Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Søknad om eBehandling

Direkte kontakt utan tilvising​
Du som bur i Bergensområdet kan ta direkte kontakt med eBehandling, utan tilvising. Dette gjer du ved å logge deg inn på Helsenorge og sende ein søknad til oss (følg lenke under).
MERK: Solli DPS har eige eBehandlingstilbud for panikkliding, sosial angst og depresjon (ikke minADHD). Bur du i kommunane Bjørnafjorden, Samnanger, Austevoll eller Fana bydel i Bergen, må du be fastlegen din om tilvising til Solli DPS.

​Tilbodet om å ta direkte kontakt med eBehandling for panikkliding, sosial angst og depresjon finst også ved Helse Fonna, Helse Førde, Helse Stavanger og Nidaros DPS. For meir informasjon om rutinane for dette ved din lokale klinikk:

Er du allereie i behandling i poliklinikk ved ditt lokale DPS, ynskjer vi at du drøftar tilvising til eBehandling med din behandlar.

Er du ikkje i ei pågåande behandling for psykiske vanskar kan du også ta kontakt med fastlegen din og be om tilvising til oss. Andre legar eller psykologar kan også tilvise til eBehandling.​

Før du søker om eBehandling anbefalar vi deg å lese første kapittel i behandlingsprogramma. Desse er gratis og tilgjengeleg for alle. Du finn dei på siden Behandlingsprogramma.

Behandlingsprogramma våre for panikklidling, sosial angst og depresjon har 8 kapittel. Behandlingsprogrammet for ADHD har 7 kapittel.

Sist oppdatert 24.02.2025