Haukeland universitetssjukehus vedtok i 2023 ein ny delplan for forsking og innovasjon. I 2024 blei det strategiske forskingsprogrammet oppdatert for å støtte opp under delplanen, inkludert eit nytt verkemiddel for innovasjon: såkornsmidlar for forskingsbasert innovasjon. Målet er å byggje ein kultur for innovasjon og fange opp og vidareutvikle forskingsbaserte innovasjonsidear frå sjukehuset.
Målsetjing:
- Gi tidlegfase-finansiering til idear som ikkje kvalifiserer for støtte frå andre kjelder.
- Auke talet på idear frå heile føretaket.
- Gi profesjonell rådgiving og støtte til idear frå føretaket.
Programskildring:
Utlysing og tildeling: Midlane blir lyst ut i april 2025, med tildeling i mai. Målet er å støtte om lag 8 prosjekt innanfor ramma i 2025.
Støttenivå:Prosjekta i piloten vil få støtte mellom 100 000 og 250 000 kroner, med ei totalramme på om lag 1,5 millionar kroner.
Prosjektperiode:Prosjektperioden er på seks månader, med krav om midtveisrapport og sluttrapport ved avslutning.
Profesjonell rådgiving:Alle prosjekt med kommersielt potensial får profesjonell rådgiving frå VIS, inntil 5 timar.