan du skal arbeide med for å oppfylle krava i nasjonal læreplan.

Helse Bergen har samarbeidsavtale med fleire kommunar om gjennomføring av deler av læretida i Helse Bergen.

Lærlingansvarleg i kommunen melder inn aktuelle lærlingar 15. mars kvart år. Lærlingkoordinator i Helse Bergen tildeler plassar for det neste året.

For å få tilgang til dei ulike dataverktøya i sjukehuset må du registrere deg i Webcruiter i forkant av læretida i sjukehuset. Du får tilsendt link til registrering på e-post.

Første del av læretida di skal du ha i kommunehelsetenesta og opparbeida erfaring i grunnleggjande sjukepleie, før du kan få tilbod om 4 månader læretid i sjukehuset. Den opplæringsdokumentasjonen du brukar i kommunen skal du og bruke i sjukehuset.

Samarbeidsavtale om opplæring av helsefaglærlingar (PDF)

Samarbeidsavtale om opplæring av helsefaglærlingar

Som lærling arbeider du i hovudsak to eller tre-delt turnus med dag, sein og nattevakter, samt 3. kvar helg. Du må rekne med å arbeide heilagdagar.Ved dei fleste avdelingar startar dagvaktene kl. 07.00, seinvakter i tidsrommet mellom kl. 14.00-15.00 og nattevakter ca. kl. 21.30.



 

Lærlingkoordinator
Merete Hefte
E-post: helsefagarbeider@helse-bergen.no

Haukeland sjukehus har ikkje tilbod om praksisplassar til elevar på vg1 helse og oppvekstfag i sengepostane.

Det er svært få praksisplassar til elevar på vg2 helsefagarbeidar. Sjå meir info.

 

 

Relevant informasjon:

Sist oppdatert 06.09.2024